Sjøsette austfjordbåt
OS: Austfjordbåten «Steinar» vart laurdag sjøsett i draumevêr på Bjørnefjorden.
Endret 13.12.11 10:24
Ei salig duft av tjøre og treverk fyller vognhallen som har fungert som båtbyggjarverkstad sidan tidlig i haust. Kvinner, born og menn flokkar til for å beundra den 160 år gamle austfjordbåten som står her, og ikkje minst, kopien av denne, som Øyvind Hosøy har bestilt og skal overta i løpet av dagen. Dei må bort og kjenna på treet, dei følgjer linjene i skroget med tindrande auge og fleire stikk nasen mot det tjørebreia treet for å snusa inn dufta.
– Dette er barndomsminne for mange, seier Hosøy som kjem frå ein av dei store båtbyggjarfamiliane i Nordhordland. Det var oldefaren og tippoldefaren hans som bygde den originale kyrkjebåten.
Brukar berre augemål
Kopien er bygt av Hallgeir Forstrønen Bjørnevik og Bjørn Ådne Kvalvik på rundt 900 arbeidstimar. Dei er begge båtbyggjarar på fulltid, men ingen av dei hadde bygt ein austfjordbåt tidlegare. Ved hjelp av ein raud tråd og Arne Høyland sin kunnskap om trebåtar frå Nordhordland, har dei kopiert kvar minste detalj av originalen etter augemål.
Særprega utforming
– Spesielt dei nedste borda framme, kalla halsar, er veldig forma, meir enn kva dei er på oselvarar for eksempel. Dette gjer at båten skjer inn i og brettar ut krappe fjordbølgjer. På Os er tradisjonen at ein høgg til treet og bøyer det, medan i Nordhordland er treet mykje forma før det vert sett i båten, seier Kvalvik.
Hardingen bur på Fedje og har helgependla til Os for å byggja båten.
– Austfjordbåten har fire bordgonger, medan ein oselvar har tre. Dette skiljet i byggetradisjon går omtrent ved Bergen. Dei høge stamntoppane gjer båten ekstra staseleg og gjev han eit mektig preg.
Byggjer for generasjonar
– Det å formidla denne båtbyggjarkompetansen gjennom nøyaktig kopiering, er meir berekraftig enn å vøla på gamle, skjøre damer som originalane gjerne her, seier Hosøy, men no er det ikkje tid for meir snakk.
Båten skal nemleg berast gjennom Os sentrum før sjøsettinga. Dei bukserer båten så vidt ut av vognskjulet før dei finn ut at det vart litt tungt, og nokon finn fram ei vogn slik at dei kan trilla båten i staden. Hosøy styrer i front, så kjem båten og årane med stort og smått av folk. Vel framme ved Oselvarverkstaden, får barnebarnet til eigaren, Tina Nordås (10) æra av å døypa båten og ønskja hell og lukke. Familien er òg dei første som får prøva båten på fjorden.
Oppkalla etter storebror
Medan folk prøvde båten etter tur, var det kaffi og noko attåt i «kongelosjen», naustet i Oselvarverkstaden.
– Båten har fått namnet «Steinar» som eit minne om eldste bror min, som var ei eldsjel på alt som minna han om gamledagar. Han var ein glad gut, ein av pådrivarane bak Torgdagane på 70- og 80-talet saman med Johannes Kleppevik og andre. Han likna Marlon Brando, med eit lurt blikk for dei verkelege damene der han sat i den skjøre originalen og prøvde å ro, prata, glo og ausa samtidig, sa Øyvind Hosøy i dåpstalen.
Og kva skal båten brukast til?
– Den skal eg bruka til å hjernevaska barneborna med sjøvatn, seier Hosøy.
DRAUMEVÊR: Betre førstetur kunne det ikkje vorte. Fire mann rodde, medan ein ausa det ferske fartøyet.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]






