Strilen / Kultur / «Cowboyar og irar» med trøkk
Brukernavn 
Passord 
 
«Cowboyar og irar» med trøkk

«Cowboyar og irar» med trøkk

Songarane stilte med cowboyhattar og umake sokkar då «Molly møtte Dolly» på Seim.

Publisert 09.06.10 17:50
Endret 09.06.10 18:10

– Når eg no byrjar å spela må de vera rause med applausen. Det er ikkje sikkert det vert så mykje å klappa for seinare.
Dirigent Helge Riise hadde taket på publikum frå første stund då Korinor inviterte til konsert i Strilatun søndag.

Taletrengt dirigent
Hordvik-koret stilte med over 40 songarar og gjorde entré med cowboyhattar i alle fargar og fasongar.
Dei brukte ikkje mange minutt på å gjera dirigenten sine spådommar til skamme. Saman gav dei publikum eit stort utval av irsk og amerikansk musikk i ei verd der Dolly møter Molly. Og då snakkar ein ikkje om kven som helst!
– Molly Malone er sjølve symbolet på irsk musikk. Ho er den vakraste jenta som nokon gong har levd i Dublin, og ho lever enno. Jentene i dag når ho ikkje ein gong opp til støvelskaftet, erta Riise, og gav publikum ei oppskrift på den irske musikken.
– Når irane lagar musikk, er det tre ting som opptek dei: Heimlengsel, den jenta eller guten dei trefte i ungdommen og kjærleiken til puben.
Alle tre ingrediensane var med i repertoaret for kvelden. Det var også den amerikanske countrymusikken og populære Dolly Parton. Også det ei karane i koret har eit godt forhold til.

Klassikarar på samleband
Klassikarane kom tett, og publikum kunne gle seg over Rose Garden, Cotton Fields, Joe Hille og Only a woman`s heart berre for å nemna noko. Det var tydeleg at mange av dei som satt i salen, kjende songane og hadde lyst til å nynna med. Lo gjorde dei også av alt småkrydderet som vart servert undervegs.
Publikum i salen telte om lag like mange som songarane i koret. Det trass i at koret hadde tima konserten slik at den ikkje skulle kollidera med kveldens fotballkampar, men strålande sommarsol sytte nok for at mange valde å nyta kvelden utandørs. Dei skulle berre visst kva dei gjekk glipp av, mumla folk i salen. Og det skal litt til for å gløyma ein kveld med denne gjengen.

Jobbar med syngjespel
Koret jobbar med eit syngjespel om Molly Malone og tok konserten som ein kombinasjon av konsert og øving. Dirigenten gjekk ikkje av vegen for å avbryta koret undervegs. Det vart gjort på ein humoristisk måte, og kunne likegodt framstå som ein del av showet som eit nødvendig grep for å utvikla songen.
– Me har premiere i oktober, og legg gjerne turen til Seim ein gong til. Neste gong de ser oss i aksjon, er det med endå meir kostyme, trøkk, fele og kanskje eit lite strykeorkester på toppen, lokka dirigenten og koret, som fekk ståande applaus og krav om ekstranummer.
Publikum fekk sjølvsagt viljen sin, og koret kan nok kjenna seg trygge på at konserten gav meirsmak for fleire i salen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler