Strilen / Kultur / Skjemtegauken Vidar
Brukernavn 
Passord 
 
Skjemtegauken Vidar

Skjemtegauken Vidar

Morosame Vidar Hodnekvam frå Knarvik vart kåra til beste ståopp-komikar under Skjemtegaukfestivalen i helga.

Publisert 12.07.10 14:23
Endret 12.07.10 14:22

Publikum lo så godt av Vidar Hodnekvam frå Knarvik sine sprell på scena under humorfestivalen Skjemtegauk, at dei kåra strilen til beste innslag.

Dermed har den svært morosame 27-åringen gjort seg fortent til tittelen «Årets Skjemtegauk» to år på rad, som første dobbeltvinnar i festivalen si sju år lange historie.

Humorfestivalen fann stad i Ulsteinvik på Sunnmøre i helga.


 
Lever av latter
Vidar Hodnekvam (27) frå Knarvik debuterte som ståopp-komikar i 2007.

Sidan har han vore ei sentral brikke i Stand Up Bergen, som arrangerer ståopp-show kvar veke i Visekjellaren på Ricks.

Hausten 2008 prøvde han seg også som skodespelar, då han spelte rolla som teikneseriefiguren Rocky.

Han har fått folk til å le på klubbscener i heile landet, og kan leva av å gje folk latterkrampe.


 
Kjende og kjærast
Hodnekvam hadde tøff konkurranse om å trimma publikum sine lattermusklar under humorfestivalen i helga.

– Kåringa har aldri vore jamnare enn det ho var i år, og få stemmer delte dei øvste i årets konkurranse, opplyser festivalleiar Åge André Breivik.


Hodnekvam kniva om komiprisen mot mellom anna kjende Janne Rønningen, tidlegare vinnarar Tore Haukanes og Christer Torjussen, og sin eigen kjærast Ellinor Christiansen. Ho vart kåra til årets nykomar på ståopp-scena på Humorfestivalen i Stavanger i 2008.

Dessutan var det også med ein annan kar frå Lindås, Ole Soo. Han har som Vidar også bakgrunn på Stand Up Bergen.


Sjå dei sjølve
Dersom du vil sjå klipp Vidar Hodnekvam og Ole Soo i aksjon, kan du mellom anna søka på www.youtube.com, eller sjå på Bergens Tidende sine nettsider under kategorien Tidig.

Der finn du klipp av dei morosame strilane, i selskap med kjende namn som Are Kalvø og Dagfinn Lyngbø.


Sommarshow
No i sommar er det også ståopp-show i Visekjellaren kvar fredag, med god sjanse for at nokre av dei morosame strilane brått står på scena.

Førstkommande fredag er Hodnekvam konferansier på Sommarstandup, medan han fredag 30. juli etter planen skal vera ein av fem komikarar på scena.

 

På bildet ser du Vidar Hodnekvam saman med konferansier Christer Torjussen. Foto: Åge André Breivik/Skjemtegauk


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler