Fedje feira med Elisabeth og Alexander
– Alt var kjekt! slår Elise Blomvågnes (7) fast etter Grand Prix-konserten på Fedje.
Endret 24.03.09 11:42
Svaret frå sjuåringen kom etter at Elise og 400 andre gav ståande applaus for Elisabeth «Bettan» Andreassen og Alexander Rybak sin konsert.
Saman med sine dyktige musikarar gjekk artistane ein runde i den fullsette fleirbrukshallen.
Og frå scena hadde Elisabeth gitt klar attest til Fedje-folket, som fylte dei fleste seta:
– Fy søren som de har kjempa for å få opp vraket av ubåten.
Det var akkurat det konserten skulle vera ei feiring av. Og aksjonskvinnene skulle gjerne ha overlevert blomster til dei to frontfigurane rett etter konserten. Avrundinga av konserten vart for hektisk til det, men blomane fekk aktørane seinare på kvelden.
Høgdepunkt i kø
Elise og alle dei 400 andre som fylte hallen på Fedje fekk verkeleg ein flott konsert. Her kom Elisabeth Andreassen sine melodiøse songar, blant anna av Rolf Løvland, på rekkje og rad, med proff musikk frå både band og Alexander Rybak si fele.
Og salen fekk sjølvsagt vera med på «La det swinge», låten som Elisabeth saman med Hanne Krogh vann den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix med i 1985. «Bobbysocks» var gruppenamnet då.
God kjemi
Konserten på Fedje var ikkje den første dei to Grand Prix-artistane heldt saman. Etter 10-11 konsertar fekk publikum oppleva eit band og framfor alt to solistar som var svært godt samstemte.
Alle kunne sjå og høyra at dei to har god kjemi og står godt til kvarandre. Alexander Rybak framførte også nokre strofer på svensk til ære for Elisabeth med Andreasson som jentenamn.
Eit lydhøyrt publikum var med frå første tone og strofe etter at ordførar Kristin Handeland hadde ønskt velkomen. Frå første benk var ho blant dei som kunne klappa og kosa seg, saman med fylkesmann Svein Alsaker og blant anna ordførarane Jon Askeland, Astrid Aarhus Byrknes og Ole Lysø.
I bakgrunnen kunne Morten Øien og mange andre som har gjort dugnad konstatera at alt det tekniske fungerte som det skulle.
På slutten kom naturleg nok også «Fairytale», songen som både Fedje-folk og mange andre håpar at Alexander Rybak skal vinna med i Moskva i mai. Dei som var på konserten, er nok ekstra gira på at det norske håpet skal gå heilt til topps.
PÅ FØRSTE BENK: Elise Blomvågnes var klar på første benk då Elisabeth Andreassen og resten av aktørane avslutta med ein runde i salen.
Eit steg vidare for «Gullvegen»
Alliansen bak Sambandet Vest imøteser god støtte frå fylkestinget, som skal uttala seg om Regional Transportplan til sommaren.
Blant Hareides topp tre
Knut Arild Hareide er imponert og stolt over kor mange KrF-arar Nordhordland har i den politiske leiinga.
Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør
LINDÅS: Som småfeit reklamemann på 50+ utan jobb, tok Karstein Vabø pedalane og pc-en fatt og skapte seg sin eigen arbeidsplass.
Kjørte på land i fylla
LINDÅS: Ein berusa båtførar kjørte i halvellevtida laurdag kveld på land med eit brak i Vallevika ved Seim. Mannen vart utruleg nok ikkje skadd.
Siste kortnytt
- Fire beltegebyr på Fedje [22.02.12 15:38]
- Fekk dårleg samvit [22.02.12 15:38]
- Fyrverkeri på bensinstasjonen [21.02.12 10:22]
- Åtti i femtisona [21.02.12 10:21]
- Utforkjøring på Lauvås [18.02.12 21:51]
- Brosvik ny leiar i Gulen KrF [15.02.12 16:12]
- Elevdyst i sveisefaget [15.02.12 16:18]
- Overtek ny veg i Litlebergen [15.02.12 16:08]
- Stadvis svært glatte vegar [15.02.12 09:40]
- Opprykk for Masfjorden [13.02.12 18:28]
- Krimdominans på utlånsliste [13.02.12 18:22]
- Hjellebollar i Knarvik [13.02.12 18:19]
- Maurstad også til Fedje [08.02.12 18:34]
- Kulturskulen i Lindås på nett [08.02.12 18:24]
- Ny runde for Sæbørevyen [08.02.12 18:23]
- Traktor i grøfta [06.02.12 12:55]
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
Mest lest
- Dødsulukke i Hjelmåstunnelen [08.02.12 15:19]
- Politi på fisketur [09.02.12 18:43]
- Trafikksmell på Lindås [15.02.12 14:09]
- Skal det vera ein ubåt? [06.02.12 13:08]
- Må fjerna fire tiltak eller få bot [09.02.12 09:58]
- Hadde narkofabrikk heime [06.02.12 13:10]
- Evas private spa [18.02.12 17:34]
- Ellevill NM-jubel [14.02.12 09:17]
- Men gjerdet var lovleg likevel! [15.02.12 16:06]
- Ny ørkenvandring for Knarvik-kyrkja [09.02.12 18:54]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Protesterer mot «tvilsam» ankring [02.02.12 10:32]
- Kjørte på land i fylla [19.02.12 00:21]
- «I Nigeria då bilen vart stolen» [17.02.12 17:17]
- Tre mistenke for fyllekjøring [30.01.12 10:29]
- Fekk krympa Lindåshallen [31.01.12 12:02]
- Brassfest i Bergen [11.02.12 13:34]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]





