Olympiske leikar i djupsnøen
God og vinterleg konkurransestemning var det då Haugen barnehage i Knarvik tysdag arrangerte eige OL.
Endret 24.02.10 17:43
Ikkje heilt sånn som i Vancouver føregjekk leikane. I staden for skiskyting fekk ungane kasta ball på blink. Aking var det i fullt monn, både i liten og stor bakke. Kuleaking vart aktiviteten i den største bakken kalla, og kult nok verka det å delta her, men ikkje alle drista seg på fallhøgda.
Til forskjell frå den veldige medaljekampen i det verkelege OL, fekk alle ungane i Haugen barnehage gullmedalje og diplom, og kom på sigerspallen. Det rådde også ei meir avslappa stemning blant dei unge utøvarane.
Viktigast å delta
– Me arrangerer vårt OL i pakt med OL-ånda. Her handlar det ikkje om å vinna, men om å delta og å visa god sportsånd. Det er nett det same som livet dreier seg om. I barnehagen har me også snakka med ungane om kva som skjer i OL, og har fortald at dei skal ønskja kvarandre lukke til og vera kompisar, seier styrar Hilde Kleivdal.
Eit nydeleg vinterver skapte ei veldig fin ramme rundt øvingane, premieutdelinga og ein utandørs lunsj. For dugelege idrettsfolk smakte det godt med varm kakao og tomatsuppe med makaroni.
Langrennsløype var lagt rundt barnehagen, og det var opp til ungane kor mange rundar dei ønskte å ta. Alle fekk også vera med på alt, etter kva dei lysta.
Paraderte med stil
OL tok til med at barnehageborna gjekk i prosesjon der dei bar fram det velkjende OL-flagget, og då einingsleiar Sissel Hindenes hadde tent den olympiske elden, kunne idrettsprestasjonane koma i gang. Nokre sprang rett i akebakken, medan andre styrta til med å få på seg ski.
At arrangementet var vellukka, er tvillaust. Det kunne ein sjå av aktiviteten som utfalda seg.
– At vi skulle ha eit eige OL, har ikkje vore planlagd. Dette var noko me byrja å snakka om i førre veke. Eg må berre seia at personalet har vist ein fantastisk iver for å få til arrangementet. Ei viktig side med det er at me ville ha fram kva glede det kan vera med snø og vinter, fortel einingsleiar Sissel Hindenes.
Ringar og geometri
Ho seier at barnehagen også nyttar OL-leikane til å fremma forståing for matematikk og geometri hos ungane. Dei har teikna flagg frå forskjellige land som har mange ulike trekantar og firkantar og farger, og OL-flagget har sine fem ringar. I barnehagen har dei også sett litt på korleis ulike land ligg an i OL i medaljesamanheng. Dermed vert OL-leikane i høgste grad også eit pedagogisk prosjekt.
Sjå reportasjen med fleire bilete i papiravisa torsdag 25. februar.
TRUDELUTT: Styrar Hilde Kleivdal blæs OL-fanfaren i kornetten.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






