Strilen / Kultur / Myking-elevar best på avis
Brukernavn 
Passord 
 
Myking-elevar best på avis

Myking-elevar best på avis

LINDÅS: Elevar på Myking skule har gjort det til ein vane å vinna «Vis med avis»-konkurransen. No har dei klart det igjen.

Publisert 11.03.10 12:31
Endret 11.03.10 12:18

– Bror min var med og vann ­premie for nokre år sidan, og me veit om fleire her som har vunne, så me hadde veldig lyst å gjera det same, seier Anna Lena Nævdal. Ho er ein av sju elevar i sjuandeklasse på Myking skule.

Ei veke med avis
Mange lokale skular har vore med på Avis i skolen sitt «Vis med avis»-prosjekt. I ei veke har elevar fått levert Strilen på skulen til bruk i undervisninga. Prosjektet vart avslutta med ein konkurranse der elevane fekk utlevert ein test med tjue spørsmål, og no er vinnaren kåra. På Myking var stemninga spent før avsløringa.

– Læraren vår sa at det skulle skje noko spesielt i dag, men ho ville ikkje seia kva det var. Me tenkte at det kanskje hadde noko med konkurransen å gjera, så me brukte friminuttet til å halda utkikk over skuleporten, seier to av jentene i klassen.

Dei synest det er stas at klassen stakk av med førstepremien på 1500 kroner, som dei kan bruka til noko kjekt.

Laga veggavis
Myking-elevane kan visa fram flotte veggaviser som heile klassen har laga med oppslag henta frå avisene. Men det er også vorte tid til litt kos.

– Teikneseriane, «norom brunæ» og bursdagshelsingane er kjekke å lesa, seier sjuandeklassingane, som synest det var stas å få lesa Pondus-striper i skuletida.

Elevane har også forklaringa klar når journalisten spør om kva som er løyndommen bak suksessen.
– Me har kjempeflinke lærarar og så jobbar me hardt fordi me har lyst å vinna, seier dei.

Kanskje kino eller lesevake
Elevane på Myking skule hadde eit gjennomsnitt på 17,6 poeng etter å ha svart på 20 spørsmål. Og dei reknar ikkje med at det vert noko problem å bruka opp pengepremien. Klassen var nyleg på tur til Vannkanten i Bergen for å bada, og det gav meirsmak.

– Me kan gjerne gjera det ein gong til, eller kanskje heile klassen kan gå på kino, eller me kan bruka pengane til noko kjekt. Me har lyst til å ha lesevake, seier elevane, som vann med knappe to poeng framfor ein annan lokal skule.

Så gjenstår det å sjå om nokon tek utfordringa og prøver å slå Myking skule neste år.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler