Strilen / Kultur / Frå ein smed til ein annan
Brukernavn 
Passord 
 
Frå ein smed til ein annan

Frå ein smed til ein annan

MELAND: Dei reiste med navarar og kom heim att med økser.

Publisert 19.02.10 17:42
Endret 19.02.10 17:41

Då representantar frå Ross­land skule reiste på besøk til venskapsskulane i Mali, hadde dei med seg nokre navarar i gåve. Heim att hadde dei med seg to økser, spesiallaga til navarsmeden.

– Det er fantastisk! Ei stor ære for meg å motta denne gåva, seier ein takksam Johannes H. Fosse.

Torsdag fekk han overrekt to hand­laga økser frå Mali, som smeden i landsbyen N’Tiobougou  hadde laga spesielt til han. Utdelinga fann stad i Pedersmia på Frekhaug, og både ordførar Nils Marton Aadland, smedar og representantar frå kulturavdelinga i kommunen pluss Rossland skule var tilstades.

Felles kulturhistorie
I månadsskiftet januar-februar reiste to elevar og to lærarar frå Rossland skule ned på besøk til venskapsskulane sine i Mali. Gjennom venskapskontakten som starta alt i 1995, skulle dei ganske raskt oppdaga at Meland og Mali hadde ei felles kulturhistorie i smedyrket. 

Yrket hadde ein viktig plass i Meland i gamledagar, noko navaren i kommunemerket viser. Og i Mali spelar smeden framleis ei viktig rolle som landsbygda dreg god nytte av.

Det vart difor naturleg for Rossland skule og ta med seg boka om navarsmedane i Meland og navarar laga av smed Johannes H. Fosse som gåver.

Viktige gåver
– Me oppdaga raskt at det å gje gåver var ein stor del av deira kultur, fortel Leif Johnsen.

Han var ein av dei to lærarane som var med på turen til Mali.

Under gåveoverrekkinga i Mali var det stelt i stand storstilt seremoni. Og nesten dagleg fekk dei overrekt gåver som til dømes høner frå nye kjennskap.

– Dei var så gåvmilde og venlege. Me vart tekne skikkeleg godt vare på, legg Johnsen til.

– Samstundes oppdaga me at ei gåve vart erstatta med ei ny gåve, legg han til.

Laga under opphaldet
Då Johnsen og dei tre andre reisande frå Rossland skule trefte smeden for første gong, oppdaga dei raskt at han var ein mann med stor innflytelse i lands­bygda.

– Smeden sat i landsbyhøvdingen sitt råd, og var dermed med på å ta dei store og viktige avgjerslene, fortel Johnsen.

Øksene som Johannes fekk i gåve, vart laga på dei dagane nordmennene var på besøk.

– I desse øksene er det lagt ned mykje arbeid og stor flid, seier Fosse medan han studerer gåva.

– Det er lagt ned altfor mykje arbeid til at eg kan ta imot dei, men eg kan jo ikkje gjera anna enn å takka så mykje, legg han til.

Besøk frå Mali
Smeden i landsbyen dei besøkte, fatta stor interesse for boka om navarsmedane i Meland. Og etter å ha bladd i boka såg smeden i Mali store utviklingsmoglegheiter og ønskte seg eit kurs hjå Johannes H. Fosse.

– Om han ønskjer å koma her å læra, er han hjarteleg velkommen, smiler Fosse.

Ordførar Nils Marton Aadland (H) gjev han eit samtykkjande nikk.

– Det hadde vore kjekt om kommunen hadde fått besøk frå Mali. I fellesskap håpar eg at me kan få det til, seier han.

Vil dele gåva
Etter å ha fått summa seg litt, bed den 83 år gamle smeden om ordet igjen.

– Desse øksene er altfor fine til at berre eg skal få gleda av dei, seier Fosse.

– Eg ønskjer at fleire skal få sjå dei. Dette er ein viktig del av kulturhistoria vår, til Noreg og andre land, seier Fosse før han legg til at han ønskjer å finna ein stad der han kan stilla dei ut.

Frekhaug-høvding
Tydeleg takksam for gåva og imponert over handverket har han enda ikkje heilt forstått kvifor han skulle vera så heldig å få ei så fin gåve.

– Eg skjønar ikkje heilt kvifor eg skulle få den gleda av å motta ei av hovudgåvene frå besøket deira i Mali. Men sidan smeden har ei så stor rolle i landsbyen deira, trur dei kanskje at eg er høvdingen på Frekhaug, smiler den spreke 83-åringen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler