Strilen / Kultur / Mykje musikk og mange nye vener
Brukernavn 
Passord 
 
Mykje musikk og mange nye vener

Mykje musikk og mange nye vener

Del | |

MANGER: – Det kjekkaste har vore å vera med dei mange nye venene.

Publisert 07.08.12 11:45
Endret 07.08.12 11:45

Det seier Marco Alexandre (10) frå Manger Skulemusikklag.

I førre veke deltok han for første gong på NMF Hordaland sitt sommarkurs for musikantar. Under kursopphaldet budde han på Manger folkehøgskule, der han både fekk spela korpsmusikk og delta på andre aktivitetar ilag med dei nye venene.

Marco Alexandre sin nye ven, Eirik Kvinge Haugsdal (10 ½), synest det er kjekt å spela, men set i tillegg stor pris på dei andre aktivitetane.

– Diskoen i går var det kjekkaste på kurset. Der dansa eg framfor alle saman, seier Eirik som er tydeleg hip hop-inspirert.

Haugsdal har spelt kornett i eitt år, og om nok eit år skal han byrja i Knarvik skulekorps.

– Eg vil spela i skulekorps fordi eg synest det er kult, og så er det kjekt å spela, kan Eirik Kvinge Haugsdal fortelja.

– Ein fin gjeng
Sommarkurset er delt inn i fire aldersgrupper. Gul, raud, blå og svart. Både Marco Alexandre og Eirik Kvinge Haugsdal deltok i den yngste gruppa, gul. Musi­kalsk leiar for gult kurs, Einar Gjelsvik, kan fortelja at Alexandre og Haugsdal ikkje er dei einaste som har fått nye vener.

– Borna som er med på gult kurs i år, er ein veldig fin gjeng. Dei har funne fint ut av ting, alle snakkar med alle, og dei held godt saman, seier Gjelsvik.

I alt var det påmeldt 45 born på gult kurs, og Einar Gjelsvik er godt nøgd med kursdeltakarane.

– Samanlikna med tidligare har kursdeltakarane i år eit spesielt godt nivå. Under øvingane er dei alle disiplinerte, rolege og konsentrerte om musikken og kunstformidlinga me vaksne prøver å gje dei.

Piratar på Manger
At konsentrasjonen er på plass, er både vel og bra, for den fjerde kursdagen er gult kurs ferdig og skal ha avslutningskonsert. Også her er det rom for andre akti­vi­tetar i tillegg til brass.

– Det gule kurset prøver å ha eit tema på konserten. Tidlegare har me brukt Dovregubbens hall, og spøkelse, i år er det sjørøvar som kjem ut for forskjellige ting, som skal framførast, seier Einar Gjelsvik.

Avslutningskonserten til gult kurs blir dermed ikkje ein vanleg brasskonsert, men ein konsert spela av piratar.
– Me har klipt opp kostyme, og laga ein sketsj som skal vera ein del av opplevinga i tillegg til det musikalske. Kvar låt omhandlar forskjellige deler av historia, seier Einar Gjelsvik.

Slik får musikantane prøvd seg på både konsert og teaterframføring.

– Dei er glade for å gjera andre ting i tillegg til å spela, slik som å spela sketsjar og vera forteljar, kan Gjelsvik fortelja.

Lærte dirigering
Også dei litt eldre deltakarane på raudt kurs har fått prøvd seg på varierte aktivitetar.

– I går lærte me å dirigera, kan Ingrid Varte (11) frå Skjold skoles musikkorps fortelja til Strilen.
– Me har også hatt besøk av folk frå Ecuador. Dei spelte med oss i går og var kjempeflinke, seier Erlend Berle (12) frå Os og Kuventræ skulekorps.

I tillegg har deltakarane på raudt kurs lært mykje musikkteori.

– Me har hatt svært mykje teo­ri, der me blant anna har lært om noteverdiar, seier Erlend Berle.

Men den nyskapte venegjengen tek gjerne ei utfordring.

– Eg syns det kjekkaste med kurset er at nokon av songane er litt utfordrande, seier Ingrid Helena frå Ullensvang skule­musikk­lag.

Med mykje øving er også dei nye songane på plass, og alle er einige om at dei har lært mykje nytt i løp av kursveka.

– Me har hatt intensiv øving, seier Erlend Berle.

Men med snille vaksne har øvinga vore kjekk.
– Det har vore veldig snille dirigentar og instruktørar, seier Helene Haugstad (15).
– Og mange morosame! seier Erlend Berle.
– Ja, dei greier å få humor inn i det som ikkje er så morosamt, seier Ingrid Helena.

Men venegjengen er einige i at det aller meste har vore moro­samt, og kjem gjerne tilbake neste år.

GODT NØGDE: Lea Jacobsen (10) og Celina Johansen (8 ½ ) (nærast kamera) deltek på sommarkurset for første gong og syntes alt var kjekt! GODT NØGDE: Lea Jacobsen (10) og Celina Johansen (8 ½ ) (nærast kamera) deltek på sommarkurset for første gong og syntes alt var kjekt!

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Ønskjer ny barnehage

Ønskjer ny barnehage

GULEN: Det bør byggjast ny barnehage i Eidsbotn, meiner foreldreutvalet i barnehagen der.

    Nytt køyremønster på E39 Hylkje-Vågsbotn

    Nytt køyremønster på E39 Hylkje-Vågsbotn

    Natt til søndag 26. mai vert køyremønsteret på E39 nord for Vikaleitet lagt om.

      Oljesøl i Knarvik

      Oljesøl i Knarvik

      LINDÅS: Ein lastebilsjåfør var uheldig og fekk lekkasje i ein tank med brukt soyaolje. Olje rann ut i vegen i fleire hundre meter før lekkasjen vart oppdaga ved Knarvik Senter i dag, torsdag. 

        Avtale kan vera berga

        Avtale kan vera berga

        GULEN: Viss alle parti stemmer slik i fylkestinget som dei sa på folkemøtet på Byrknes (bilde) onsdag, er Hordalandsavtalen berga.

          Fortvilar over krav

          Fortvilar over krav

          LINDÅS: - Eg fattar ikkje kommunen sitt krav om riving. Er det ikkje lov å leggja tregolv på utsida av hytta si?

            Topp pinsefest for femti

            Topp pinsefest for femti

            LINDÅS: På Ostereidet starta femti sprekingar 2. pinsedag med tofjellstur, pinsefest, drøs og fanfare.

              Siste kortnytt

              På forsiden nå