Kjendisar i kø til Lygra
LYGRA: Herborg Kråkevik og Odd Børretzen kjem til poesifestivalen på Lygra i august.
Endret 04.06.10 18:39
– Eg har sjølv jobba med dette i eit år og vel så det! seier Linda Fosse om det omfattande programmet som no er klart for «Sumarnatta på Lygra» helga 20.-22. august.
–Programmet bør interessera alle, håpar Fosse. Festivalen på Lygra vert den første lokale jubileumsmarkeringa av at det i år er 100 år sidan Lindås si eigen Aslaug Låstad Lygre vart fødd.
Utover hausten held Lindås kommune fram med fleire andre markeringar av jubileet.
Tett program
Av lokale krefter på festivalen kan nemnast Linda Fosse sjølv, som vil ta publikum med på ei reise i Låstad Lygre sitt liv og dikting. Det skjer på laurdag.
Alt fredag dreg Jon Hjørnevik og Dagfinn Iversen i gang festivalen, der kvelden vert avslutta med show og dans av Strilabandet.
Etter konsert med Herborg Kråkevik laurdag kveld, vil fem kjende lokale spelemenn by opp til dans.
Søndag vert det og eit omfattande program, som Odd Børretzen & Lisa Strindberg avsluttar med konsert om kvelden.
Annakvart år?
I tillegg til det store programmet med poesi, musikk og dans, har arrangørane fått tak i motorsag-artistane Rick og Randi Boni frå USA.
– Det er heilt utruleg kva dei kan få til av treskulpturar med motorsag! seier Fosse.
I tillegg vert det ei utstilling med tekstilhandverk frå fleire land, bokbussen vil delta og det vert salsboder og andre utstillingar rundt om på Lyngheisenteret.
– Dette vert ein festival som heile familien kan delta på. Me har førebels sikra oss støtte frå kommunen, fylkeskommunen og nokre større firma. Elles vil publikum avgjera om det vert fleire slike festivalar. Vert det suksess, tenkjer me på å prøva annakvart år. Lyngheisenteret er ein fantastisk plass for ein slik festival, seier Linda Fosse.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






