Strilen / Kultur / Køyrer i klubb
Brukernavn 
Passord 
 
Køyrer i klubb

Køyrer i klubb

Del | |

Det er ein tidleg kveld i april. Sola skin, vegane er tørre og alt ligg til rette: Tida er komen for å henta for å henta fram doningane frå garasjane.

Publisert 15.04.08 08:26
Endret 15.04.08 08:26

Skinn, eksos og tunge doningar dominerer på ein parkeringsplass ved Osterfjorden ein tidlig kveld i april. Doning etter doning kjem susande på E39 og rullar inn på Ostereidet. Det er Osterfjorden Motorsykkelklubb som har grave fram tohjulingane sine etter vinteren.
– Me har eigentleg ikkje starta opp heilt enno. Det er vårmønstring først 29. april, seier Magnar Eikanger.
Før det har klubben planlagd ein tur til Brekke og Dingja. Seinare står det turar på programmet gjennom heile sommaren. Både dagsturar til Voss og Askøy, og mange helgeturar til Romsdalen, Skjåk, Geilo, Sauda, Valdres,  og mange, mange fleire destinasjonar. Kilometerstanden skal opp i sommar.
– Me har vore i Haugesund på Araberallé, i Sandnes, Kvinnherad...
–  Mandal, Trollrally...
Gjengen som har samla seg rundt ein benk i vårsola kan fortelja om turar både opp og i mente. Planen er å halda fram med turar til ut i oktober.
– Me set i gong når saltet er vekke frå vegen, og heldt på til det kjem att, seier Tore Fredriksen, som er relativt ny klubben.

Tiåring i vekst
Klubben vart stifta i 1997 og fylte ti år i fjor. Det var ein liten gjeng på åtte mc-entusiastar som sette det heile i gong.
– Me starta klubben fordi me reiste så mykje rundt på treff likevel, seier Magnar.
– Me var ganske aktive. Då kunne me lika godt starta vår eigen klubb, seier Linda Smådal.
No er det berre fem att av den harde kjernen frå starten. Derimot har medlemstalet auka merkbart dei siste åra. Berre på eit par år har ti nye meldt seg inn. På lista kan dei skilta med folk frå heile Nordhordland.
– Du treng ikkje sjå til Osterfjorden for å vera medlem, seier Tore.
Og det kan nok dei to medlemmane frå Skjåk skriva under på. Elles har dei merka ei auke av medlemmar frå Radøy.

Rekrutteringa i orden
– Osterfjorden motorsykkelklubb har 49 betalande medlemmar, seier kasserar Magnar, som naturleg nok har kontrollen på pengane.
Ei sprudlande dame kjem mot oss med gode nyhende.
– Eg fekk faktura i dag, så no er eg og medlem, seier Linda.
– Ja, men då er me jo 50 då, seier Magnar, godt nøgd med at klubben nett runda halvvegs til hundre.
No for tida har ikkje Linda sykkel, men ho har heilt klart ønskje om å skaffa seg ein i framtida.
– Ja, eg har grådig lyst på. Me får sjå, seier ho med lurt blikk.
Det er også fleire som har ønskje om å få seg sykkel i framtida. Men Andrine og Gjertine må nok venta mykje lenger enn Linda på å få vera med. Medan dei ventar, rånar dei rundt på ein ATV.
– Det er gøy, mest på grunn av farten, seier dei.
Og far deira Oddbjørn Kvestad meiner det er flott at dei likar motorisert fart.
– Det er greitt at dei byrjar tidleg, og lærer seg å behandla fart og sykkel, seier han.

Litt for alle
Sjølv tok Oddbjørn lappen så snart han kunne, då han var atten. Det var i 1991. Og med den alderen er han ikkje gamle karen samanlikna med resten av motormedlemmane.
– Eg e no pinadø nesten yngst, seier Oddbjørn Kvestad litt overraska.
– Me er mellom 30 og 55, trur Magnar.
Elles består klubben av om lag 1/3 kvinner. Og mange tek kona med seg bakpå når dei dreg på turar.
Nokre faste opptakskrav har dei ikkje einast om. Nokre meiner ein minst må vera gamal nok til å ha lappen. Ein bør også ha sykkel, vert det sagt.
– Men eg har jo ikkje sykkel no, påpeikar Linda.
– Men du har hatt. Og du var med og stifta, seier Magnar.
Det er grunn god nok for dei alle.

Frå to til fire
Det viktigaste om ein vil køyra med Osterfjorden motorsykkelklubb, er nok at ein har lyst å køyra turar i fellesskap.
– Det er jo kjedelig å køyra rundt åleine, seier Tore Fredriksen.
– Men er det noko sosialt å køyra på rekkje og rad i timevis eller?
– Det er etter me har køyrd at det skjer ting, seier Magnar og ler lurt.
– Når me kjem fram er me sosiale, seier Oddbjørn.
Og undervegs har dei sjølvsagt også pausar. På ein tur måtte Kennet Innvær frå Ostereidet leggja inn eit ekstra stopp for å ordna seg tørre klede. 
– Det var kaldt over Strynefjellet, minnest Kennet.
– Skal du på treff så skal du på treff, seier Oddbjørn, som huskar han køyrde til Seljord i to minusgrader i 1997.
Turane kan altså variera ganske mykje i temperatur. Kor mange som er med, varierer også stort.
– Tja, det er alt frå to til fire, seier Kennet og ler.
– På det meste i fjor var me 23 på ein tur, seier Magnar.
– Det er bra oppmøte når medlemstalet låg på rundt 40, legg han til.

Droppar dugnad
Motorsykkelklubbar har fått eit noko frynsete rykte etter at fleire klubbar har vore assosiert med kriminalitet og narkotika. I Osterfjorden har dei ikkje interesse av slikt.
– Nei, me driv ikkje med verken det eine eller det andre, forsikrar Tore.
Osterfjorden motorsykkelklubb har ikkje noko klubblokale, men har lagt sin elsk på kroa på Ostereidet.
– Me brukar å treffast her ved kroa, seier Magnar, medan ein gjeng går inn og hentar seg varme krus med kaffi.
Å ha klubbhus krev meir av medlemmane. Då må dei kanskje til å jobba dugnad, noko dei har unngått til no.
– Då vil me heller køyra, seier Tore.
– Det er kjekt å køyra, slår Oddbjørn fast.
Enkelt og greitt.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler