Tanita i X Factor
LINDÅS: Fredag kan du kanskje sjå Tanita Kolås frå Seim i talentkonkurransen X Factor på TV 2. (Foto: Øyvind Ganesh Eknes)
Endret 31.08.10 14:29
– Eg har ikkje lov å seia om eg kom med vidare, eller om eg rauk ut alt på audition. Det er ikkje offisielt før på fredag, seier den nitten år gamle syngedama på telefon frå Kypros. For alt me veit, kan ho ha gått heilt til topps i konkurransen og vore med å spelt inn alle dei 21 programma som no er ferdige.
– Å ikkje få lov til å fortelja om korleis det har gått til andre enn dei aller nærmaste familien, er grådig vanskeleg, så eg gler meg til sendingane kjem i gang så eg får ut litt av spenninga, seier ho.
Vil satsa på musikk
Heilt sidan ho var lita jente, har Tanita likt å syngja. Og mindre synging har det ikkje blitt med åra. Med bandet, «Tanita and the killerband», er Tanita rett som det er å sjå på scena her heime. Og no skal vert ho kanskje å sjå henne på tv-skjermen i tillegg.
– Det får me no nett sjå, ler ho lurt.
Sjølv om Tanita i februar tok sveinebrev som frisør, er det musikk ho vil satsa på framover. Frisøryrket kan ho ha i bakhand, meiner ho.
– Eg tenkte X Factor kunne vera ei fin moglegheit til å koma litt på veg, seier ho.
– Kor langt satsar du på å koma?
– Langt.
Nervepirrande audition
I mai var ho på auditon i Bergen, og det var forferdeleg nervepirrande, sjølv for Tanita som er van med å stå på scena. Men det hjelpte å ha med vener og familie, fortel ho.
– Det var lang venting og eg var veldig nervøs, spesielt for Jan Fredrik Karlsen, utan at eg veit heilt kvifor. Kanskje det rett og slett var fordi eg visste kven eg skulle syngja for, seier ho. Under audition song ho Amanda Marshall sin «Let it rain». Til den fekk ho lov å ha med seg playbackmusikk.
– Eg kunne spelt eit instrument sjølv i staden for, men eg hadde nok med synginga, ler ho.
– Kva skjer med musikkplanane dine om du ikkje kjem vidare i X Factor?
– Eg vil satsa på musikk uansett. Trur ikkje det vert plate med det første, men eg har veldig lyst å satsa på det over litt tid, seier ho.
Fredag kveld klokka 19.30 sit Tanita garantert klistra til tv-skjermen.
– Eg har mest lyst å sitja heilt åleine i kjellaren heime der eg bur, men det vert vel ei samling oppe i stova, kan eg tenkja meg.
– Korleis vert nervane den kvelden då, trur du?
– Ikkje fullt så gale som under audition, men sikkert ikkje langt ifrå, ler den unge og talentfulle songfuglen frå Seim.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






