Strilen / Kultur / Gjev ut plate for å hjelpa
Brukernavn 
Passord 
 
Gjev ut plate for å hjelpa

Gjev ut plate for å hjelpa

MELAND: Dei meir og meir kjende rapparane Daniel Wiig Andersen og Kris André Drageset skal snart gje ut ei plate der alle inntektene går til hjelpeorganisasjonen Mikrofinance.

Publisert 03.01.12 12:10
Endret 03.01.12 12:11

Daniel (16) og Kris (17) har drive med rapping i 2-3 år. For kring 1 ½ år sidan byrja dei å rappa saman, og då byrja eit samarbeid som har utvikla seg stort. Tidlegare i år kom gutane til landsmønstringa i Ungdommens Kulturmønstring (UKM), der dei vann talentkonkurransen «By Talent» med låta «En hjelpende hånd».

Dei har spelt ilag med Gatas Parlament, og 16. desember varma dei opp for bandet A-Lee på juleballet til Knarvik VGS, med over tusen til stades. No er dei snart plateklare, og plata kjem til å ha same namn som vinnarlåten i UKM.

– Det som inspirerte oss til dette var at Arne Sylta lurte på om me ikkje kunne gje ein låt til organisasjonen. Så bestemte me oss for å gje ei plate, som består av seks sjølvlaga beats som me spelar inn hos ein fyr i Sædalen, fortel dei.
Gutane har alt spelt inn to av låtane, og reknar med å vera ferdige med plata i januar-februar.

Taper ingenting
Alle utgiftene til Dee-Key vert sponsa av Huskirken Nordhordland og hjelpeorganisasjonen Microfinance. Rapparane har òg fått gratis photoshoot hjå fotolinja ved Nordhordland Folkehøgskule. Til slutt kjem alle inntektene til å gå tilbake til Microfinance, som FN reknar for å driva verdas beste metode når det kjem til å bekjempa fattig­dom.

– Dette vert ein vinn-vinn-situasjon for oss. Sjølv om me ikkje tener noko på sjølve plata, kjem me til å tena pengar på konsertar, pluss at plata er med på å promotera oss, seier dei.

Nær og fjern inspirasjon
Det som gjorde at Kris byrja å rappa, var at søstera fekk ein kjærast i rappmiljøet då han var kring 12-13 år gamal.

– Eg vart veldig påverka av han. Og då eg skulle konfirmera meg, bestemte eg meg for å laga ein rapp i staden for ein tale. Eg har han innspelt på mobilen, men i dag er eg nesten flau over å høyra han, sidan eg har utvikla rappinga i stor grad sidan då, smiler han.

Daniel vart inspirert av amerikansk rapp, og framførte ein låt for første gong i faren sin 50-årsdag. Sidan han fekk svært gode tilbakemeldingar, bestemte han seg for å fortsetja med det. For halvtanna år sidan bestemte Daniel og Kris seg for å slå seg saman, og har sidan då hatt gruppenamnet Dee-Key.

– Men no kallar me oss helst for Kløver Knekt og Skarre R, fortel dei.

Ulike styrker
– Daniel sin styrke er at han er veldig teknisk med flyten og klarer å rappa fort. Eg får litt meir innrim i tekstane, fortel Kris.

Han forklarer at det vanskelegaste med å laga ein låt, er å laga sjølve beaten, eller rytmen.

– Om me skal laga alt, kan det ta oss tre veker å laga ein låt, fortel dei.

– Men det hender folk gjev oss beats, og då er det berre til å skriva versa. Før brukte eg kanskje berre éin time på å laga eit vers, men no som eg har blitt mykje meir nøye på det, brukar eg gjerne fire timar.

– Forskjellen mellom oss, når me skal produsera ein låt, er at eg gjerne skriv litt, og så let eg det gå ei veke før eg byggjer vidare på han, medan Kris lagar han ferdig der og då, seier Daniel.

Terapi
Dei to rapparane fortel at dei kan få inspirasjon frå kvar som helst.

– Alt mogleg kan inspirera. Viss noko fælt skjer, så hender det eg skriv ein lang tekst om det for å få det ut av hovudet. Det same gjer eg om det skjer noko veldig bra, seier Kris.

– Om eg kjem på eit forslag til ein tekst, kjappar eg meg å skriva det ned, i tilfelle det kan verta ein bra song av det. Eg har til tider hatt opp mot hundre notat på mobilen min, smiler han.

Men det er mange tekstar som aldri vert brukte. Daniel, som helst skriv for hand, har kring tjue blokker med songtekstar liggjande.

– Og eg har sikkert fem hundre ubrukte songar liggjande på PC-en min, vedgår Kris.

Mange fordelar
Begge to er samde i at rappinga har gitt dei mange fordelar.

– Før sleit eg med skrivevanskar, men no er eg blitt mykje flinkare på rettskriving. Eg er òg blitt flinkare til å uttrykkja meg munnleg. Rapp har gjort alt for meg, seier Daniel.

– Og eg merkar at eg er mykje flinkare enn før til å framføra ting på skulen, seier Kris.

Dei fortel at dei i motsetnad til mange andre rapparar, ikkje bruker bannord i tekstane sine.

– Det gjer at me må finna alternative ord, og me merkar at me har eit mykje betre ordforråd enn før. Då las me ikkje bøker, men no les me ofte i framandordbøker og synonymordbøker, og lærer oss nye ord, fortel dei.

– Det at me ikkje brukar bannord gjer nok òg at me når eit større spekter av publikum. Me har fått fleire gode tilbakemeldingar på at me ikkje bannar, fortel dei.

Stor betyding
Rapping har hatt stor betyding i livet deira.  
– Rapp opptek heile livet mitt, smiler Daniel.

Han både høyrer rapp og held seg kontinuerleg oppdatert om kva som skjer i Hiphop-musikken si verd. Favorittartistane til Kris og Daniel er mellom anna Lars Vaular, Lars Rubix, Shift, Jave, G’ Bless Crew og Dream On, mange av dei frå Bergen.

– Me tykkjer det er kult at fleire og fleire rappar også syng på sin eigen dialekt. Men me er lite glade i nordnorsk rapp, innrømmer dei.

Ingen av gutane syng på engelsk i det heile tatt.

– Me har planar om å få med ei kordame på minst eitt av spora våre, og ho kan gjerne syngja på engelsk. Det vert meir personleg om me held oss til bergensk dialekt sjølv, forklarer dei.

Mange støttespelarar
Gutane fortel at rapp er veldig sosialt.
– Me har ofte kameratar som hjelper oss med å laga beats, og tipsar oss om kvar me kan halda konsertar. Me har òg fått mykje støtte frå familien, fortel dei.

Førre tysdag hadde far til Daniel, som sjølv er proffmusikar og har opptredd på VG-lista, skaffa dei øvingslokale i øvste etasje i Spiren barnehage. Der har dei tre rom til disposisjon; to som dei kan låna, og eitt som vert deira eige.

Fans
Daniel og Kris har til saman hatt 70-80 konsertar ilag, og har den siste tida merka meir og meir til fansen.

– Me vert ofte attkjende, og born stoppar oss for å få autografen. Og då me for ikkje så lenge sidan hadde ein konsert på Radøy, tok alle heilt av etterpå. Me fekk skikkeleg kjendisfeeling, for folk stod i kø for å få autografen vår! smiler dei.

Den store draumen er å spela på VG-lista sine turnékonsertar.

– VG-lista er toppen av heile kransekaka! seier dei entusiastisk.

– Det er jo plass til opp til 100.000 tilskodarar der, og om me når så langt, må det vera det største. Flott må det òg vera om me ein dag kan leva av musikken vår, legg dei til.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Westland satsar stort

Westland satsar stort

Fornyar og utvidar hotellet fram mot 2018.

    Eit steg vidare for «Gullvegen»

    Eit steg vidare for «Gullvegen»

    Alliansen bak Sambandet Vest imøteser god støtte frå fylkestinget, som skal uttala seg om Regional Transportplan til sommaren.

      Blant Hareides topp tre

      Blant Hareides topp tre

      Knut Arild Hareide er imponert og stolt over kor mange KrF-arar Nordhordland har i den politiske leiinga.

        Godt føre i BKK-rennet

        Godt føre i BKK-rennet

        Andreas Nergård og Claus Sellevoll gjorde det bra på Bulken.

          Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør

          Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør

          LINDÅS: Som småfeit reklamemann på 50+ utan jobb, tok Karstein Vabø pedalane og pc-en fatt og skapte seg sin eigen arbeidsplass.

            Kjørte på land i fylla

            LINDÅS: Ein berusa båtførar kjørte i halvellevtida laurdag kveld på land med eit brak i Vallevika ved Seim. Mannen vart utruleg nok ikkje skadd.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              Eldre artikler

              På forsiden nå