På hovudet i dansen
– Eg visste ikkje kva dette var. Mamma sa det berre var vanleg turn, så eg vart litt overraska, seier Cornelia Hamre Haugland (9) som lærte å dansa halling onsdag.
Endret 25.08.10 16:54
– Det var av og til litt vanskelig å dansa og halda rytmen. Det er gøyare med berre turn, men han dansaren var veldig flink, og det var jo veldig gøy, held Cornelia fram.
Ho fekk mellom anna prøva seg på å gå på hendene og å sparka hatten av ein stokk. No har ho prøvd seg på hallingdans.
Engasjert mor
Radøy idrettslag er arrangørane av hallingdanskurset på Sletta. I spissen står ei engasjert mor. Kjersti Flatråker er ikkje medlem i idrettslaget, men ho er veldig interessert i dans og ville gje borna i bygda ein liten smak på noko spennande som hallingdans.
Kjersti Flatråker var tidligare med i ei folkedansgruppe, og ho kjenner Martin Myhr etter dansestudiar i Trondheim. Arrangementet er ein del av kystsogevekene, og med veldig velvillig innsats frå idrettslaget fekk dei sett saman dette kurset.
– Me kjem til å følgja opp med eit dansekurs i haust. Då framleis med folkedans. Det vert ein litt roligare type, men litt halling skal me òg ha, kjem det frå Kjersti Flatråker.
Kjend dansar
Mannen som heldt kurset, er ein veldig dyktig dansar som heiter Martin Myhr. Han jobbar med folkedans som frilansar. Myhr reiser mykje rundt heile landet og jobbar med mellom anna kurs, danseforestillingar og teater.
Han har vore med i juleførestillinga Putti Plutti Pott kvart år i 22 år no. Han er kanskje mest kjend frå dansegruppa som dansa til Alexander Rybak i Melodi Grand Prix, Frikar. Myhr har òg vore mykje på folkehøgskulen på Manger som gjestelærar.
Hopp og sprett
Fleire av borna som kom på kurset går på turn, og ein av dei sprekaste var Preben Friis Thomasen (9). Leikande lett reiste han seg opp på hendene og gjekk bortover opp ned. Han hadde ikkje store problem med å halda følgje med Myhr.
– Det er litt trangt sidan me er så mange, men det er veldig gøy. Å halda rytmen er ikkje så vanskeleg, seier Preben.
– Det er viktig for oss at ungane får oppleva levande musikk, så me har med oss tre lokale spelemenn på fele. Det var òg viktig at me hadde ein proff dansar, seier Kjersti Flatråker.
Godt oppmøte
Det var mange som møtte opp på dansekurset. To timar var absolutt ikkje for lang tid, og både foreldre og born koste seg. Kjersti Flatråker er nøgd med kvelden og har fått tilbakemeldingar om at folk vil dansa meir, og dei ser veldig gjerne at Martin Myhr kjem tilbake.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






