Strilen / Kultur / Digitale forteljingar vert museumsarv
Brukernavn 
Passord 
 
Digitale forteljingar  vert museumsarv

Digitale forteljingar vert museumsarv

Del | |

MELAND: – Det ­kjekkaste var å få læra om andre sine aktivitetar, seier Elena Blom på premieren til «Dette fengjar meg».

Publisert 13.12.11 10:17
Endret 13.12.11 10:17

Torsdag var det urpremiere på «Dette fengjar meg», eit prosjekt etter initiativ frå Frivilligsen­tral­en og kommuneplanleggjaren i Meland.
Fire ung­doms­grupper har over tre kveldar hjå Frivilligsentralen laga digitale forteljin­g­ar som dokumenterar per­son­lege opplevingar frå diverse akti­vi­tet­ar. Desse filmsnuttane vart vist på rådhuset i Meland, med både ordføraren, varaordføraren, foreldre og prosjektdeltakarar tilstades.

Viktige filmar
– Det skjer mykje flott i Meland, og folk får ikkje sett den store breidda, seier ordførar Nils Marton Aadland etter filmvisningane.

– Me får stadig fleire innbyggjarar, og det er viktig at dei kan sjå kva slags tilbod me har. Desse digitale forteljingane er viktige både i dag og på sikt, konstaterar han.

– Flinke
Kristin Nåmdal og Nina Randal, dagleg leiar i Frivilligsentralen, har saman hatt ideen til prosjektet.

– Me hadde lyst til å laga noko som viste kva som skjer blant ungdommar i kommunen, og ville plukka spreidd frå ulike aktivitetar. Me tok kontakt med fire forskjellige grupper, og alle stilte villig opp, seier Randal.

Det var Mariela Nordheim frå museumssenteret i Hordaland som viste ungdommane korleis dei skulle gå fram.

– Kunsten er å sila ut det viktigaste og pressa informa­sjon­en saman. Dei hadde det ganske travelt, og måtte arbeida innanfor visse rammer, så dei har vore kjempeflinke, konstaterer ho.

Moderne museumsalternativ
Nordheim fortel at museumssenteret byrja med digitale forteljingar for tre år sidan.

– Digitale forteljingar er ein alternativ måte å formidla både museumsgjenstandar og forteljingar på. Filmane når eit heilt anna publikum, så dette er noko me kjem til å satsa vidare på, seier ho.

– I tillegg til at dei har funksjon som ein annleis oppleving på museum, kjem filmane til å verta brukt i forbindelse med kommuneplanen, fortel Nina Randal.

– Det vart eit flott resultat, og me håpar mange ser desse unike forteljingane, som alle har stor betyding, seier ho.

Snuttane vert lagt ut på Meland Frivilligsentral og kommunen sine nettsider. I tillegg vert dei tilgjengelege på muse­ums­senteret sin nettstad, i lag med andre digitale forteljingar.

Personlege opplevingar
Med på prosjektet var Team Flatøy 4 H, der Guro Veland Sætre, Amalie Nordeide Nyham­mer og Carl Fredrik Herland laga digital forteljing om høgde­punkta i 4H-klubben, og prosjekta dei har jobba med. Elena Blom og Håkon Rongevær frå Rossland Skulekorps dokumen­terte gøye opplevingar i skulekorpset, og kvifor og korleis dei byrja i korps. Roald Engeseth lagde ein filmsnutt om kva den kristne Meieriklubben var for noko, medan Nicholas Eliassen Tveit og Tina Bergetun Lien har dokumentert personlege opplevingar i Nordhordland Padleklubb.

Ikkje vanskeleg
– Prosjektet var kjempegøy, og det kjekkaste var nok å læra om andre sine fritidsaktivitetar, seier Elena Blom frå Rossland Skulekorps.

– Før visste eg for eksempel ikkje så mykje om padleklubben, og det var interessant å få vita meir, smiler ho.

Dei som var til stades på pre­mi­eren, var einige i kva som var den største utfordringa med å laga filmen.

– Det vanskelegaste var å sila ut det me ville ha med, for me hadde mykje me ville fortelja, seier dei.

– Men sjølve arbeidet var kjempelett, insisterer dei.

– Det var berre å lima inn bilete i Workshop, og leggja på musikk og lyd, seier gjengen med eit smil.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler