Manger får spela i operaen
– Dette er stort. Det har nesten ikkje gått opp for oss enno, seier Nils-Arne Træland i Manger Musikklag.
Endret 28.04.10 13:08
Hypermusikalen om Manger Musikklag fekk gode kritikkar i Bergen. No står hovudstaden for tur. 21. mai neste år går korpset på scena i Den norske opera i Oslo.
– Heilt spesielt
– Det er veldig spesielt. Det er ikkje kvardagskost at brassband får innpass i operaen. Denne musikalen handlar jo om livet i Manger Musikklag, så det vert svært personleg for oss, seier formann i MML, Nils-Arne Træland.
Det er mannen bak musikalen, Glenn Erik Haugland, som får æra for at Manger-musikantane får spela i operaen.
– Han har mange gode kontaktar og har trekt i dei riktige trådane. Me har også ein del andre tilhengjarar som har stått på for å få dette til. Det betyr veldig mykje for oss, seier Træland.
Skildrar korpslivet
I hypermusikalen får publikum eit innsyn i det indre liv i elitekorpset frå Manger. Tekstane skildrar mellom anna ei altoppslukande musikkinteresse, musikkglede og samhald. Åtte jentestemmer formidlar også musikantane sine tankar i ulike situasjonar. Tankane som vert presenterte, er basert på intervju med musikantar.
– Musikalen er skriven spesielt for oss og me har fått veldig mange positive tilbakemeldingar på han. Det har vore jobba ei stund for å få musikalen til Oslo, men eg trur framleis ikkje at det har gått opp for oss at dette no har lukkast. Det er litt uverkeleg. Nyheita er så fersk at me ikkje har fått tid til å diskutera det oss imellom enno, seier Træland.
Rett frå EM
Musikalen skal visast på scene 2.
– Ho er mindre enn hovudscena, men for oss er dette veldig stort og spesielt for dei yngste i korpset. Sjølv har eg aldri sett operaen. Det vert stas å koma dit for første gong og ikkje berre rusla på taket, men også få oppleva Manger på scena, seier han.
Kor stort publikum korpset kan forventa å få, tør ikkje Træland gjetta på.
– Her heime har me tilhengjarar som kjem for å høyra oss, men det vil nok verta litt annleis på Austlandet. Det er på Vestlandet ein finn det største brassmiljøet. No gler me oss til å dela bodskapen vår med eit nytt publikum.
2011 vert i det heile tatt eit stort år for Manger Musikklag.
– Dette vert eit år med mange store hendingar for oss. Først skal me til EM og så kjem dette berre nokre få veker etterpå. Me får ein travel vår, og me gler oss, seier Træland.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






