Stemningsfull debut
KNARVIK: Med fantasifulle og leikne låtar håpar Monica Eide å syngja seg inn i hjartet til folk.
Endret 02.03.10 10:14
– Me sa i førevegen at om det dukka opp to personar var me nøgde. Så i dag er me kjempenøgde, smiler Monica Eide (29) frå Eikanger.
Saman med bandet sitt heldt ho minikonsert i Knarvik Senter fredag kveld. Dei mange som tok eit avbrekk i handleturen sin for å lytta til det lokale talentet fekk høyra både leiken, fantasifull og stemningsfull musikk, samstundes som dei kunne sikra seg debutalbumet Carousel og autograf frå artisten.
På heimebane
– Det er litt spesielt å kjenna annakvart fjes når ein står på scena, smiler ho når Strilen spør korleis ho synest det er å spela på heimebane.
Minikonserten var første konserten Eide har hatt i Nordhordland etter at plata kom ut, og ho tykkjer det er stas å syngja for sambygdingane.
– Ein vert litt ekstra nervøs når det er så mange eg kjenner, men det er veldig kjekt, fortel ho.
Eigen stil
Den talentfulle dama har spela musikk heile livet. Og gjennom platesatsinga dei siste to åra har ho jobba seg fram mot eit eige særpreg.
– Musikken er ei blanding av både pop og jazz for å nemna noko. Eg har henta inspirasjon frå musikk eg likar sjølv, og ut i frå det laga musikk eg sjølv kunne tenkt meg å lytta til, fortel ho.
Lokalt band
Dei fleste medlemene i bandet hennar kjem frå Nordhordland.
– Bandet blei eigentleg til litt etterkvart som låtane vart til. Undervegs oppdaga eg til dømes at det hadde vore fint med cello ein plass, og koring ein annan plass, så då byrja eg å leita etter folk som kunne det, seier ho.
Og ho trong ikkje gå så langt. På kontrabass har ho lillebror Vegard, som også syng litt duett med systera. Og på slagverk har ho Sondre Veland frå Stranda. Den einaste ho har henta lenger vekke ifrå er Charlotte Asserson frå Bergen på cello, mandolin og som korist.
– Dei er kjempeflinke og inspirerande musikarar alle saman, legg ho til.
God respons
Medan Strilen snakkar med henne kjem det mange bort som ønskjer å kjøpa ei signert plate. Og dei gode orda let ikkje venta på seg.
– Ho er kjempeflink! Dette er musikk eg kan lika, seier Vigdis Namdal som fekk med seg konserten frå byrjinga til slutt, pluss signert plate.
– Veldig fint å høyra på! sa andre.
Monica ser ut til å trivast med å signera plater, og signeringa i senteret gav henne god øving i å skriva autograf.
– Eg skulle kanskje funne ein autograf som gjekk litt kjappare å skriva, smiler ho og legg til.
– Kanskje ein fin signatur der eg berre brukar M og E hadde vore noko, avsluttar ho.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






