Strilen / Kultur / Dobbelt til Nordhordland i Siddis Brass
Brukernavn 
Passord 
 
Dobbelt til Nordhordland i Siddis Brass

Dobbelt til Nordhordland i Siddis Brass

Del | |

Siddis Brass i helga, gjekk EBML til topps og Manger Musikklag vart nummer to i elitedivisjonen.

Publisert 05.11.11 23:20
Endret 08.11.11 13:11

 

Nordhordland har på nytt prega underhaldningskonkurransen Siddis Brass i Stavanger. I tillegg til å kapra dei to gjevaste plassane i elitedivisjonen, vann Bjørsvik Brass 1. divisjon som i fjor, medan Seim Musikklag vann 4. divisjon.

EBML med dirigent Reid Gilje vann elitedivisjonen med 108 poeng, fire poeng framfor Manger Musikklag som var dirigert av Martin Phillip Winter. I fjor vann Manger med same poengsummen over EBML.

Har full kontroll
– Med femten sigrar og elleve andreplassar har me vunne over halvparten av dei 29 Siddis-konkurransane, så dette har me kontroll på, ler presseansvarleg og nestleiar i Eikanger Bjørsvik Musikklag, Viggo Bjørge.

Så vidt han kan hugsa, har Manger Musikklag vunne Siddis sju gonger og Stavanger Brass Band seks gonger.

Alle leverer
Bjørge fortel at korpset har hatt eit kjempeår og vunne alle tre konkurransane dei har vore med på i år.

– Dirigenten Reid Gilje og korpset er flinke å finna fram til gode program som eignar seg til Siddis. Me er veldig nøgde, spesielt med 5 nye musikkantar. Alle leverer, seier han.

Med NRK på slep
Med seg på konkurransen hadde dei NRK-teamet som er godt i gang med dokumentarserien om brassmiljøet i Nordhordland, som skal sendast hausten 2012.

– Me hadde to fotografar med oss i bussen og ein i lastebilen. Dei var med på alt frå oppvarminga til sigersfesten, seier Bjørge.

Konkurransen vart også filma av NRK Rogaland og vist på nett-tv.

Held koken
Bjørsvik Brass med dirigent Bjørn Sagstad gjekk som i fjor, til topps i 1. divisjon. Tubaisten, Ståle Sleire Johansen fekk solistprisen.

Radøy Brass med Magnus Brandseth som dirigent, klatra ein plass høgare opp på resultatlista enn i fjor og ligg no på ein tredjeplass i førstedivisjon med 102 poeng. Oster Brass og Torstein Aagard-Nilsen måtte i år nøya seg med ein åttande og nest sisteplass.

Held nesten koken
I andredivisjon var det to brassband med frå Nordhordland; Manger Old Star Brass dirigert av Johannes Mangersnes, og Lindås Brass dirigert av Hogne Holmås. Desse kom høvesvis på femte og trettandeplass.

I tredjedivisjon var det ingen frå Nordhordland med, men i fjerdedivisjon slo nykomlingen Seim Musikklag til og kapra både førsteplassen og solistprisen med Asbjørn Hauge som dirigent.

Europameistrane spelte festkonserten
Sidan Manger Musikklag kan visa til stor suksess dei siste åra, var det dei som fekk æra av å spela under festkonserten i Konserthuset laurdag kveld.

Korpset vann blant anna Siddis i fjor. Elles har dei mange gode resultat å visa til frå Grenland Internasjonale Brass Festival, NM Brass og er, etter sigeren i EM Brass 2011 i Montreux, regjerande Europameistrar som det første norske korpset sidan 1989!

Musikklaget presentere eit flott og variert program med fengande rytmisk musikk med solistar frå eigne rekkjer og blant anna eit tjuetals sveitsiske kubjøller.

 

Her er alle resultata:

Elitedivisjonen

Pl. Korps Dirigent Poeng
1 Eikanger-Bjørsvik Musikklag Reid Gilje 98 10 108
2 Manger Musikklag Martin Phillip Winter 96 8 104
3 Stavanger Brass Band Allan Withington 94 9 103
4 Oslo Brass Band Frode Amundsen 92 8 100
5 Sola Brass Band Michael Antrobus 90 8 98
6 Krohnengen Brass Band Gary Peterson 91 5 96
7 Oslofjord Brass Simon Dobson 88 6 94
8 Montebello Brass Dr. P. N. Kragh-Riesling d.y. 87 7 94
9 Jaren Hornmusikkforening John Philip Hannevik 86 5 91

Solistpris:
Eva Bortne, Kornett, Stavanger Brass Band

 

1. divisjon

Pl. Korps Dirigent Poeng
1 Bjørsvik Brass Bjørn Sagstad 98 8 106
2 Askøy Brass Band Svein Henrik Giske 95 9 104
3 Radøy Brass Magnus Brandseth 94 8 102
4 Laksevåg Musikkforening Reid Gilje 92 8 100
5 Musikkorpset Gjallarhorn Espen Westbye 91 8 99
6 Kleppe Musikklag Rune Hannisdal 89 9 98
7 Alexander Brass Band Jakob V. Larsen 89 8 97
8 Oster Brass Torstein Aa.-Nilsen 88 8 96
9 Sørum Musikklag Christian Tenfjord 87 7 94

Solistpris:
Ståle Sleire Johansen, Tuba, Bjørsvik Brass

 

2. divisjon

Pl. Korps Dirigent Poeng
1 Tromsø Brass Geir Davidsen 97 9 106
2 Tertnes Amatørkorps Sindre Dalhaug 95 8 103
3 Hasle Brass Robert Solberg Nilsen 94 8 102
4 Fjell Brass Svein Henrik Giske 92 8 100
5 Manger Old Star Brass Johannes Mangersnes 91 6 97
6 Gjesdal Brass Band Jonas Skartveit Rogne 90 7 97
7 Rong Brass Eirik Gjerdevik 90 6 96
8 Stangaland Brass Jan Magne Olsen 89 7 96
9 Agder Brass Åsmund Gjære 89 6 95
10 Hornorkesteret Stavanger  Mats Urdal Aasen 88 7 95
11 Flesland Musikklag Patrik Randefalk 87 6 93
11 Sagvåg Musikklag Håvard Kroka 87 6 93
13 Lindås Brass Hogne Holmås 86 6 92
14 Haukås Musikklag Jan Egil Jørgensen 85 5 90
15 Follesø Musikklag Egil Magnussen 84 5 89

Solistpris:
Cathrine Opheim, Trombone, Hasle Brass

 

3. divisjon

Pl. Korps Dirigent Poeng
1 IMI Brass Per-Erik Petersen 96 8 104
2 Tysvær Brass Jacob Vilhelm Larsen 95 5 100
3 Krapfoss Hornorkester Espen Ødegaard 92 7 99
4 Langhus Brass Tarjei Gilbrant 91 8 99
5 Indre Torungen Brass Ensemble Lars-Bjørnar Strengenes 90 8 98
5 Randaberg Musikkorps Morten Wensberg 90 8 98
7 Lyshornet Brass Karl Ole Midtbø 89 8 97
8 Stavanger Kommunes Korps Geir Karlson 89 7 96
9 Musikkorpset Heimdal Per Olav Paulsen 88 8 96
10 Hordvik Musikklag Patrick Randefalk 88 7 95
11 Salhus Musikklag Knut Emil Mjøs 87 7 94
11 Skeie Brass Nigel Fielding 87 7 94
13 Rosendal Musikklag Torstein Hatlevik 87 6 93

Solistpris:
Lars Bjørnar Strengenes/Britt Hilde Våge, Euphonium,
Indre Torungen Brass Ensemble

 

4. divisjon

Pl. Korps Dirigent Poeng
1 Seim Musikklag Asbjørn Hauge 94 9-1 102
2 Tysnes Musikklag Yngve Nikolaisen 93 7 100
3 Riska Musikkorps Arne Stian Aarrestad 91 6 97
4 Sotra Brass Thor Arne Pedersen 89 7 96
5 Hetlevik Musikklag Einar Gjelsvik 88 6 94
6 Fitjar Musikklag Torbjørn Røssland 87 6 93
7 Lyngdal Brass Jostein Sneve 86 4 90
8 Hinna Brass Else Irene Kjellevold 84 6 90

Solistpris:
Ranveig Olsen, Saxofon, Seim Musikklag


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler