Storferd til Shanghai
Manger Skulemusikklag skal til Shanghai.
Endret 26.02.10 19:49
Der skal dei spela på verdsutstillinga Expo 2010. Seint onsdag fekk korpset beskjed om at det vert utferd til Kina.
– Vår største utfordring no er at me har svært kort tid på å planleggja og få alt på plass. Me har det veldig travelt, men korpset fer, seier turplanleggjar Rune Oldervik.
26. mai går Shanghai-flyet, og tilbaketuren vil skje 2. eller 3. juni, litt avhengig av korleis det høver med flymulegheiter.
Fredag ettermiddag var Rune Oldervik ikkje langt unna å ha flybillettane klare. Han reknar med at det vert ei gruppe på 65 personar som tek laus. 35 vil vera musikantar, medan dei andre er foreldre og eit par born som må vera med.
Fekk førespurnad
Bakgrunnen for ferda er at Manger Skulemusikklag som eitt av tre skulekorps i Noreg fekk spørsmål frå Noregs Musikkorps Forbund, Inno-vasjon Noreg og Utanriks-departementet om dei kunne tenkja seg å reisa til Expo 2010 i Shanghai. Berre eitt korps skulle plukkast ut til å representera på Noregs dag på verdsutstillinga som vert arrangert 28. mai.
Styret i Manger Skule-musikklag tente på ideen med ein gong, og medlemene heiv seg på telefonen til musikantar og foreldre.
– Alle ville vera med på dette her. Dette var ein slik sjanse me berre får ein gong i livet, så den lot me ikkje gå frå oss. Foreldre var raske til å melda seg på. Me hadde årsmøte i korpset torsdag, og då fekk me fleire påmeldingar, utan at folk veit kva dette vil kosta.
Ein del å løysa
– Me har nokre utfordringar som me må komma rundt. Sjølve turen må me ordna og betala sjølve, og det betyr at me må finna sponsorar og midlar. Elles vil den norske delegasjonen på Expo 2010 hjelpa oss med mange praktiske ting medan me er i Shanghai og ordna transportar der, seier Rune Oldervik.
Ei slik storferd vil kosta over ein halv million kroner. Det trengst sponsorar til iallfall å dekka reisekostnadene for sjølve korpset som kjem på noko mellom 300.000 og 400.000 kroner. Ingenting er avklara så langt, men ganske straks kjem det i gang ei jakt på sponsormidlar. Statoil er ein del av sponsorlauget som bidreg til den norske deltakinga på Expo 2010, og dei får sjølvsagt ein førespurnad.
Vil ha alle med
Når Manger Skulemusikklag er i Kina, føregår eksamenar for elevar på vidaregåande skular, men Innovasjon Noreg vil hjelpa til med å finna ordningar for at korpsmedlemer skal få teke eksamenar.
– Me vil ha alle musikantane med. Det er ein stor del av vitsen med ein slik tur. Foreldra er også så positivt innstilte at alle praktiske utfordringar som måtte dukka opp, skal la seg løysa, meiner Oldervik.
På Expo 2010 i Shanghai er Kalle Fürst direktør for dei kulturelle arrangementa som er knytte opp mot Noreg si deltaking. Fürst seier seg svært glad for at det var muleg å få eit norsk skulekorps i toppklasse til å reisa.
Skulemusikktradisjon
– Den sterke norske skulemusikkorps-tradisjonen er noko heilt spesielt som me ville markera, særlig på Noregs dag. Manger Skulemusikklag skal opna dagen med å spela den norske nasjonalsongen, til stor skilnad frå opningane av andre land sine markeringsdagar. Eg trur at desse dagane utan unntak vert opna med musikk frå kinesiske militærorkester.
Fürst fortel at den norske delegasjonen på Expo 2010 har sendt inn søknad til kinesiske myndigheiter for at dei skal tillata at Manger Skule-korps kan framføra «Ja, vi elsker». Det er mykje byråkrati i Kina, og myndigheitene forlangar i god tid på førehand å få ganske nøyaktig beskjed om kven som kjem og kva slags oppgåver dei har.
Kronprins Haakon
– På Noregs dag vil kronprins Haakon vera til stades saman med tre regjeringsmedlemer og representantar frå ulike departement, næringsliv og forsking. I løpet av dagen skal Manger Skulemusikklag spela på fleire arrangement, og dei vil også spela på 1. juni som er Barnas Dag i Kina. Me vil elles prøva å få Manger Skule-musikklag til å spela ute i gater og på plassar i Shanghai, slik at me kan få vist fram litt av den gode og omfemnande korpstradisjonen me har i Noreg, seier Kalle Fürst. Han er sjølv gammal korpsmusikar og entusiastisk til at det vart napp hos Manger Skulemusikklag.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






