Torsheim fylte Dalheim
LINDÅS: Oddvar Torsheim fylte ungdomshuset Dalheim på Hundvin laurdag.
Endret 10.02.09 11:02
– Showet de skal få sjå no har de aldri sett liknande til før, lova Birger Meland då han introduserte Oddvar Torsheim.
Og dei frammøtte fekk sjå Torsheim syngja og fortelja vitsar.
Fulle hus
Leiar for ungdomslaget Nybrot, Marit Trædal, fortel at arrangørane la ut 250 billettar på førehandssal. Alle vart selde.
– Det har vore ein del som har kome til oss med ønske om å få Torsheim til Hundvin, så me tok kontakt med han, og det passa med hans program, fortel Trædal.
Torsheim vart kjend over heile Noreg i fjor, då han var med i «Norske talenter», der han song Beatles-songar på nynorsk.
– Den der «Love me do» var vanskeleg å omsetta til nynorsk, men eg oversette den direkte til «lov meg det no», sa Torsheim, til stor latter i salen.
Godt nøgde
At dei frammøtte fekk valuta for inngangspengane, var det ingen tvil om. Innimellom songane sine slo Torsheim til med vitsar.
– Du veit, han der Michael Jackson kan aldri synga den der Vær glad for den nasa du har, for han har jo inga, sa Torsheim.
Etter dette gjekk det slag i slag med song og vitsar.
– Me har fått veldig gode tilbakemeldingar frå folk, og det verka som om alle var godt nøgde med kvelden, seier Trædal.
Kvelden starta kl 21.00 med Torsheim-showet, som varte litt over ein time.
Heldt ut
Då showet til Torsheim var over, signerte han plakatar av seg sjølv til dei som ville ha.
– Det var mange som nytta seg av sjansen til å skaffa seg ein plakat, fortel Trædal.
Og då han var ferdig med dette vart stolane rydda ut av storsalen, og det var klart for dans.
– Birger Meland spelte heilt til klokka to på natta, så han heldt ut lenge. Medan han spelte koste Torsheim seg ute på dansgolvet, og dei var der til det var slutt begge to, fortel Nybrot-leiar Marit Trædal.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






