Juleball med A-Lee
KNARVIK: Med snø, høg musikk og dansande ungdom i kjolar og dress var det klart for juleball på Knarvik vidaregåande skule.
Endret 21.12.11 16:21
– I år har me førebudd ballet ved å dela elevrådsstyret inn i grupper med forskjellige arbeidsoppgåver. Me har bestilt pizza, kjøpt inn brus og pynt, booka artist, reservert hallen, og ordna med alt anna som må være i stand, seier elevrådsrepresentant Charlotte Skjellanger til Strilen.
Å arrangera juleball på ein skule med rundt tusen elevar, er ikkje ein jobb gjort på ein, to tre. Det har elevrådsstyret fått erfara på fleire måtar.
– Det har blitt mykje fråver for elevrådet på grunn av planlegging av juleballet, men lærarane respekterer dette og godtar at me treng litt tid for å planlegga ballet. Det er jo blant anna det elevrådet er til for, og eg trur heile skulen set pris på at me ein rektor og lærarar som let oss få arrangere eit så stort juleball, seier Skjellanger.
Rundt 700 elevar kjøpte billett til ballet der dei kunne kosa seg med så mykje gratis pizza dei orka, brus, musikk og dans.
– Ein flott kveld
Sjølv om det var ungdommane som sjølv planla juleballet, stilte dei vaksne opp for å hjelpe til og for å syta for at det vart ein fin rusfri kveld.
– Med hjelp av dyktige lærarar og rektor, Røde kors, politi, Lions og frivillige ungdommar som har stått vakt under ballet har kvelden gått knirkefritt. Det såg ut som om alle storkoste seg, og eg syns ballet har vore ein kjempe stor suksess, seier Skjellanger.
– Når me ser kor kjekt ungdommen har det er det berre en fornøyelse å stille opp som vaktar. Det er kanskje enkelte som øydelegg litt, men det må ein berre sjå litt igjennom fingrane på, seier Alf Bjarne Nilsen frå Lions til Strilen.
– Eg synest elles at arrangementet er fantastisk ordna, dette med at ein kan eta så mykje pizza ein vil og få brus er kjempe flott, legg Nilsen til.
Nilsen kan fortelja at eit av Lions sine mål er å stilla opp for unge og eldre som treng støtte eller hjelp.
– Me har mottoet «Serve first» ein skal gi noko av seg sjølv og det er det me prøver på. På julemøtet vårt på onsdag bestemte me oss for å gje tjue tusen til ungdomskontakten Salto. Me syns det er kjempefint at ungdom har ein opphaldsstad med tilknyting til vaksne som dei kan stole på og som høyrer på dei, seier Alf Bjarne Nilsen.
DJ og live opptreden
Under ballet dansa elevane til god musikk frå DJ, men klokka elleve kom høgdepunktet på scena.
– A-Lee og Kløver Knekt var knallflinke og elevrådsstyret er veldig nøgde med at me valte desse artistane til å opptre på juleballet, seier Charlotte Skjellanger.
Og mange storma ut på dansegolvet for å ta imot A-Lee med stor applaus, og det var brukt for heile fem vaktar ved scena.
– Eg var ein av dei som stod med scena under A-Lee sin opptreden, eg kjente trøkket frå høgtalarane i kroppen og levde meg inn i det, men som vakt kan me ikkje sleppa oss heil laus, seier Alf Bjarne Nilsen.
– Det er fantastisk å opptre for eit slikt entusiastisk crowd, seier A-lee og resten av gruppa til Strilen.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]






