Strilen / Kultur / Makeupartist på hjul
Brukernavn 
Passord 
 
Makeupartist på hjul

Makeupartist på hjul

Del | |

LINDÅS: Cosmina Potinteu frå Romania har etablert seg som frilans makeupartist.

Publisert 24.11.11 10:36
Endret 24.11.11 10:36

– At folk bestiller ein makeupartist til å koma heim til seg, er heilt vanleg der eg kjem ifrå, seier den entusiastiske 25-åringen. Om det slår an her, står att og sjå, men Cosmina vil i alle fall prøva. Og bil og lappen har ho.

Vil satsa seriøst
Cosmina bur på Lindås, og dei fire siste månadene har ho jobba på Rognaldsen bakeri. Men det er makeup som er hennar sin store lidenskap. Det har det alltid vore. Med fem års erfaring på området, meiner ho tida er inne for å våga å satsa seriøst.

– Eg har registrert meg i Brønnøysund og alt, så no klør eg berre etter å koma i gang, seier ho.

Eigen makeupblogg
Med eigen makeupblogg på internett http://cosmina­potin­teu­makeup.blogg.no er ho alt godt i gang med å gje råd og tips om hudpleie og sminke.

Men å få leggja sminke på folk sjølv, er det kjekkaste ho veit.

– Berre det å finna ut kva makeup som er bra for kvar einskild, er utruleg interessant, seier ho.

Elskar nye ansikt
Cosmina har alltid likt å læra, og ho lærer noko nytt kvar dag, fortel ho.

– I denne bransjen vert ein aldri utlært. Eg elskar nye ansikt, ingen ansikt er like og kvart av dei er ei utfordring, seier ho.

Det ho tilbyr, er alt frå dagsminke, kveldsminke, forming og farging av vipper og bryn, til festsminke, korrigerande sminke, fotosminke og brudesminke.

Svak for brudemakeup
Spesielt likar ho å leggja brude­makeup.

– Eg elskar utfordringa ved å framheva den indre skjønheita. På ein slik dag er det veldig viktig at brura blir vakker på ein naturleg måte. Dersom ho for eksempel ikkje brukar så mykje sminke til vanleg, må det i alle fall ikkje overdrivast denne dagen, seier ho.

For å finna fram til rett sminke, tek Cosmina seg god tid til å bli kjend med den ho skal sminka.

– Då får eg vita kva ved­kom­ande ser føre seg, og så eg kan koma med forslag, seier ho.

Ingen produktseljar
For dei som er redde for at ho også skal selja produkta ho brukar, så kan dei slappa heilt av. Cosmina er ingen makeupseljar, men ho har brukt lang tid på å finna produkt ho er nøgd med, fortel ho.

– Eg er veldig kritisk til kva eg brukar, men no har eg endeleg funne mine favorittmerke, seier ho.

Hennar store forbilde er som for mange andre makeupinteresserte, kjendisstylisten Jan Thomas.

– Han verkar utruleg hyggeleg og er veldig flink. Eg møtte han ein gong og spurde om han mangla folk i teamet sitt. Det gjorde han sjølvsagt ikkje, men han bad meg søkja, og det har eg gjort, smiler ho.

Makeupfilm og norskkurs
Medan ho ventar på at kundane skal strøyma på, skal ho laga ein steg for steg makeupfilm til bloggen sin. Og så skal ho på norskkurs.

– Eg synest ikkje det er nok å snakka brukbar engelsk. Eg vil læra meg norsk skikkeleg, for det er viktig å kunna kommunisera skikkeleg med kundane, seier ho på sin sjarmerande romaniaengelsk med litt norsk innimellom.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler