Strilen / Kultur / Kom med vakker song til Leonard
Brukernavn 
Passord 
 
Kom med vakker song til Leonard

Kom med vakker song til Leonard

Del | |

RADØY: Solveig Lygren Pettersen og Mari Karoline Mellingen hadde eit litt spesielt songoppdrag laurdag. Dei song for eldre rundt i heimane.

Publisert 24.04.12 15:56
Endret 24.04.12 15:57

– Eg er veldig glad i song. Mor mi var pinseven, og me var ofte med på møte og høyrde alle songane, fortel Leonard Alfred Soltvedt på Sletta til Strilen.

Han var den første som fekk besøk av Solveig (16) og Mari Karoline (17).

Som eit ledd i kulturdagane på Radøy var dei med på turen rundt med middag til heimebuande eldre, og på kjøpet fekk dei eldre denne dagen vakker song og gitarspel av to blide jenter.

Tørka tårer
– Dette var veldig kjekt. Det kjekkaste eg veit, er jenter, sa Leonard, etter at jentene hadde sunge Hellbillies-låten «Det kjæraste eg veit» for han.

Leonard vart så rørt over besøket og songen at han måtte tørka nokre tårer. Han kunne elles fortelja at i ungdommen hadde han vore FN-soldat i Gaza og sett fæle ting.

– Takk for besøket og kom gjerne igjen, sa han då dei drog.

Kjekt å vera med
Det er ungdomskoordinator Katarina Birkeland som fekk ideen til at unge skulle reisa rundt og underhalda for dei eldre i samband med kulturdagane. Etter planen skulle fleire unge vera med, men litt sjukdom og anna gjorde at Solveig og Mari Karoline vert dei einaste denne gongen.

– Me sa ja med ein gong me fekk spørsmålet. Det verka så kjekt å kunna koma rundt til dei eldre, seier dei to.

Trass sin unge alder har dei i fleire år arrangert julekonsert i Emigrantkyrkja på Sletta, der dei begge bur.

Kjende bestefaren
Den neste som fekk besøk, var Vemund Gunnarson på Soltveit. Også han var glad for å få besøk, og då han høyrde kva dei heitte, visste han godt kven familien deira var.

– Eg hugsar godt bestefar din. Han spela trekkspel i bryllaup og liknande. Betalinga var 15 kroner, sa Gunnarson til Mari Karoline. Og han kunne hugsa at mor til Solveig var flink å syngja då ho var lita.

Jentene var med på heile runden som Kåre Færøy køyrde med middagar denne dagen. Færøy er sjølv pensjonist, men tredjekvar helg køyrer han ut middag til heimebuande eldre på Radøy på oppdrag frå Frivilligsentralen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Ayla måtte avlivast

Ayla måtte avlivast

MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.

    Lathi på Everest for andre gong

    Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.

      Tok årets første bad

      Tok årets første bad

      MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.

        Tog og is uansett ver og vind

        Tog og is uansett ver og vind

        Frå venstre Linnea, Daniel og Sara er klare både for tog og mange isar, sjølv om sola ikkje vil titta fram på nasjonaldagen.

          Til NM med tidenes verste fødsel

          Til NM med tidenes verste fødsel

          Fedje Teaterlag er kvalifiserte til noregsmeisterskapen i revy på Høylandet.

            - Elvemuslingen er ikkje daud!

            - Elvemuslingen er ikkje daud!

            MELAND: I fjor frykta Mjåtveitelvens forening at elvemuslingen var utdøydd frå elva. Denne veka kom gladnyheiten. Det er funne elvemuslingslarver på aure i elva.

              Siste kortnytt