Strilen / Kultur / Irsk komedie frå Strilige Karar
Brukernavn 
Passord 
 
Irsk komedie  frå Strilige Karar

Irsk komedie frå Strilige Karar

Del | |

Preben Hodneland og Tor Halvor Halvorsen er premièreklare med godt-vondt stykke frå det irske bygdelandet.

Publisert 10.07.12 10:24
Endret 10.07.12 10:23

– Det overraska meg at dei kallar dette ein komedie, for den har så mykje meir i seg. Den er lett og tung på ein gong, seier Preben.
Han og medskodespelar Tor Halvor Halvorsen frå Lindås er endeleg klare til å presentera teaterkomedien «Stones in his pockets».

Trur stykket vil overraska
«Stones in his pockets» er historia om Charlie og Jake, som vert statistar i ein film når Hollywood kjem brasande inn i den stille irske landsbyen i County Kerry. Filmselskapet jaktar på den idylliske irske stemninga, men deira førestilling står i krass kontrast til realitetane i Charlie og Jake sitt Irland på 1990-talet. Brytningane fører til ein tragedie i det vesle lokalsamfunnet.
– Eg trur publikum vil verta overraska. Dei vil i alle fall ikkje verta skuffa. Dette er eit utruleg fint stykke, seier Preben.
– Det er ein komedie, men alle har med seg ein ballast i livet, og dette kjem fram i forholdet mellom Charlie og Jake. Dei lærer kvarandre å kjenna på godt og vondt, seier Tor Halvor.

15 roller på deling
Strilige Karar har som mål å få til meir teater i Nordhordland og hadde eigentleg planar om å setja opp stykket i fjor.
– Men då kom Preben inn på teater­høgskulen og øydela alt, gliser Tor Halvor.
For nokre veker sidan tok dei fatt på manuset att, med friskt mot. Stykket er nærare reinspikka teater enn kva me er vande med i Nordhordland. Det vert lite show og musikk, og scenografien er nedtona. Desto sterkare må skodespelarprestasjonane vera.
– Det er ei kjempeutfordring å skulla leva seg inn i ei rolle og levera den med heile seg, og samtidig førebu neste rolle. Me kjem til å vera på scena i eit bankande kjør, for det er jo berre oss to, seier Preben.
– Og det å skulla ha ein dialog med seg sjølv, når ein er begge personane som snakkar, kan vera utfordrande, seier Tor Halvor.

Rullebladet veks
Dei to skodespelarane har halde det gåande på scena ilag i nesten ti år. Dei fann saman i Lindås ungdomslag. Tor Halvor var ein del av møblementet, då Preben vart med i 2003. Sidan har Tor Halvor fått både Den Nationale Scene og Vestlandske Teatersenter på rullebladet. Han har spelt i «Jan Herwitz», «Hakkebakkeskogen», «Hvem har tatt min venstre sko» og meir.
Preben Hodneland har spelt i «RENT» på Rick’s Teater, i Bømlo Musikallaug si oppsetjing av «Miss Saigon», «Which Which» og Håkonarspelet på Seim. I sommar er begge aktuelle i «Kaptein Knurr og Mareminemysteriet» og, sjølvsagt, «Stones in his pockets».
Première 19. juli i Haugatun
Frå det Strilen såg av prøvane, kjem dei 15 rollene ikkje til å vera noko problem når folk sit i salen. Preben og Tor Halvor gler seg til dét, og lovar ei teateroppleving utanom det vanlege.
– Teater er ikkje oss to på scena. Det er det som skjer når folk ser på. Det er då timing og tone fell på plass, glødar Preben.
Kate Elin Lid står for regi og design. Lars Sveinung Lid står for lyd, inkludert lydkulisser. Stine Kolås er lokal lysdame, Øystein Veland er lokal lydmann og Bjørn Olav Benjaminsen frå Lindås ungdomslag har hjelpt med scenografi og lys. Espen Hodnekvam har laga plakaten og ein videoteaser som ein kan sjå på Strilige Karar si nettside.
Stykket er skrive av Marie Jones. Det norske manuset er av Øyvind Berg. Premièren på «Stones in his pockets» er 19. juli i Haugatun på Lindås. I løpet av ei dryg veke vil førestillinga komma til Hjelmås, samfunnshuset i Austrheim og tilbake til Haugatun. Her må ein altså kjenna sin besøkingstid. Billettar må kjøpast på billettservice på internett.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Ønskjer ny barnehage

Ønskjer ny barnehage

GULEN: Det bør byggjast ny barnehage i Eidsbotn, meiner foreldreutvalet i barnehagen der.

    Nytt køyremønster på E39 Hylkje-Vågsbotn

    Nytt køyremønster på E39 Hylkje-Vågsbotn

    Natt til søndag 26. mai vert køyremønsteret på E39 nord for Vikaleitet lagt om.

      Oljesøl i Knarvik

      Oljesøl i Knarvik

      LINDÅS: Ein lastebilsjåfør var uheldig og fekk lekkasje i ein tank med brukt soyaolje. Olje rann ut i vegen i fleire hundre meter før lekkasjen vart oppdaga ved Knarvik Senter i dag, torsdag. 

        Avtale kan vera berga

        Avtale kan vera berga

        GULEN: Viss alle parti stemmer slik i fylkestinget som dei sa på folkemøtet på Byrknes (bilde) onsdag, er Hordalandsavtalen berga.

          Fortvilar over krav

          Fortvilar over krav

          LINDÅS: - Eg fattar ikkje kommunen sitt krav om riving. Er det ikkje lov å leggja tregolv på utsida av hytta si?

            Topp pinsefest for femti

            Topp pinsefest for femti

            LINDÅS: På Ostereidet starta femti sprekingar 2. pinsedag med tofjellstur, pinsefest, drøs og fanfare.

              Siste kortnytt

              På forsiden nå