Milano, New York, Frekhaug
FREKHAUG: Kven seier opera er kjedeleg? I alle fall ingen av tre hundre som sat som fjetra på Frekhaug torsdag kveld.
Publisert 12.01.08 18:10
Endret 13.01.08 01:23
Endret 13.01.08 01:23
«Heilt fantastisk»! «Tenk at me skulle få oppleva noko slikt i Nordhordland»! «Det er berre å koma seg til Operaen i Oslo», kom raskt frå tilhøyrarar på dei fremste benkene etter at ein smilande og verdskjend sopran var klappa fram til ekstranummer.
– Ein av dei største konsertpopplevingane er har vore med på, var kommentaren frå Torlleif Sagstad frå Meland,. Han var berre ein av mange som smilte frå øyre til øyre på veg ut frå storsalen ved Nordhordland Folkehøgskule.
Og bortimot tre hundre trampeklappande i Storstova på Frekhaug spelar ikkje skopdespel på same tid,. Så applausen og kommentarane etterpå var ikkje høfleg avlevert for ei verdsstjerne.
Elisabeth Norberg-Schultz fann fort tonen med Forsvarets Musikkorps Vestlandet. Dermed var prikken over 1-en sikra for dei lokale arrrangørane.
Det er berre å vera Musikkens Venner og Meland Musikklag evig takksame for at dei tok sjansen på å setja eit så kjend namn på plakaten.
På reisefot
Det var Viggo Bjørge som guida publikum på den musikalske «flighten», som sjølvutnemnd flypurser. Han såg ikkje behov for redningsvestar, men åtvara mot at det var fare for å missa pusten i løpet av turen.
Og vertskorpset Meland Musikklag gjorde ingen skam på Bjørge sine spådommar: Marsjen «Farvel til en slavisk kvinne» opna det me tør påstå må¨vera tidenes lokale nyttårskonsert. Marit Tømmermo loste eit opplagt janitsjar-korps gjennom første del av programmet.
Blant solistane var Håvar Olsen på saksofon i «I Himmelen» arrangert Tom Brevik og Harald Rongevær på trombone i «By the time I get to Phoenix» arrangert av Sindre Dalhaug.
Pauseaktøren viste seg også å ha songstemme og kunna meir enn å leita etter handlelappen te kånå: Trond Helland med «Just a gigolo» vart fort tildelt spontan trampeklapp. Så ver så snill:
Ta gjerne herrane Helland, Olsen og Rongevær opp på lokale scener oftare. Dei utgjer faktisk litt meir enn eit oppvarmingsband for Elisabet Norberg-Schultz!
Prikken over i-en
«Flaggermusoverturen» av Strauss innleia Divisjonsmusikken si avdeling. Alt på andre nummer, frå «Il Re Pastore» av Mozart, kunne Viggo Bjørge introdusera ein av verdas mest kjende sopranar.
Kjemien med publikum og musikarar var der på første tone. Elisabeth Norberg-Shultz treng tydelegvis ikkje berre kjende scener i Napoli, Wien eller New York for å yta uforgløymeleg song.
Og om lokale sopranar i salen såg behov for eit kurs i bruk av sin magemuskulatur, kan kanskje Norberg-Shultz kontaktast? Også andre oppdaga fort at opera ikkje berre vert framført med stemmebanda.
Etter framføringar av blant anna Bellini, Puccini og Donizetti var kveldens høgdepunkt ikkje vanskeleg å be om eit ekstranummer.
Arrangørane kunne gleda seg over 250 strålande fornøgde betalande. Så dermed er det berre å venta i spenning på nye «store» namn på plakaten. Og står Elisabeth Norberg-Schultz der ein gong seinare, kjem me!

- Ikkje la oss betala rekninga!
MELAND: Tilsette i reinhald- og vaskeritenesta i Meland demonstrerte utanfor rådhuset onsdag. Dei fryktar for jobbane sine.
Vil gje Skodvin utsetjing
LINDÅS: Nedlegging av den kommunale Skodvin skule bør utsetjast eitt år, meiner eit klart fleirtal i levekårsutvalet i Lindås (bilde).
Radøyløpet vart folkefest
Heile 306 personar i alle aldrar deltok på Radøyløpet 2. pinsedag. Av dei 26 som sprang på tid, var Øyvind Frantzen (nr. 60) raskast.
Folkemøte på Byrknes
GULEN: I morgon ettermiddag, onsdag, vert det folkemøte på Byrknes om Hordalandsavtalen.
Ayla måtte avlivast
MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.
Lathi på Everest for andre gong
Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.
Siste kortnytt
- Kjørte i eit tre [18.05.13 18:52]
- I fjellveggen i Eikefettunnelen [18.05.13 18:52]
- 17.mai på Kvalheim [16.05.13 10:52]
- NBK berga poenget [11.05.13 18:38]
- Ny rektor på Årås [11.05.13 18:29]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- – Endeleg ope att! [07.05.13 10:40]
- Feirar Wergeland [07.05.13 10:34]
- Ny aktør på vegvedlikehald [01.05.13 17:10]
- Pengar til Nordhordlandspakken [01.05.13 17:06]
- To bilar i smell ved Mastrevik torg [01.05.13 08:47]
- Brennpunkt frå Fedje om U864 [29.04.13 15:49]
- Knuffing på Lindås [30.04.13 14:11]
- Utan førarkort i Knarvik [30.04.13 14:37]
- Båt stolen på Radøy [29.04.13 14:02]
- Skiklubben står for ekstremløp [26.04.13 15:36]
- Hugs fristen for sjølvmeldinga [26.04.13 13:38]
- Sitkadugnad i Austrheim [26.04.13 13:34]
- Luftsport på nett [22.04.13 11:35]
- Banknedlegginga på Lindås vedtatt [22.04.13 12:30]
Mest lest
- Ayla måtte avlivast [19.05.13 21:46]
- Nordhordlending funnen død på danskebåten [23.04.13 01:30]
- Kontrollutvalet vil gå til politiet, kommunen ut med pressemelding [01.05.13 17:33]
- Trippelsmell i Isdalstø [13.05.13 15:50]
- Diskusjon om million-utbetalingar bak lukka dører i Austrheim [01.05.13 17:32]
- Snøtrøbbel i trafikken [03.05.13 13:49]
- Tog og is uansett ver og vind [17.05.13 12:17]
- Kai på plass i rekordfart [08.05.13 19:28]
- Sakna seglbåt sett i Nordhordland [04.05.13 10:26]
- Tvil om habiliteten til rådmannen i dobbeltutbetaling [07.05.13 18:16]
- Konkurrerte i mekking [24.04.13 10:28]
- Støyande russefrukost [08.05.13 10:07]
- Brennpunkt om U864-utgreiinga [01.05.13 08:50]
- Kurt Nilsen til Kraftspela [11.05.13 18:26]
- Fekk eit gudsord med på turen [09.05.13 19:28]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- Bondeknølar og byfolk [04.05.13 22:29]
- Nysnøkaos på 1. mai [02.05.13 15:36]
- Fire på sjukehus etter kollisjon på Radøy [19.04.13 10:46]
- Mongstad evakuert [07.05.13 14:07]
Mest tipset
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Fekk 97 sider dialektord til jul [10.01.11 13:15]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]