I år er det ti år sidan koret «Te Deum starta» opp.

Koret høyrer til i Ostereidet kyrkje og har fungert både som songkor og som eit sosialt og åndeleg fellesskap for dei som har vore med.

I alle åra har Solveig Gravem Angelskår vore dirigent og Trond Fykse har vore musikar. Noko av det koret har arrangert eller teke del i er julemusikalar, opptredenar i kyrkjer og bedehus, mini- påskemusikal saman med Ostereidet Barnekor og «Håtta du songjen»-samlingar.

På jubileumskonserten vil koret synge eit utval av songar som har vore brukt gjennom ti åra. Konserten er gratis.