Strilen / Kultur / «Opprørar» som har stemt både SV og KrF
Brukernavn 
Passord 
 
«Opprørar» som har stemt både SV og KrF

«Opprørar» som har stemt både SV og KrF

Del | |

Han har stemt på dei fleste parti utanom Ap. At han kom inn i kommunestyret, var han ikkje førebudd på.

Publisert 12.06.09 17:56
Endret 12.06.09 17:56

– Nei, det kom brått på at eg kom inn frå ein 11. plass på Frp-lista. Eg var ikkje førebudd i det heile! seier Gudmund Husdal.

Han vert blant anna minna om at Strilen bad han stilla til fotografering, for å få galleriet med nye folkevalde komplett etter valet for to år sidan.

– Har du angra på at du sa ja til å stå på lista?

– Nei, eg er interessert i politikk, seier den stødige 37−åringen.

– Om eg tek ein ny periode? Det vil eg ikkje svara på no.

Sans for Høyland
Praten finn stad ved hagebordet på uteplassen til Husdal på Leiknes, i kveldssol og med fortreffeleg utsyn over Osterfjorden.

Frå ein CD-spelar i bakgrunnen er det vanskeleg å ikkje kjenna att den særprega røysta til Arne Høyland.

– Eg held han på topp av dei lokale artistane. Etter ein legendarisk konsert i ungdomshuset på Hjelmås kjøpte eg alle fem CD-ane hans.

– Kvifor?
– Eg likar både stemma og tekstane, seier Husdal på brei dialekt. Eit godt glis kjem fram med jamne mellomrom i Høyland sine vers.

Av andre lokale artistar står Ivar Medaas også høgt på Frp-politikaren si liste.

På scena sjølv
Når det gjeld si eiga karriere som artist, vil ikkje Gudmund Husdal ut med om han kan opplevast i fleire Hjelmås-revyar.

Men han nektar ikkje for at det var ein grei attest å lesa at «Gudmund stal showet» i Strilen tysdag 4. november i fjor. Der var debutanten tildelt både hovudbilete og heiderleg omtale.

«Det var nok å le seg skakk av på Hjelmåsrevyen, blant anna den nye stjerna Gudmund Husdal» heiter det i ei tilvising på framsida. Rapporten fortel at han, som nyheitsopplesar i By- og bygdanytt, fekk applaus før han hadde kome seg heilt inn på scena.

Husdal nektar ikkje for at han har ei viss skrivekløe og likar tekstar som er til å le av.

Mot bompengar!
Skrivekløa var truleg sterkt medverkande til at Gudmund Husdal er ein av Lindås Frp sine ni folkevalde.

– Det er ikkje usannsynleg at innlegg i lokalpressa vart lagt merke til i partiet og blant veljarane, tippar han sjølv. Fleire av innlegga Husdal skreiv, var kontant mot bompengar, ei hjartesak for Frp i Lindås.

– Det starta for alvor den dagen John Bauge i Radøy Høgre gjekk ut og sa at bompengar måtte halda fram slik at folk ikkje vart avvente! seier Husdal med eit umiskjenneleg snev av irritasjon i stemmen.

Han vert atskilleg muntrare til sinns når Strilen undrar kor mykje han har spart dei åra som har gått utan bompengar.
– Det er vel fire år? Då har eg spart 60.000 kroner.

– Har du klart å spara dei?
Husdal ler litt og kan opplysa at nokre tusenlappar gjekk til Ragnvald Eknes sin bilverkstad like i nærleiken:

– Han ville ha meir bompengar. I ein oppheta diskusjon kom eg i skade for å lova at dersom det vart slutt på bompengane, skulle eg få råd til å ha bilen min inn på verkstad hjå han. Det måtte eg jo halda!    

Husdal melde seg inn i Frp under eit festleg lag på Hjelmås for fem-seks år sidan.
– Det var Svanaug Sandvik, dåverande formann i Lindås, som klarte å verva meg, får Strilen vita.

Litt opprørar
Når samtalen kjem inn på politikk, er Husdal ærleg og engasjert:

– Eg har vel stemt på dei fleste parti utanom Ap. Det året Jagland gjekk av, stemte eg på KrF. Då kom det faktisk pol i Knarvik! Så eg må ha gjort eit godt val, humrar Husdal.

Han vaks opp i ein heim der politikk og målsak ofte vart diskutert.

– Eg trur mor mi Marta tipsa meg om å stemma Venstre. Men då er det vel ofte slik at det rådet følgjer ikkje ungane! Ho kom seinare inn i kommunestyret for SV. Eg diskuterer mykje politikk med ho enno, og me er forbausande samde om mange ting, seier sonen.

«Protestant»
Den noverande Frp-politikaren vedgår at han ofte har brukt stemmeseddelen sin til å protestera mot dei sitjande makthavarane.

Sosialistisk Venstreparti fekk stemma hans då han røysta for første gong som 18-åring.
Men han har opp gjennom åra ikkje vore nøgd med den politikken som har vorte ført på Stortinget.

– Kva har du vore misnøgd med?
– Eg skal vel vedgå at protestvala mine mest har vore uttrykk for forvirring meir enn bevisste val. Men dei siste åra har det spissa seg til mest på avgiftspolitikk, samferdsel og eldrepolitikken.

Ein av grunnane til at han no har hamna i Frp, er at andre ofte rakkar ned på partiet sin politikk.

– Uansett kva Frp har føreslått, har andre politikarar berre blåst av det, men dei fører sjølv ein politikk som folk blåste av for 20 år sidan.

– Kven synest du er den dyktigaste politikaren av Carl I. Hagen og Siv Jensen?
– Då må svaret verta Hagen.

– Vert Siv Jensen statsminister?
– Eg er litt usikker på om ho vert det no i haust. Sjansane er kanskje større om fire år.

Roleg på kammerset
Etter halvgått løp som folkevald i Lindås, føler Husdal at Frp har gjort det bra. Det er konklusjonen på oppsummeringar partiet har med jamne mellomrom.
– Men det var jo litt rart at me hamna i fleirtalsposisjon.

– …og må vera meir ansvarlege?
– Ja, ha ha! Men me har klart å stå saman med KrF og Høgre, sjølv om det har vore utfordringar. Avtalen som vart inngått, vert henta fram av og til.

– Men nokre tak på kammerset har det vel vore?
– Eigentleg mindre enn eg hadde trudd.

– Kva vil du trekkja fram som ei viktig enkeltsak?
– Me er i gang med å få fart på skulane.

– Det sitjande kommunestyret er vel gunstig stillte med den økonomiske styrkinga kommunen har fått?
– Me kunne gjerne hatt meir å rutta med!

– Og kva ville du brukt meir på?
– Ja, det var det då! Ikkje fleire fotballbaner. Dei må Lindås ha nok av. Gjerne fleire hallar for innandørsaktivitetar, til dømes fleirbrukshall for Hjelmås-bygda! konkluderer Husdal etter ein liten tenkjepause.

– Og tilretteleggja fleire næringsareal, kjem det litt etter.

– Til dømes då Frank Mohn vurderte å flata ut ein fin holme, skulle Lindås hatt areal å tilby, synest Husdal.

Hus og sykkel
– Fotballinteressert? Nei, ikkje det spor no lenger.

Husdal kan likevel ikkje fornekta at han i yngre utgåve var ein støttespelar på fleire lokale lag som motstandaren hadde vanskar med å skubba unna.

– Eg var nokså stor for alderen og har vore med å verta seriemeister både for Seim og Eikanger sine smågute- og gutelag. Etter det eg minnest, var eg også med å spela Seim ned i 8. divisjon i 17-årsalderen! gliser Husdal.

No tek motorsykkelen ein del av fritida, ein 1350−kubikkar, som står attmed kona sin litt mindre sykkel i ein garasje med spottar i taket.
Som mange andre MC-frelste har Gudmund køyrd Route 66 i USA.

– Eg har óg køyrd Noreg på langs frå Kirkenes. Me likar å reisa, og neste tur vert med båt i Russland.

Journalist, kanskje?
– Fritidssyslar? Hus og hage stel mykje av fritida. Eg skal feira den dagen eg klarer å mala alle fire sidene på huset same året!
Husdal viser eit konkret døme på at han ikkje har grøne fingrar:

– Her er det eg kallar for sansehagen. På nedsida av eit tregjerdet får det huseigaren trur må vera skvalderkål rå grunnen og gjera skåninga både grøn og frodig.
Men desto meir stell har Husdal på ein delvis innmurt uteplass.

– Her har eg kontroll, og der kjem «Hjelmås­bygda Minibadeland», får Strilen vita. Eit røyr med solid diameter er starten på det som skal verta eit utebasseng.

Då kjem det bra med at Husdal er utdanna røyrleggjar, dei siste åra med Rolls Royce på Hordvikneset som arbeidsgjevar.

– Om du skulle vore noko anna enn røyrleggjar, kva skulle det vore?
– Då ville eg ha spandert på meg nokre fleire år på skule − og kanskje vorte journalist!


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler