Strilen / Kultur / Får film-hus på heimebødn
Brukernavn 
Passord 
 
Får film-hus på heimebødn

Får film-hus på heimebødn

Del | |

MELAND: Bjarte Skintveit opnar heimebødn for eit hus som skal brukast til filminnspeling.

Publisert 05.06.12 10:36
Endret 05.06.12 10:36

– Me vart ganske overraska då me fekk spørsmål om me kunne tenkja oss å låna vekk grunn til eit filmteam, men me stiller oss positive til det. Det er flott at nokon vil spela inn film i Meland, seier Bjarte Skintveit på Steinberget gård.

På eit jorde på garden skal det byggjast eit mellombels hus. Byg­get på 9 x 9 meter vert ei hovudkulisse i spelefilmen «Teresa og hennes åtte minutter eldre bror».

Bak filmen står produksjonsselskapet Paradox AS og Ape og Bjørn AS. Filmen er skriven og skal regisserast av Geir Henning Hopland frå Austrheim. Innspelinga skal etter planen skje i august og september. Då kan Skintveit og familien rekna med utsyn til eit yrande liv, med ein stab på 20 personar som skal stå for innspeling og opptak.

Vil svara kjapt
– Me vart spurde om  dette tidleg i vinter, og det har vore veldig kjekke folk å ha med å gjera. Me låner berre vekk litt av eigedom­men vår og skal ikkje ha nokon ting med filmen å gjera, men det er jo litt artig å få eit heilt filmteam inn i tunet, seier Skintveit.

Meland si avdeling for tekniske tenester fekk søknaden om film-huset tidlegare førre veke. Huset skal stå på nedsida av Fv 564, femten-tjue meter frå vegen.

Det tek til å hasta med å få huset på plass, så Meland kommune vert bedne om svar så raskt som råd. Og raskt svar vert lova: Bygget er under godkjenning og løyve vert skrive ut ein av dei første dagane, får Strilen opplyset torsdag.

Barndomsheim
Heile handlinga og innspelinga av filmen skjer i Nordhordland. Filmen er støtta frå Norsk filminstitutt og nasjonal kinopremi­ere er planlagt hausten 2013.

Om lag halve filmen føregår i og rundt huset på Steinberget, som framstår som barndomsheimen til hovudrolleinnehavar­ane Teresa og broren.

I løpet av filmen vil huset ta mykje skade. Difor må det byggjast slik at det er tilpassa handlinga.

Huset kjem der det i dag er grasmark. Der skal det først leggjast ut bioduk med pukk oppå. Rett på pukken vert det bygd eit hus i tømmer, så enkelt som råd og utan isolasjon, vatn/kloakk og elektrisk opplegg.

Nedste delen av tømmerhuset vert kledd med asfaltplater som seinare skal behandlast slik at det framstår som ein grunnmur. Rundt huset vert det gjort gartnararbeid, slik at det ser ut som ein truverdig og ekte hage.

Huset skal byggjast av Torleiv Nilsen entreprenør AS, med Magnus Stikholmen som prosjektleiar, heiter det i søknaden til kommunen.

REGISSØR: Filmen er skriven av Geir Henning Hopland frå Austrheim, som også skal vera regissør.  (Foto: Privat) REGISSØR: Filmen er skriven av Geir Henning Hopland frå Austrheim, som også skal vera regissør. (Foto: Privat)

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Vil gje Skodvin utsetjing

Vil gje Skodvin utsetjing

LINDÅS: Nedlegging av den kommunale Skodvin skule bør utsetjast eitt år, meiner eit klart fleirtal i levekårsutvalet i Lindås (bilde).

    Radøyløpet vart folkefest

    Radøyløpet vart folkefest

    Heile 306 personar i alle aldrar deltok på Radøyløpet 2. pinsedag. Av dei 26 som sprang på tid, var Øyvind Franzen (nr. 60) raskast.

      Folkemøte på Byrknes

      GULEN: I morgon ettermiddag, onsdag, vert det folkemøte på Byrknes om Hordalandsavtalen.

        Ayla måtte avlivast

        Ayla måtte avlivast

        MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.

          Lathi på Everest for andre gong

          Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.

            Tok årets første bad

            Tok årets første bad

            MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.

              Siste kortnytt