Strilen / Kultur / Riisnes går til filmen
Brukernavn 
Passord 
 
Riisnes går  til filmen

Riisnes går til filmen

MASFJORDEN: Erik A. Riisnes vert å sjå i NRK Fjernsynet neste år.

Publisert 01.09.10 18:27
Endret 01.09.10 18:26

Det er filmskapar Magne Helge Sleire som er i ferd med å laga fjernsynsfilm om Erik A. Riisnes.

– Han er ein av dei siste i ein utdøyande rase som tidlegare var talrik her i distriktet: fiskarbonden, seier Sleire til Strilen.

Erik A. Riisnes er bonde på Risnes i Masfjorden, der han driv både med mjølkeproduksjon og sau. Men i tillegg er han fiskar frå eigen sjark.

På land og sjø
Magne H. Sleire har følgt Erik A. Riisnes i arbeid både på garden og i fiskebåten, og arbeidet med filmen er enno ikkje avslutta. Mellom anna tek Sleire sikte på å vera med på sauesanking i haust.
Sleire har avtale med NRK, og den halvtime lange filmen vert send ein gong i løpet av våren neste år.

Krabbe
Erik A. Riisnes fiskar både etter dei vanlege fiskeslaga som finst i sjøen her, og etter krabbe. Han er også eit fast innslag på Torget i Bergen laurdagane, der han sel krabbefangsten. Der har også Sleire gjort opptak.

Riisnes har også vore engasjert i politikken i Masfjorden og vore ordførar.

– Han har meiningar om mangt, og det vil også koma fram i filmen, seier Sleire, som har søkt kraftfondet i Masfjorden om støtte for å laga filmen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler