Starta nynorsk på Facebook
Då Emil André Erstad i vår såg at Facebook hadde kome på norsk, ville han ha boka på nynorsk. No har han 5202 medlemer i Fjesbok-gruppa si.
Endret 05.09.08 18:04
– Eg vart faktisk ganske overraska over at ingen hadde kome på det før meg, seier han.
Som engasjert målungdom og senterungdom frå Tveiten på Manger, legg han ikkje skjul på at han vart litt provosert over å sjå at norsk i oversetjinga av det amerikanske nettsamfunnet var einstydande med bokmål. Difor var han ikkje sein om å ta kontakt med Facebook, med spørsmål om dei kunne leggja inn norsk (nynorsk) som eit nytt språkval.
Og det ville dei gjerne. I tillegg bad han dei oppretta ei side der han kunne oppmoda folk å koma med forslag til omsetjing av menyane og brukargrensesnittet elles på sida. I Facebook-verda er det nemleg brukarane sjølve som vel korleis eit ord skal oversetjast ut i frå stemmegjeving. Fleirtalet bestemmer.
5202 medlemer
Det var 29. april i år Emil André starta gruppa «nynorsk på Facebook». To dagar seinare var det passert 700 medlemer, og to veker seinare 2500 medlemer.
– Eg hadde eit lite håp om at det kanskje ville melda seg 100, kanskje 200, så eg vart ganske overraska, seier han.
Sidan i vår har nyheita om nynorskgruppa spreidd seg som eld i tørt gras, og gliset til Emil André vert breiare og breiare.
– No la faktisk medlem nummer 5202 seg akkurat inn, så det er framleis håp for nynorsken, seier han medan han sjekkar statusen på sida.
Heftige diskusjonar
På sida er det også opna for diskusjonar kring omsetjinga. Nett no er det bruken av «vi» eller «me», som er mest diskutert. I tillegg er det ulike meiningar om det engelske ordet «Item» skal oversetjast til element eller stykke, og om «Wall» skal oversetjast til tavle, mur eller vegg.
– Engasjementet er stort, og det er kjempegøy, seier Emil André og viser til at heile 579 brukarar for tida tek del i omsetjinga.
I menyane på sida er «bilder» no omsett til «bilete», «rediger» til «endra» og «account» til «brukarkonto». I tillegg er blant anna «fødselsdag» omsett til «åremålsdag», «application» til «attåtfunksjon» og «singel» til «utan fast følgje».
Skriv nynorsk, snakk dialekt
Emil André meiner grunnen til at nynorsken døyr ut, er at han ikkje vert brukt nok. Difor håper han at Fjesboki kan bidra til at fleire, spesielt ungdom, vel å bruka nynorsk til dagen.
– Eg synest det er synd at ungdom som er fødde og oppvaksne på strilelandet slår om til bymål etter å ha gått eit halvt år på skule i byn – som om dialekten vår ikkje er bra nok. Eg synest ikkje me har det minste å vera flau over, det handlar jo om identiteten vår, og nynorsk er kult, slår han fast. Provosert vert han også når folk som snakkar nynorsk dialekt til dagleg, brukar ein bokmålsliknande tone på MSN. Av og til ser han det same på SMS-meldingar.
– Dei som vil forstå oss, forstår oss. Me treng ikkje gjera oss til, meiner han. Sjølv brukar han gjerne dialekt når han er på MSN eller sender tekstmeldingar.
Fjesboki
At Facebook vart omsett til «Fjesboki», var mest på tøys og for å vekkja merksemd. For Emil André har liten sans for den ekstreme og konservative nynorsken, trass i at Ivar Aasen er helten.
– Meininga er å bruka ein rein og høveleg nynorsk som kan brukast i heile landet. Nynorsk er jo som Ivar Aasen sa, det einaste språket alle norske dialektar byggjer på. Bokmål byggjer jo på dansk og vert kalla dano-norwegian på engelsk, seier han.
Så langt har han ikkje klart å omvenda så mange av bokmålsvenene sine til nynorsk, men han jobbar med saka.
– Når dei bed meg å retta nynorskleksene deira, er eg heile tida frampå og rår dei til velja nynorsk som hovudmål, om dei vil ha betre karakterar. For bokmål får dei nok av elles. I teorien skal det vera to likestilte målføre her i landet, men i praksis er det jo berre me som meistrar begge målføra like godt, seier han.
Vel nynorsk
Sjølv bur han på hybel i byn på andre året og går på Tertnes toppidrettsgymnas. Der er dei seks i norskklassen som har nynorsk som hovudmål. Resten har bokmål, med eit nynorsknivå på linje med den ti år gamle veslesøstera til Emil André, forklarer han.
– Det er heilt gale. Ei av årsakene er sjølvsagt elevane si haldning til nynorsk, men det gjer det ikkje akkurat lettare at sidemålsundervisninga er altfor dårleg, seier han.
Frisk som ein fisk
Når Emil Andre ikkje reklamerer for nynorsk på nettet, leier Bergen Målungdom eller jobbar for Senterungdommen, trenar han. For no er den habile mellomdistanseløparen tilbake etter eit halvt års sjukdom.
– Eg gjekk ned for teljing rundt juletider i fjor med diagnosen ME (Myalgisk Encefalopati, også kalla kronisk utmattingssyndrom). Men eg fekk hjelp og vart frisk att i mai. No trener eg som aldri før, og skal satsa for fullt frå neste sesong.
Mange ballar i lufta
No skal han også starta opp KRIK på Manger. Det er eit kristent tilbod for idrettsinteresserte. Og seinare i haust går han inn som nestleiar i Nordhordland Senterungdom i tillegg til styrevervet han har i Hordaland Senterungdom.
– Får du tid til å følgja opp Fjesboki oppi alt dette då?
– Ja, det går fint, eg brukar berre opptil ein halvtime for dagen, seier den engasjerte syttenåringen.
Facebook
• Eit amerikansk nettsamfunn, opphavleg laga for universitetsstudentar og -tilsette i USA, men har sidan spreidd seg til andre bruksområde, inkludert vener, skular og geografiske område.
• Eit sosialt nettverk, der brukaren kommuniserer ved at ein profil vert oppretta. Der kan han/ho skriva om seg sjølv, leggja ut bilde og snakka med andre.
• Nettsamfunnet har meir enn 76 millionar aktive brukarar på verdsbasis, og om lag 576 000 norske brukarar per 29.07.2008.
• Facebook begynte i 2008 å utvikla konseptet på fleire språk, blant anna norsk, spansk, dansk, tysk, fransk og nederlandsk. Og no også nynorsk!! Oversetjinga skjer av Facebook-brukarane sjølve, som stemmer for eller imot oversetjing.
Kjelde: Wikipedia
Nicholas (15) skal leia polosatsing
MELAND: Sist helg fekk Nicholas Eliassen Tveit spela kajakkpolo med dei beste i Noreg. No vil han freista andre til å prøva ein spennande sport.
Meiner media har låst Overå-saka
Ankesaka til tidlegare kateket i Ostereidet sokn, Leikny Overå, starta måndag i Gulating lagmannsrett. Advokatane Nils Kristian Ormestad Lie og Anne Marie Due representerer kvar sin part.
Siste kortnytt
- Planstart for kabelferje [07.09.10 11:35]
- Droppar rapportering [07.09.10 11:34]
- Nevekamp ved Shell [07.09.10 11:32]
- Slagsmål på UtenRick’s [06.09.10 18:20]
- To nye bilinnbrot [06.09.10 18:18]
- Arbeidsulukke på Statoil [06.09.10 14:43]
- I fjellveggen på Flatøy [06.09.10 14:40]
- Ingen morgonpromille [06.09.10 14:37]
- Modalen har plass til alle [03.09.10 18:10]
- Berre rykte [03.09.10 18:08]
- Ni bilinnbrot [03.09.10 18:05]
- Folkemøte om prestestriden [01.09.10 18:21]
- Vurderer 50-sone [01.09.10 18:20]
- Havsportveka skjenka mindreårige [01.09.10 18:19]
- Holmaas vann i NCC-leikane [31.08.10 14:07]
- Kjørte påverka [31.08.10 14:05]
- Stal brannslukkingsapparat i tunnel [31.08.10 14:06]
- E39 stenger [30.08.10 18:21]
- Med pappskilt og utan førarkort [30.08.10 18:20]
- Eitt førarkort og 18 bøter [30.08.10 18:19]
Mest lest
- Det er ikkje eit naust [28.08.10 15:16]
- Facebook-gruppe støttar Overå [30.08.10 18:14]
- Hamna i fjellveggen [16.08.10 11:07]
- Tanita i X Factor [31.08.10 14:29]
- Føler seg mobba av bispen [24.08.10 10:50]
- Eit folkehav [05.09.10 17:56]
- Passar munnen etter heftig symjetur frå Fedje [17.08.10 10:53]
- Asfalt for millionar [13.08.10 17:17]
- Toppar fjoråret [13.08.10 18:25]
- Brua er på plass [03.09.10 13:17]
- Tobias (12) vann bil [05.09.10 16:36]
- Ekstrem moro [16.08.10 13:40]
- I fengsel for svindel [28.08.10 15:17]
- Byggjer ei bru, neste må venta [16.08.10 18:14]
- Smell ved flytebrua [25.08.10 09:13]
- – La Mongstad redda Bergen og skåna Hardanger! [06.08.10 17:38]
- Lindås på veg mot 15.000 [20.08.10 17:38]
- No startar kystsogevekene [11.08.10 12:53]
- Kritisk til trafikksikringplan [11.08.10 18:08]
- Poesi i blæst [21.08.10 18:55]
Mest tipset
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Anne klar for Grand Prix [30.12.07 13:19]









