Strilen / Kultur / Countrystjerner fylte kyrkja
Brukernavn 
Passord 
 
Countrystjerner fylte kyrkja

Countrystjerner fylte kyrkja

Del | |

LINDÅS: Steinar Engelbrektson band fylte Lindås kyrkje og innfridde forventningane til ­fansen.

Publisert 21.09.09 17:04
Endret 21.09.09 17:04

Nordhordland Coun­tryklubb har hatt konsertar i Lindås kyrkje i ti år. Det vart markert med ein storslått konsert med Steinar Engelbrektson band.
Bandet kom ut med ein ny cd onsdag. Fredag var alt utselt. Då var det ikkje rart at kyrkja var heilt full, laurdag.

Men før heltane gjekk på scena sytte Dag Mikal Ripe Frøystad frå Jølster for å setja publikum i stemning. Han spelte blant anna låtar frå countrykongen Alan Jackson. Også Never Mind gjorde ein god jobb og då Steinar Engelbrektson band entra scena tok stemninga i salen av.

– Heilt Fantastisk!
Unni og Erling Lund frå Dalsøyra var blant dei mange som hadde forventingar før konserten.

– Me har høyrt mykje på Engelbrektson tidlegare og likar musikken hans veldig godt, seier dei.

Sjølv om cd-ane var utselte fredag, hadde bandet sjølvsagt med signerte plater til publikum i kyrkja.

– Me skal sjølvsagt kjøpa plata, seier Unni og Erling.

– Det er mål og meining med tekstane, og musikken er heilt topp, seier Erling, som var imponert over dei to andre som hadde opptreden i kyrkja.

– Never Mind og Ripe Frøystad var også veldig bra, seier han.

God stemning i salen
Det var god stemning i salen, og publikum koste seg. Dei fekk innfridd alle forventingane. Trampeklapp etter kvar song var beviset på dette.

– Konserten overgjekk all forventing, seier Erling til Strilen.

Steinar Engelbrektson flørta mykje med publikum, og han lukkast godt med det.

Erling Lund gav også ros til leiar i Nordhordland Country­klubb, Steinar Kjenes.
 – Det er flott at ein kan få til noko så flott arrangement i Lindås-bygda, skryt han.

23.000 kr til kyrkja
Steinar Kjenes var også godt nøgd med konserten. Sjølv hadde han bursdag på laurdag, og fekk høyre bursdagssong frå salen, medan Never Mind spelte.

– Det var heilt fantastisk konsert. Heilt topp, fortel Kjenes, som berre har fått positive tilbakemeldingar etter arrangementet.

Kjenes kjenner Engelbrektson godt og har sansen for både musikken og personen.

– Den måten han presenterar seg på, og den utstrålinga han har ovanfor publikum er heilt fantastisk, seier Kjenes.

Etter ti år med konsertar i kyrkja bestemte klubben seg for å gje noko tilbake til kyrkja. Etter konserten gav arrangøren 23.000 kroner i gåve. Ein så høg sum har aldri Lindås kyrkje motteke. Det vart ei kjærkomen gåve.

Dag Mikal Ripe Frøystad spelte blant anna låtar frå Alan Jackson, og vart godt likt blant publikum. Dag Mikal Ripe Frøystad spelte blant anna låtar frå Alan Jackson, og vart godt likt blant publikum.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler