Strilen / Kultur / Bluesar opp jazz-helga
Brukernavn 
Passord 
 
Bluesar opp jazz-helga

Bluesar opp jazz-helga

Tre bluesband i eit sirkustelt skal underhalda strilane midt i Strilajazzen. Knarvik Bluesfest vert etablert.

Publisert 27.08.10 17:52
Endret 27.08.10 17:52

Lokale Purple Heep går frå Purple til Blue og Osterøy-bandet Ladyshave Experience serverer mellom anna coverlåtar frå Linjen Bluesband når Knarvik får sin eigen blues­fest 18. september. For ordens skuld, dette er same helga som Strilajazzen.

Strila­jazzen har dei siste åra vore eit arrangement som går føre seg på dagtid i Knarvik Senter. No vert det også musikk like utanfor senteret til kvelden, nærare bestemt i eit sirkustelt bak Kiwi.

– Eg ønskjer bluesen velkommen, seier senterleiar Åge Torsvik.

Heidra Strilajazzen
Det er bluesbrørne Øystein Blom, Trond Korneliussen og Bjørn Rossland som har tromma saman til bluesfest i Knarvik. For om lag ein månad sidan bestemte dei tre seg for å gjera alvor av planane om ein blueskveld i Knarvik, og Knarvik Bluesfest vart fødd.

– Me ønska å heidra tradisjonen som Strilajazzen etablerte ved å dra nasjonale og lokale kvalitetsband til ei lokal scene, seier Øystein Blom, som vert leiar for manesjen i teltet denne blueskvelden.

I tillegg til dei nemnde banda, står det berre detaljar att før dei også kan skilta med eit internasjonalt bandnamn i manesjen, fortel dei.

Velvilje
Blom, Korneliussen og Rossland har altså leigd eit sirkustelt som skal husa blues midt i betongjungelen ved Knarvik senter. Men det er ikkje berre lokale som må vera på plass, i tillegg til musikken sjølvsagt. Ein må også ordna med løyve, HMS og gjera ei risikoanalyse av prosjektet.

– Me har ridd på ei bølgje av velvilje, så jobben har vore lett, seier Bjørn Rossland, som har hatt mykje ansvar i planlegginga.

– Spesielt frå tenestemenn- og kvinner i det offentlege har me vorte hjelpt med korleis å møta regelverket på rett vis, legg Rossland til.

Draghjelp
Arrangørane seier dei har fått god draghjelp frå det lokale musikkmiljøet. Dei opplever at fleire enn dei sjølve saknar ei heilaftans konsertoppleving midt i Knarvik. Draghjelp har dei også fått frå det lokale næringslivet.

– Me har fleire sponsorar som er med, og ingen kommunar vil på noko tidspunkt få førespurnad om dekking av underskot, seier Rossland, som trur arrangørane slepp å skrella poteter for å overleva, ettersom førehandsinteressa har vore bra.

Frivillige må også med for å gjennomføra bluesfesten.

– Dei kan melda seg på nettsida til festivalen, www.knarvikblues.com, seier Rossland.

På nettsida kan ein også finna smakebitar frå artistane, og ein kan kjøpa billettar.

– Skal ein ha med seg ein konsert i 2010 i Nordhord­land, er dette plassen å vera, avsluttar arrangørane.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler