Strilen / Kultur / Heimekos i sentrum
Brukernavn 
Passord 
 
Heimekos i sentrum

Heimekos i sentrum

Del | |

Adelin Olsen hadde ingen planar om å opna endå ein butikk, men så fekk ho eit tilbod ho ikkje klarte å seia nei til.

Publisert 23.09.10 23:41
Endret 23.09.10 23:40

– På Frekhaug har me mykje blomar og litt interiør. I sentrum vert det mykje interiør og litt blomar, seier Adelin.
1. august opna ho butikk i Christian Michelsensgate i Bergen. No har bladfykane i BA fått utsikt til Holmehuset. Og der er det mykje å sjå på.

Puter og elefantar
– Det går mest av puter, pledd og koppar. Det sel alltid bra, fortel Adelin.

Ho har hatt sansen for interiør så lenge ho kan hugsa. Plassen i nyebutikken er godt utnytta.

– Det har jo vore in med ein minimalistisk stil ei stund no. Eg har aldri vore heilt på den. Stilmessig ligg nok interiøret her nærmare shabby chik utan at det er heil der. Eg likar ein romantisk stil, men med litt reinare linjer, dersom det gjer noko meinig, seier Adelin.

– Er den minimalistiske stilen på retur?

– Ja litt. Eg trur nok at ein del vil ha meir heimekos no, seier Adelin, som har både kvit korgstol med pledd og rosa haustlyng på fortauet utanfor butikken sin. På ein benk innom døra står raude elefantar på rekkje og på veggane heng hyller med koppar, eggeglas, skåler og anna moro som pyntar opp.

På niande året
– Eg hadde eigentleg ingen planar om å opna butikk i byn, men eg kjenner ho som har butikken ved sidan av og fekk tilbod om desse lokala. Eg klarte ikkje å seia nei, seier Adelin.

Ho har drive butikk i Meland i ni år. Det heile starta sjølvsagt i huset som gav namnet til butikken.

– Butikken starta i Holmehuset. Eg likte namnet og tok det med meg til Frekhaug. Og det måtte sjølvsagt vera med til byn også.
Adelin trur det skal gå fint å driva to butikkar samtidig.

Plukka varer i Danmark
Butikkeigaren bur sjølv i Meland, men satsar på å jobba mest i byn i tida framover.
– Eg kjem i alle fall til å vera her mykje i starten for å få ting på gli, så får me sjå. Eg har også ei med meg som skal stå i butikken her. Me er til saman fire som jobbar i Holmehuset no.

– Og bergensarane har tatt godt i mot deg?
– Ja, eg har fått veldig mange gode tilbakemeldingar. Folk som kjem innom, skryter mykje og seier at dei er glade for at det er kome ein slik butikk her, seier Olsen.

Ho har elles sjølv vore heime hjå Tine K i Danmark og plukka ut ting ho skal selja i butikkane sine.

Fleire som satsar
Adelin har trua på at ho skal klara å kapra kundar i sentrum.

– Det er ikkje andre interiørbutikkar i nabolaget, og eg trur det passa godt med ein slik butikk her.

– Er det forskjell på å driva butikk i byn og på Frekhaug?
– Ja, du må passa mykje betre på ting når du er i byn. Butikkane her har eige alarmar som du kan løysa ut om du opplever ubehagelege ting, men kundane er stort sett like trive­lege her som heime. Adelin er ikkje åleine om å ta steget frå strilelandet til byn med butikken sin.

– Mange har nok fått med seg at Farmors hus har butikk i byn, og me byrjar å verta ein fin gjeng kvinner frå Nordhordland som driv butikkar her. Det er flott at folk vågar å satsa, meiner Adelin.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler