Strilen / Kultur / Debutantane stal showet
Brukernavn 
Passord 
 
Debutantane stal showet

Debutantane stal showet

GULEN: Rocke­bandet MAKT gjekk vidare, men det var debutantar som stal showet på UKM i Gulen.

Publisert 15.02.10 18:40
Endret 16.02.10 08:11

MAKT gjekk vidare frå lokalmønstringa for 3. gong på rad, og det er ingen tvil om at bandet har eit høgt nivå. Dei var likevel ikkje åleine om flotte prestasjonar. Alette Neverdal Birkenfelt (16) og Synne Lihaug Kroken (15) med to flotte songar, deira første opptreden i UKM. Dei vakre stemmene og nydeleg gitarspel sjarmerte publikum i senk.

Musikken gir glede
Jentene var utan tvil samspelte, men dei hadde ikkje øvd mykje.

– Veldig gøy å gå vidare, seier jentene som er gode veninner. Dei var i godt humør etter å ha fått vita at dei får vera med på fylkesmønstringa i Førde.

– Me skal stå på scena og kosa oss, og få fleire gode opplevingar saman, seier jentene og legg til:

– Det er deilig å slappa av på scena ilag, det gjev ein ekstra tryggleik, seier Synne. Dei røpar at dei brukar mykje tid på musikken, men ikkje så mykje i lag ettersom Alette har flytta til Åsane på skule.

– Musikken gir ei glede, og det er deilig å slappa av og finna fram gitaren, fortel Alette.

Er vante med scena
Jentene har spelt framfor folk tidlegare, men aldri på UKM. Det vart presisert at kjendisar som Tone Damli Aaberge, Gaute Grøtta Grav og den nye Melodi Grand Prix vinnaren Didrik Solli-Tangen starta på scena under UKM. Det gav nok litt ekstra motivasjon for dei som gjekk vidare til Fylkes­møn­str­in­ga. Alette og Synne har ikkje store planar enno.

– Så lenge me har det gøy så satsar me ilag. Det viktigaste er å kosa seg og ha det kjekt, seier dei glade jentene. Dersom du treng nokon til å spela på eit arrangement, er Alette og Synne absolutt å anbefala.

– Me spelar dersom folk spør, seier jentene.

Fekk kunstnarstipend
Linnea Oppedal(12) debuterte med pianostykke «River flows in you». Eit vakkert stykke som er kjend frå Twilight-filmane.

– Det var søstera mi som lærde meg songen, seier ho og røpar at både ho og søstera er Twilight-tilhengjarar. Ho tykkjer det var kjekt å gå vidare, men nervepirrande, særleg før UKM starta.

– Eg var nervøs, vedgår ho. Nervane henta likevel det beste fram i henne. Linnea imponerte juryen så mykje at ho stakk av med kunstnarstipend på 3000 kroner.

– Eg er ikkje heilt sikker på kva eg skal bruka pengane på, seier Oppedals-jenta som trur ho kjem til å spela det same stykket på fylkesmønstringa.

Sigersvante MAKT
Rockebandet MAKT gjekk vidare i år og. Bandet som består av Alexander Virkesdal (15), Mats Stendal (16), Karoline K. Johan­sen (15) og Torstein Virkesdal (13), rocka seg vidare til fylkesmønstringa i Førde for tredje gong på rad.

– Me byrjar å bli litt sigersvante, men det er sjukt gøy, fortel ungdommane som er ein liten familie. Torstein og Alexander er brør, samstundes som dei er onkel til Karoline.

– Mats er så mykje saman med meg at eg ser på han som familie også, seier Alexander og ler. MAKT plar å komma seg til fylkesmønstringa, men der er det stopp.

– Det er veldig høgt nivå og utruleg mange flinke, seier dei talentfulle ungdommane.

Høgt nivå i Gulen
Publikum såg ut til å kosa seg gjennom heile UKM. Juryen hadde det nok ikkje enkelt med så mange jamgode bidrag.

– Nivået har alltid vore høgt her i Gulen sjølv om det ikkje er så mange som deltek, seier jurymedlem Viggo Randal. Juryen håpar at dei som ikkje gjekk vidare kjem att neste år, og dei fleste i salen deler den meininga.

– Kjempekjekt å vera med på dette, og det er så mange flinke, seier ordførar Trude Brosvik. Ho skulle helst sett at det var litt meir kunst, men alle som deltok var kjempeflinke, skrytte ho.

Ninni Atterås gjekk vidare med sitt kunstverk «Sjøorm».

– Ho viser eit godt auge for det ho held på med, var juryen sitt grunnlag for å senda Atterås vidare. Det var totalt 19 personar som deltok, fordelt på 10 bidrag ifølgje juryen.

 

FLOTT BIDRAG: Frida Eide og Silje Håland saman med Sunniva Sleire på piano  hadde laga sin eigen versjon av den populære sommarslageren «I’m yours».

KUNSTNARSTIPEND: Linnea Oppedal (12) spelte eit pianostykke kjent frå Twilight-filmane. Ho stakk av med kunstnarstipendet på 3000 kroner.

VIDARE FOR TREDJE GONG: Metallica-inspirerte MAKT gjekk vidare for tredje gong på rad.

IKKJE MOBB: – Stopp, ikkje mobb. Det her er kameraten min, song jente­gruppa Friends.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler