Strilen / Kultur / Flatøy rocka betre enn nokon gong
Brukernavn 
Passord 
 
Flatøy rocka betre enn nokon gong

Flatøy rocka betre enn nokon gong

Del | |

Lenge før den siste lyden hadde dundra ut i laurdagsnatta, var det klart at årets Flatøy Rock ville gå over i historia som det største og beste arrangementet Vegard Flatøy og medhjelparane hans har fått til.

Publisert 06.08.12 19:47
Endret 07.08.12 11:38

I år vart det rocka på den gamle skuleplassen over to heile kveldar, og det var noko nytt. Festivalsjefen synest sjølv at det fungerte fint å dela opp Flatøy Rock i ein første, litt rolegare del på fredag, og så trykka meir skikkeleg til dagen etter.

God publikumsauke
På laurdag kom det som venta mykje meir folk, og vel 500 billettar vart selt alt i alt. Det er ganske pent opp frå i fjor då salstalet låg rundt 400.

No er det ikkje meininga at Flatøy Rock skal verta nokon festival med svære publikumstal. Det er heller intimitet og ganske høg sjarmfaktor som er styrken til festivalen.

Flatøy Rock vart starta i 2008 nærast som eit hageselskap. No er festivalen for lengst flytta til den tidlegare Flatøy skule, men det uformelle preget er til stades i fullt monn, sjølv om festivalen heile tida endrar seg.

Meir profesjonelt
– I forhold til i fjor var arrangementet i år mykje meir profesjonelt gjennomført. Me har brukt mykje meir tid og ressursar enn tidlegare på å setja opp eit godt program, fortel festivalsjef Vegard Flatøy.

Om rockefestivalen vert liten i den store samanhangen, er det imponerande kva slags artistar den trekkjer til seg. Vegard Flatøy meiner det ganske enkelt skul­dast at dei rockarane som har vore på Flatøy, har likt seg godt her i dei åra festivalen har vore i gang. Mottakinga og stemninga har alltid vore god, og sånt snak­kar artistar om med kvarandre.

– Eg synest at alle banda i år var veldig bra. Det var mykje forskjellig musikk, men heile vegen eit nivå som eg følte var ekstremt høgt, seier arrangementsleiaren. Svært mykje førebuande arbeid fell på han, men for Vegard Flatøy er Flatøy-festivalen noko han likar svært godt å halda på med.

Stor entusiasme
Fleire av artistane uttrykte frå scena at Flatøy er ein veldig fin plass å spela på, og at dei er store entusiastar for festivalen.

– Me brenn for dette her, sa vokalist Sondre Haug i Girl Army, punkrockbandet som spelte aller først på fredag. Haug gav alt og var høgt og lågt. Enkelte gonger dunka han mikro­­­fonen så hardt i hovudet at han skal ha hatt hovudverk dagen etter, og denne innsatsen skjedde framfor eit publikum på rundt 50 personar.

Fredagen vart nesten som eit lite selskap som avslutta tidlegare enn laurdagspartyet. Den siste dagen vart stemninga etter kvart skikkeleg høg. Folk var veldig med, og dansa og herja framfor scena. Medan kvelden seig på, vart det skikkeleg show på asfalten, og kanskje toppa partyet seg litt då hip hop-bandet A-laget frå Bergen spelte som nest siste på programmet. Då var det verkeleg Flatøy Rock. Endå betre enn i fjor, var det nokre som sa. Dei kjem sikkert att neste år.

Fem år har gått
Bergens-bandet Social Suicide begynte karrieren sin i det første hageselskapet til Flatøy Rock. Denne gongen fekk dei avslutta med skikkeleg hardcore rock, framført under proffe forhold på ei ordentleg scene. Social Suicide har akkurat som Flatøy-festi­valen vakse seg til noko langt større enn i 2008, og desse karane hadde det veldig kjekt på Flatøy laurdag.

– Kom til Flatøy og få ei positiv overrasking, var bodskapen derifrå.

Vergudane spelte også med i den grad at solskjermane til Flatøy Rock kunne takast fram. Dei har etter kvart vorte et slags varmemerke for festivalen. Etter at sola hadde stukke av, kunne feststemte rockarar berre hiva skjermane på artistane, i ekstatisk glede.

Nye gimmicks
Musikalsk nådde Flatøy Rock nye høgder, men festivalen er ikkje lenger berre musikk, mat og drikke. I år hadde Vegard Flatøy ut frå eigne idear sørga for å tilføra festivalen eit par nye gim­micks. For det første kunne dei som hadde lyst, stikka hovudet fram gjennom to runde hol i ein plakat og leika litt cowboyar i solnedgang.

Dessutan var det lagt opp til ein konkurranse i bordhockey mot Bergens-meisteren Arne Johan­nes Holmin. Den som klarte å scora to mål på Holmin, ville vinna 40 hot dogs, og det greidde Daniel Flatøy. Me gratu­lerer med eit solid måltid!

 

FORSVARAR NAMNET: A-laget vart veldig populære på Flatøy. Så er også desse karane noko av det aller beste innan hip hop her til lands.

IKKJE GALE: Den lokale gruppa Gale Mathias spelte akustisk med banjo og trekkspel, og hadde ved dette høvet Linn Vetås som vokalist.

HØGT OPPE: Vokalist Sondre Haug i Girl Army ville visast på festivalen, og gjekk så høgt han kunne, på toppen av høgtalarstabelen.

GOD LYD: Bergensgruppa Mollygogo hadde med Håvar Olsen frå Meland på saksofon, og vokalist Sebastian Vognstølen ser ut til å lika det han høyrer. GOD LYD: Bergensgruppa Mollygogo hadde med Håvar Olsen frå Meland på saksofon, og vokalist Sebastian Vognstølen ser ut til å lika det han høyrer.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tok årets første bad

Tok årets første bad

MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.

    Tog og is uansett ver og vind

    Tog og is uansett ver og vind

    Frå venstre Linnea, Daniel og Sara er klare både for tog og mange isar, sjølv om sola ikkje vil titta fram på nasjonaldagen.

      Til NM med tidenes verste fødsel

      Til NM med tidenes verste fødsel

      Fedje Teaterlag er kvalifiserte til noregsmeisterskapen i revy på Høylandet.

        - Elvemuslingen er ikkje daud!

        - Elvemuslingen er ikkje daud!

        MELAND: I fjor frykta Mjåtveitelvens forening at elvemuslingen var utdøydd frå elva. Denne veka kom gladnyheiten. Det er funne elvemuslingslarver på aure i elva.

          Skodvin får ikkje meir tid

          Skodvin får ikkje meir tid

          LINDÅS: Rådmannen seier nei til å utsetja nedlegginga av Skodvin skule.

            Slo full alarm etter «valdsam røykutvikling»

            Slo full alarm etter «valdsam røykutvikling»

            RADØY: Ein mann fekk ein lettare kuttskade i armen, i samband med at det utvikla seg røyk i maskinrommet til ein båt til kai ved Radøygruppen onsdag i 14.30-tida.

              Siste kortnytt