Strilen / Kultur / Manger vann NM
Brukernavn 
Passord 
 
Manger vann NM

Manger vann NM

Skulekorpsmusikantane frå Manger vart i helga noregsmeistarar nok ein gong. Og på Manger vart dei tekne imot som vinnarar bør.

Publisert 20.06.10 12:34
Endret 20.06.10 18:07

Manger skulemusikklag har vunne NM for skulekorps fleire gonger. I fjor vart dei nummer to, men no er dei nok ein gong det beste skulekorpset i Noreg.

Konkurransen vart spelt laurdag i Stavanger, og etter festkonsert og premieutdeling var det klart at Manger skulemusikklag fekk førsteplass i førstedivisjon med 97 poeng, berre eit halvt poeng føre Tertnes på andreplass. Knarvik skulekorps fekk ein fin tredjeplass, medan Sæbø enda på femte i den øvste divisjonen.

I andredivisjon var det også lokale korps med. Dei to korpsa som no står utan skule, Skodvin skulekorps og Kløvheim skulekorps, tok tredje- og fjerdeplass i denne divisjonen. Sandnes skulemusikk kom på sjetteplass. Divisjonen vart vunne av Lavik skulemusikk, med Krohnengen på andre.

Lindås skulekorps fekk sjetteplass i tredjedivisjon. I same divisjon fekk Hordabø skulemusikklag tiandeplass og Knarvik skulekorps junior, på trettandeplass.

I NM for janitsjar enda Sagstad skulekorps på ein tredelt sekstandeplass.

Det var mottaking for fleire av korpsa då dei kom heim søndag. Les om dei og alt om NM i tysdagsavisa.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler