Strilen / Kultur / Heidra ein pådrivar
Brukernavn 
Passord 
 
Heidra ein pådrivar

Heidra ein pådrivar

Del | |

Lindås sin kulturpris for 2011 gjekk til Magne Legernes, «ein engasjert og aktiv pådrivar og ­bakspelar for mange aktivitetar». 

Publisert 11.12.11 00:30
Endret 11.12.11 00:39

– Eg har fått samarbeida med Magne, og han har eit fantastisk engasjement som me treng.

Det sa ordførar Astrid Aarhus Byrknes då ho delte ut prisen i den tradisjonelle pausen i kommunestyret sitt budsjettmøte torsdag. I grunngjevinga vert Legernes si rolle som pådrivar framheva.

Då han i 2009 vart dagleg leiar i Nordhordland Ballklubb, uttalte han dette til Strilen: «Det er ikkje alle som får høve til å ha hobbyen sin som jobb. Eg er privilegert som får bruka meir tid på å halda folk i aktivitet. Er det noko eg står for, så er det at folk skal bevega seg og halda seg i form».

Dei orda reflekterer i stor grad prisvinnaren si innstilling, påpeika ordføraren. Ho omtalte Magne Legernes som ein bakspelar for å hjelpa andre og ein frontfigur for å få gjennomslag for det han brenn for.

Legernes har i mange år vore leiar i Idrettslaget Alvidra, og ei eldsjel i Alversunddagane, samt initiativtakar og turleiar for Barnas Turlag i denne delen av regionen. Saman med andre var han og ein pådrivar for kunstgrasbana i Alversund. Han har og fått tid til å vera MOT-informatør, med i styret for Frivilligsentralen og har sunge i Alversund Kammerkor, der han no har permisjon.

Som idrettsutøvar er han framleis ein aktiv fotballspelar på oldboysnivå.

– Me treng folk som brenn for noko og vil noko med nær­mil­jøet sitt, som vil skapa trivsel og som bryr seg om andre, sa ordføraren, som og retta ei takk og overleverte blomar til kona Ann Kristin Legernes.

– Tusen takk for prisen og gode ord og at de set pris på meg. Eg er heldig som får vera MOT-informatør. Og eg er privilegert som fekk veksa opp i ein familie der det var lov å ha draumar. Det eg har vore med på kunne eg ikkje fått tid til utan støtte frå kona og familien, sa Magne Legernes etter å ha motteke prisen, som er ein diplom og sjekk på 5000 kroner.

Legernes framheva og at Alversund er ei bygd der det er lov å ha draumar og jobba for å skapa eit godt miljø.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler