Strilen / Kultur / Intenst stykke – intens øving
Brukernavn 
Passord 
 
Intenst stykke – intens øving

Intenst stykke – intens øving

MANGER: Erlend Aagaard Nilsen og dei andre i Manger Musikklag viste intens konsentrasjon og fekk fram bodskapen, på før-NM-konserten søndag.

Publisert 02.02.10 15:48
Endret 02.02.10 15:48

No går Manger Musikk­­lag og andre brassband i heile landet inn i ei intens øvingsveke fram mot noregsmeisterskapen til helga. Søn­dag inviterte musikklaget til før-nm-konsert i Radøyhallen, og viste at dei er på god veg mot det som kan verta gode resultat. I alle fall hausta Manger Musikk­lag og dirigent Peter Szilvay ståande applaus på heimebane etter konserten.

Ei reise
Konserten vart opna av vertane, med det som er pliktnummer i årets NM, nemleg «Sketches from Nowhere» av Thomas Doss. Stykket skildrar ei reise frå ingenting, og slik høyrdest det også ut då Manger Musikklag framførte det.

Dei tok publikum med gjennom ei interessant opning og vidare inn i det som høyrdest ut som ei reise i verdsrommet, mot fantastiske nye planetar og kaos mot svarte hol. Musikklaget formidla godt og intenst. Men pliktnummeret er ikkje det einaste som skal sitja til helga.

I elitedivisjonen spelar ein to konsertar i NM, og konsert nummer to er eit sjølvvald stykke. «...Dove Descending» av Philip Wilby er Manger sitt sjølvvalte stykke i år. Det framfører dei i Grieghallen laurdag ettermiddag.

Fleire lokale
I Radøyhallen søndag var fleire korps med for å gje publikum smakebitar på NM.

Radøy Brass kom på scena etter Manger Musikklag og framførte «Coventry Variations» av Bramwell Tovey. Radøy stiller i andredivisjon i NM i år, med dirigent Tormod Flaten. Med på konserten var også Haukås Musikklag, samt Manger Old Star Brass, som skal spela i tredjedivisjon i NM. Sistnemnde skal spela «Salute to Youth» av Gilbert Vinter.

Meir elite
Strilelandet er også brass-land, og når NM går av stabelen til helga, er mange lokale korps med, som vanleg. Og også dei spelar konsertar i forkant. ­

Elitekorpset Eikanger-Bjørsvik musikklag spelte før-NM-konsert i Logen måndag kveld. Dei framfører stykket «Titan's Progress» av Hermann Pallhuber som sjølvvald stykke. Det er Dr. Nicholas Childs som dirigerer EBML.

Konsert onsdag
I morgon, onsdag, kan ein høyra om NM-formen er på plass hjå fleire lokale korps. Då inviterer Oster Brass til konsert i Knarren i Knarvik. Oster spelar i andredivisjon i år. Med seg på konserten har dei også Lindås Brass, som stiller i tredjedivisjon. Der finn me også Bjørsvik brass. I open klasse, ny ordning av året, finn me Knarvik Foreldrekorps og Seim Musikklag.

MOT FORMEN: Radøy Brass og dirigent Tormod Flaten arbeider seg no gjennom siste veka fram mot NM. Då skal alle tonar helst setjast presist og sikkert. MOT FORMEN: Radøy Brass og dirigent Tormod Flaten arbeider seg no gjennom siste veka fram mot NM. Då skal alle tonar helst setjast presist og sikkert.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler