Strilen / Kultur / Syng på slottet
Brukernavn 
Passord 
 
Syng på slottet

Syng på slottet

Del | |

Garness frå Frekhaug gjer TV-opptak av konsert på Slottet i dag torsdag, og kjem på NRK laurdag.

Publisert 15.12.11 09:53
Endret 15.12.11 09:54

Søstrene Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad spelar jula inn landet rundt.

– I dag skal me til Slottet for lydprøvar, og i morgon skal me tilbake til sjølve konserten, seier Ingelin Reigstad Norheim.

Då Strilen fekk tak i henne i går, sat ho og søstera på flytoget frå Gardermoen til Oslo. Dei var på veg til lydprøvane til konserten som skal visast på NRK 1 laurdag kveld.

Til fond
– På Slottet skal me synga «Her kommer dine arme små», saman med Marit Larsen, seier Ingelin Reigstad Norheim.

Søstrene har spelt inn denne songen saman med Marit Larsen til ei plate som Kronprinsparets Fond har teke initiativ til.

Plata heiter «Vi tenner våre lykter», og ein del av inntektene skal gå til Kronprinsparets Fond og deira arbeid for ungdom. Nettopp ungdommar frå ulike prosjekt er gjestar under konserten i slottets store festsal.

– Ærefullt
– Det er ærefullt å vera med på ei slik plate, og få spela på Slottet, seier Reigstad Norheim.

Kringkastingsorkesteret er med både på plata og under konserten som kjem på TV laurdag.
Den siste månaden har vore temmeleg hektisk for tvilling­søstrene frå Frekhaug, som har jobba heiltid med musikken dei siste åtte åra. Juleturneen er no i ein hektisk innspurt.

I Bergen søndag
– Etter lydprøvane i dag skal me til Skien for å ha konsert, laurdag spelar me i Grimstad, og så i Bergen søndag.

Konserten søndag kveld er i Korskirken i Bergen. Så skal dei ha to konsertar i Domkirken i Bergen onsdag 21. desember, saman med Marit Larsen.
På knappe to veker har dei to gjort unna ti konsertar, i Oslo-området, på Sørlandet og i Rogaland, før finalen i Bergen.

– Sjølv så starta eg med adventspynting og baking av peparkaker den 20. november. Eg visste at det vart lite tid til slikt no rett før jul, seier Ingelin Reigstad Norheim.

I gruppa Garness er dei fire på scena og ein på lyd. Søstrene har med seg Torjus Vierli, Thomas Gallatin og Eirik Stakkeland.

Utselt plate
Den siste plata tvillingane har spelt inn, juleplata «Barnet i krybben», er snart utselt.

– Det er stadig spørsmål etter den, tre år etter at plata kom ut. Særleg når me har julekonsertar er det mange som vil ha med seg plata, som minne eller kanskje som ei julegåve.

Elles er musikken tilgjengeleg mellom anna i Apple sin musikkbutikk Itunes, både denne juleplata og «The Good or Better Side of Things» frå 2008.

– Me jobbar med ny musikk også, men har ikkje konkrete planar for når plata kjem. Kanskje vert det i løpet av 2012, seier Ingelin Reigstad Norheim, som reknar med at det vert litt mindre musikkjobbing neste år sidan ho skal ha barn i februar.

I Tyskland
Garness-søstrene var med på Lysfesten i Bergen 26. november, den tradisjonelle markeringa av at førjulstida er i gang. Dagen etter var dei med på julegrantenning i Berlin, der det norske treet er plassert ved Brandenburger Tor.

– Me spelte i samband med julegrantenninga i Berlin, og så hadde me to julekonsertar med Garness i Tyskland helga etter.

Søstrene har vore i Tyskland også tidlegare og er kjende der, mellom anna frå turnear med Oslo Gospel Choir. Dei to konsertane var utselde, og Garness fekk god respons.

– Eg har aldri opplevd så mykje applaus som under konsertane i Tyskland. Det har vore god respons også under turneen i Noreg, men nordmenn er litt meir reserverte, seier ho med eit smil.

Skryt frå Larsen
Tvillingsøstrene får mykje skryt av Marit Larsen, som syng med dei både på juleplata til Kronprinsens Fond og under konserten som skal sendast på TV laurdag.

– Juleplata deira er den finaste juleplata som nokon gong er laga i Noreg, seier Marit Larsen i eit intervju hjå avisa Dagen.

Larsen var også med til Berlin i samband med lystenninga av den norske julegrana ved Brandenburger Tor.

– Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad er så enormt musikalske og originale. Lyden av dei er nesten magisk, seier Larsen til Dagen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler