Strilen / Kultur / Håp om nytt liv for gammal teknikk
Brukernavn 
Passord 
 
Håp om nytt liv for gammal teknikk

Håp om nytt liv for gammal teknikk

MASFJORDEN: Viking­kvinnene kunne det, og det er funne brikkevev i Osebergskipet. Men det er ikkje mange som kan veva brikkevev i dag.

Publisert 10.07.09 17:42
Endret 10.07.09 17:42

– Dette ein teknikk som sjølv dei største borna i barnehagen kan læra i den enklaste forma. Eg skulle ønskja at me fekk dette inn både i barnehagen og skulen, seier Vigdis Olsen, der ho sit fastspent i veggen i kommunestyresalen på Masfjordnes og vev på eit band i brikkevevteknikk.

Ho er ein av deltakarane på svenske Sonja Berlin sitt kurs i brikkevev på Masfjordnes denne veka. Kursdeltakarane har fått stilt sjølvaste kommunestyresalen til disposisjon. Og som vanleg der, er det ikkje alltid like lett å halda tråden, men denne gongen i heilt bokstavleg forstand.

Konsentrert
– Vevinga er ikkje så lett, og du må ha tankane med deg heile tida, for elles vert det feil, og det er nesten umogleg å ta det opp att, seier Olsen.
Ho fortel at ho var så vidt borti teknikken då ho gjekk på framhaldskulen for mange år sidan, men no vil ho friska kunnskapen opp att.

Av brikkevev kan ein laga mange ulike ting, frå bunadsband til skolisser. Vevinga kan vera enkel eller komplisert alt etter kor avansert ein legg det opp, kor breie band ein vil veva og kor vanskeleg mønster ein vil ha.

I bein
– Dette er ein svært gammal teknikk som var vart brukt heilt tilbake i bronsealderen. Det er funne brikker av bein i Osebergskipet, og ein har funne tekstilar i denne teknikken i gravfunn både i Sverige og Noreg, fortel Sonja Berlin til Strilen.

Vikingkvinnene hadde band i denne teknikken på kleda sine, og opp til no har teknikken særleg vorte brukt til å veva band til bunader. Men Berlin meiner det absolutt er ein teknikk som kan brukast i dag og, og ho har eit heilt fat fullt med ulike band ho har vove.

I dag er ikkje brikkene laga av bein, men av papp. Teknikken har parallellar til reipslagarfaget, seier Berlin.

Ute og inne
Alt etter kor breie band ein vil laga, kan ein ha forskjellig tal brikker. Renningen vert trekt gjennom hol i brikkene, og talet på hol kan og varierast. Mønsteret kjem fram ved å vri brikkene i ulike posisjonar.

– Dette er ein teknikk som ein kan bruka både ute og inne, forklarar Aud Marit Halland. Ho er leiar i Nordhordland Husflidslag, som arrangerer kurset, og ein av deltakarane.

Til brikkevev treng ein ikkje nokon vevestol. Ein spenner den eine enden av renningen fast i ein vegg eller eit bord, og den andre enden har ein fast rundt livet, og så brukar ein kroppen til å halda veven stram.

Det har vore kurs på Masfjordnes heile veka, først begynnarkurs.

– Og det har vore veldig sosialt, sjølv om me er heilt stille medan me held på, for då må me konsentrera oss om vevinga, seier Halland. Ho bur på Radøy, men har like godt teke turen i eigen buss som fungerer som overnattingsplass og samlingspunkt på kveldstid.

Ros til kommunen
Både kursleiar og deltakarar gjev ros til Masfjorden kommune for gjennomføringa av kurset, og dei rettar ein særleg takk til Anette Thorsheim, som har fått kurset i stand. Det er og ho som har fått kursleiaren til Masfjorden. Og Sonja Berlin er rekna som den fremste eksperten på brikkevev i Norden. Ho hadde kurs på Masfjordnes i fjor og, og då hadde ho utstilling i Kvamsdals fargeri i tillegg.

– Det er berre utruleg kor mykje ho kan, og det vert spennande å sjå om me har lært så mykje at me kan bruka teknikkane når me kjem heim att, seier Aud Marit Halland.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Brua er på plass

Brua er på plass

GULEN: Brua over Brandangersundet er løfta på plass.

    Rockefest i Austrheim

    Rockefest i Austrheim

    Laurdag 11. september vert det rockekonsert for alle i Austrheimhallen.

      Mindre hytteavfall, men framleis ofte overfullt

      Mindre hytteavfall, men framleis ofte overfullt

      Avfall frå andre enn hyttebrukarane fyller opp konteinarane.?

        Riisnes går  til filmen

        Riisnes går til filmen

        MASFJORDEN: Erik A. Riisnes vert å sjå i NRK Fjernsynet neste år.

          Tanita i X Factor

          Tanita i X Factor

          LINDÅS: Fredag kan du kanskje sjå Tanita Kolås frå Seim i ­talentkonkurransen X Factor på TV 2. (Foto: Øyvind Ganesh Eknes)

            BBC filma på Fedje

            BBC filma på Fedje

            – Nordsjøen er like viktig for Storbritannia, som den er for Noreg. Me er verdsborgarar og naboen sitt problem kan fort bli ditt, seier BBC-reporter Roderick Munro. I framgrunnen kaptein Oddvar Nilsen Husa på «Olavson» som tok filmteamet ut på staden der U-864 ligg senka.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              Eldre artikler

              På forsiden nå