Strilen / Kultur / Rockefest i Austrheim
Brukernavn 
Passord 
 
Rockefest i Austrheim

Rockefest i Austrheim

Laurdag 11. september vert det rockekonsert for alle i Austrheimhallen.

Publisert 01.09.10 18:30
Endret 01.09.10 18:30

– Me vil gje ungdommane i Austrheim ein sjanse til å oppleva ein skikkeleg rockekonsert, seier Knut Arild Haugland i Austrheim Rockeverkstad.

– Det er ofte vanskeleg for ungdommane å komma seg på konsert i Bergen, no vert det i staden ein proff konsert her ute med proffe band, og skikkeleg lyd og lys.

Sjølv om rockeverkstaden er for ungdommar, er konserten neste laurdag open for alle. Arrangørane oppmodar også vaksne til å ta turen, og ein treng ikkje vera redd for høg lyd.

– Me skal stå i døra og dela ut øyreproppar, seier Haugland.

Manglar ungdommar
Rockeverkstad har ein del pengar på bok, men manglar derimot ungdommar. No kliner dei til med storkonsert for å visa at ein kan nå langt med musikken.

– Me har gode lokale på Kaland, og også eit eige studio, seier Leif Håland, leiar i Austrheim rockeverkstad.

– I rockeverkstaden kan me gje hjelp og støtte til dei som vil spela i band.

Lærarkreftene er på plass, men den snart tjue år gamle rockeklubben har hatt litt dårleg rekruttering i det siste.
– Me må rett og slett gjera noko for å få opp aktiviteten, seier Haugland.

Fenrik Lane
Toppnamnet til konserten er bergensbandet Fenrik Lane. I tillegg spelar Testpilot der Frode Andreassen frå Fedje er med, og dei to lokale banda Gold´n Wings og Knark Bark (biletet). I det siste bandet spelar også leiaren i rockeverkstaden.

– Alle musikarar har hatt ein plass der dei har byrja med musikken. Austrheim rockeverkstad er ein slik plass, der ein kan byrja, seier Haugland og Håland. ­Rocke­verkstaden er tjue år i 2011.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler