Strilen / Kultur / Over hundre med i UKM
Brukernavn 
Passord 
 
Over hundre med i UKM

Over hundre med i UKM

AUSTRHEIM: 48 band og 5 utstillarar var i helga med på Ungdommens kultur­mønstring. Teikning, song, dans og speling var kategoriane dei flinke ungdomane viste seg fram i.

Publisert 25.01.10 18:59
Endret 26.01.10 15:26

Heile 48 band, og godt over hundre deltakarar var med å spela under årets kulturmønstring i Austrheim samfunnshus i helga. Så mange har det ikkje vore med på mange år, fortalte arrangørane.

«Kaoss»
Eitt av banda som var med er «Kaoss» frå Radøy. Dei tre medlemene er spente før dei skal på scena, men har god sceneerfaring frå tidlegare. To av dei tre spelar i tillegg i Manger skulemusikklag. «Kaoss» består av Ruben Risnes på vokal og gitar, Sondre Kvamme på Bass og Nina Mari Antrobus på trommer.

– Me gler oss og satsar på å koma vidare til fylkesmønstringa, sjølv om me berre har fått øvd saman to gonger i haust, seier Ruben Risnes før dei skal på scena. Bandet har lokale dei kan øva i kvar måndag, men etter at Ruben flytta til byen har det vore vanskelegare å treffa kvarandre.

Bandet gjekk i fjor vidare til fylkesmønstringa i Grieghallen, men i år gjekk det  diverre ikkje like bra. Det var fleire som meinte at «Kaoss» var det beste rockebandet, men dommarane var ikkje einige med den avgjerda.

– Me må nok begynna å øva litt meir saman, og komma sterkare tilbake neste år, einest dei når resultata vert lagde fram. Dei tre radværingane har spelt saman i tre og eit halvt år, men er langt ifrå lei. Dei ønskjer å fortsetja vidare, men har elles ikkje spesielt store ambisjonar med musikken.

– Det er ein kjekk hobby som me likar å driva med, fortel Sondre Kvamme.

– Sjølv om me ikkje gjekk vidare er me godt nøgde med resultatet, og eg føler meg sjølv som ein vinnar, seier Ruben Risnes.

Teiknekunst
Sunniva Møster var ein av dei fem som hadde utstilt teiknarkunst på Ungdommens kulturmønstring. Den 15 år gamle jenta frå Meland har teikna heilt sidan ho klarte å halda blyanten, og det har gitt godt resultat. Ho brukar berre ein halvtime til ein time på kvar teikning, og då vert teikninga så å seia akkurat som ein kopi.

Bror hennar, Gisle Møster, var også med å stilla ut på kunstavdelinga. Han har teke flotte bilete, som han viste fram.

Alle vinnarar
Det var eit tydeleg fokus på at Ungdommens kulturmønstring ikkje var ein konkurranse men ei mønstring. Alle som fekk vera med der hadde all grunn til å sjå på seg sjølv som vinnarar.

 

Desse gjekk vidare:

Fylkesmønstringa vert ­arrangert i Grieghallen 10.-11. april.
 
Fedje kommune:  

• Malene Sjøvold Gullaksen
Sang: «Foolish games»

• Kaja Husa
Sang/gitar: «Just my luck»
 
Masfjorden kommune:  

• Dancing Dwarfs m/ Linn Mariell Tepstad Kvingedl og Vilde Korsøen Fjellby
Sjanger: dans

• Sygni Matre
Gitar/sang: «I'll always love you» Sjølkomponert
 
Lindås kommune                  

• Kjersti Litleskare
Fløyte
«De salige ånders dans»
Akkompagnatør:
Frode Skag Storheim

• Ane Jordal Møvik
Sang: «If I ain't got you»
av Alicia Keys

• Ida Rogde
Tre teikningar
 
Austrheim kommune

• Ad Arma
Rock: «Killing in the name»
Morten Lervaag, Anders Hjortland, Mats Misje

• Thomas Fonnes og Mats Skjerve, trylling

Meland kommune

• BOP
Rock: «Him» og «Alien» tekst/melodi: Håkon Rongevær
Benjamin Berland, Guro Rongevær Hopland, Håkon Rongevær, Solveig Rongevær og Magnus Heir

• Matilla Færevåg Bergen
Sang: «Close your eyes»

• Gisle Møster
Foto: «Norge»

• Sunniva Møster
Bilde «Neytiri»

Radøy kommune

• Melissa Baug
Klassisk: «The prayer»
Kristin Haukeland (kornett)
Klassisk: "Gopak"

• HTTP
Rock «Breathe» og «We are boken»
Daniel L. Grindheim, Mari Mellingen, Solveig Pettersen, Thomas Valdersnes og Vegard Valdersnes

• Anne Kristine Borgund
Bilete: «Jenta på kloden».


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler