Storslått «Messias» i Myking kyrkje
LINDÅS: Flotte solistar, dyktig kor og gode musikarar. «Messias»-framføringa søndag var ei fin oppleving.
Endret 20.12.11 13:49
Messias av Georg Friedrich Händel
Myking kyrkje søndag 18. desember
• Sopran: Kjersti Wiik
• Alt: Tone Kvam Thorsen
• Tenor: Tore Kloster
• Bass: Magne Fremmerlid
• Alversund Kammerkor
• Kammerorkester, kapellmeister Gunvor Holtlien, trompetsolist Erlend Aagaard-Nilsen
• Dirigent: Odd Leif Mjøs
«Messias» av Georg Friedrich Händel er eit mektig verk som tek for seg mykje av bibelsoga, frå dei gammaltestamentlege profetiane om Messias, til Jesu fødsel, død og oppstode.
Tekstane er kraftfulle og dramatiske, til dels patosfylte i ei gammal språkdrakt frå King James Bible frå 1600-talet.
Händels musikk varierer med innhaldet i tekstane, frå det alvorstyngde og sorgfulle til det lystige og jublande, og det kom også godt fram i konserten på Myking.
Mektig bass
Av solistane imponerte kanskje bassen Magne Fremmerlid mest. Han har ei mektig stemme som nesten vart for stor for Myking-kyrkja. Det var lett å høyra at han er profesjonell operasongar som er van å syngja i store lokale. Fremmerlid fekk godt fram det dramatiske i teksten, og ikkje minst «For behold, darkness shall cover the earth» var mektig og gripande.
God Kjersti Wiik
Lindås eigen Kjersti Wiik var tilbake som sopransolist, og ho kom svært godt frå oppgåva. Ho song med innleving og kraft, og for denne meldaren var sluttsongen hennar, «I know my redeemer liveth», høgdepunktet.
Tenoren Tore Kloster var eit nytt bekjentskap, men han hadde ei god og kraftig stemme og fekk godt fram innhaldet i teksten.
Alten Tone Kvam Thorsen kom og greitt frå oppgåva, men mangla den varme klangen i stemma, og det er synd, for alten har nokre av dei vakraste solopartia i heile verket.
Godt kor
At Alversund kammerkor er flinke, visste me frå før, og dei meistra oppgåv svært godt. «Messias« er litt av ei kraftutfalding. Verket varer i over to timar, og koret er med mykje av tida. Og der er mange utfordrande parti, som lett kan falla frå kvarandre viss ikkje koret er presis og på hogget.
Igjen må me særleg rosa sopranane, som var kraftige og klare. Også dei andre stemmene klarte seg godt, men tenorane kunne gjort meir av seg.
Dyktig orkester
Orkester var samansett av innleigde musikarar frå Bergen Filharmoniske Orkester, pluss nokre lokale musikarar. Kapellmeister var Gunvor Holtlien, og orkesteret kom svært godt frå oppgåva, ikkje minst i den vakre Pastoralesymfonien.
Engasjert dirigent var Odd Leif Mjøs. Han var som ein ballettdansar framfor kor og orkester, stundom på ein fot, stundom bøygd framover eller bakover så ein var redd han skulle missa balansen.
Den flotte konserten hadde fortent fleire tilhøyrarar. Det var god plass i Myking kyrkje, som framstår vakrare enn nokon gong etter oppussinga.

UNG: Tore Kloster er ein ung tenor, som sist song saman med Alversund kammerkor i Juleoratoriet av Bach i 2008.

MEKTIG: Magne Fremmerlid imponerte med si mektige bassrøyst.

SOLIST: Erlend Aaagard-Nilsen var solist på trompet og kom svært godt frå oppgåva, mellom anna i »The trumpet shall sound». Bak Hogne Olai Holmås, som spela pauker. Hallgeir Øgaard spelte orgel.
Livar Aksnes
FLOTT: Kjersti Wiik var sopransolist og song betre enn nokon gong.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]






