Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Endret 22.05.12 09:51
Slik introduserte Eilif B. Løtveit pianisten Rune Alver under det som vart reine kulturkvelden i Manger kyrkje søndag kveld. Som museumskonsulent på Troldhaugen er Løtveit kjend for å vita det som er verd å vita om Edvard Grieg.
Og få kjenner musikken til Grieg betre enn Rune Alver. Når den 17 år gamle Sæbø-sopranen Lydia Hoen Tjore i tillegg var invitert som solist, kan ein berre tenkja seg resten.
Firhendig Brahms-debut
Konserten opna firhendig med «8 Valser frå Op. 39» med Rune Alver og Inger Johanne Ektvedt bak flygelet. Ektvedt har gitt det blankpolerte Schimmel-flygelet til Manger kyrkje med den klausulen at ho av og til får lov å spela på det. Og no klarte ho ikkje halda seg lenger.
– Han veit at eg øver, elles hadde eg ikkje fått lov, ler Ektvedt i pausen når Strilen spør korleis ho tør spela med sjølvaste Rune Alver.
Ektvedt avslørte at ho aldri har spelt Brahms før, verken åleine eller med Alver, men at Alver gjer henne trygg.
– Og så får eg alltid lov å spela melodien, det er jo den som er mest morosam å øva på, legg ho til. Etter konserten understreka ho at flygelet på Manger er det blankaste og finaste ho har sett.
– Eg har ikkje polert mindre på det, kvitterte kyrkjetenar Sølvi Helen Kvalheim Mjøs, som ikkje let kven som helst koma nær den dyrebare gåva.
Heime best
Å kunna ha ein konsert som dette, med berre lokale krefter og nesten heime, sette alle stor pris på. Eilif Løtveit hevda til og med at dersom Nordhordland hadde vore eige bispedøme, ville «Mangerkjerka» definitivt vore domkyrkja. Han sparte heller ikkje på adjektiva då han nok ein gong takka ekteparet Ektvedt for alle flygela dei har gitt både til nordhordlandskommunane og fleire kommunar på Austlandet og i Nord-Noreg.
– Eg trur me trygt kan kalla Inger Johanne heile Noregs «Flygelmesén», sa han.
Gjer Grieg på sin måte
Som den musikalske landskapsmalaren Grieg var symbolet på Noreg, er ikkje Rune Alver langt frå symbolet på Edvard Grieg. I 2008 gav han ut plata «Le nouveau Grieg» med Grieg sine slåttar og siste «Lyriske stykke» på Grieg sitt eige flygel på Troldhaugen. Sidan har han halde konsertar i Kina, Moskva, Frankrike, Tyskland og no på Manger. Likevel likar han ikkje å bli omtalt som Grieg-ekspert.
– Nei, for eg gjer Grieg på min måte. Det er faktisk halve jobben, seier han. Om Grieg ville likt stilen hans, trur han faktisk.
– Det finst ingen rett måte å spela Grieg på, men han ville hørt at eg likar musikken, og då trur eg han ville vore nøgd, seier Alver.
Populær i utlandet
Alver fortel at det som er kjekt med å spela Grieg i utlandet, er at dei har høyrt Grieg før.
– Grieg sine melodiar har fine harmoniar og er lette å hugsa. Melodiane hans vekkjer også nasjonalkjensle. Han hadde mange internasjonalt gangbare idear, seier Alver.
Søndag opna han si avdeling med «Lyriske stykke Opus 47». Den samlinga inneheld «Valseimpromtu», «Albumblad», «Melodi», «Halling», «Melankoli», «Springdans» og «Elegi». Seinare tok han føre seg
«Opus 57», med «Svundne dager», «Gade», «Illusjon», «Hemlighet», «Hun danser» og «Hjemve».
Desse og nokre skal han også spela på Troldhaugen i august. Då skal han vera vekas pianist i ei veke.
Og så kom diamanten…
Leikande lett, som alltid og med ei innleving som få, vekte Alver nasjonalkjensla på Manger også. Og mindre gåsehud og nasjonalkjensle vart det ikkje då gjestesolisten Lydia Hoen Tjore stemte i Grieg sin «Solveigs sang». Lydia song også Grieg sin «Blåbær-Li» frå Haugtussa av Garborg Op. 67, «Allergro» frå Exsultate Jubilate KV 165 av Mozart og «Il Bacio» (Kysset) av L. Ardetti.
Lydia fortel at ein av grunnane til at ho har valt opera, er at ho også likar skodespel og dans. At dette fint let seg kombinera, fekk ein av karane i salen erfara. Før han visste ordet av det, stod Lydia nemleg rett framfor han og bad om eit kyss.
Til Strilen var det ein som etter konserten kalla henne ein uslipen diamant, men det var ikkje Rune Alver heilt einig i.
– Ho er ein diamant ja, men eg synest ho er godt slipt allereie, lo han.
Gav meirsmak
Søndag var hennar første samarbeid med Rune Alver, og det gav meirsmak.
– Å få syngja med ein som er så etablert som han, er heilt fantastisk. Eg lærte masse av han. Dessutan passar Grieg sin musikk veldig godt til unge stemmer, seier 17-åringen som har eit klart mål om å bli internasjonal operastjerne.
Til hausten flytter ho til København for å ta bachelor i opera på Det Kongelige Danske Musikkonservatorium.
– Eg kom inn på fleire, men dette er det beste for meg, seier ho.
Alle fekk
Etter ein liten prat med publikum viste det seg at folk var komne både frå Meland, Bergen, Arna og Knarvik for å få med seg konserten. Nokon var komne for å høyra Lydia, andre for å høyra Rune Alver. Men det som gjekk igjen, var at alle fekk sitt og vel så det.
– Eg har berre sett Lydia på fjernsynet, og har gledd meg veldig til å oppleva henne «live». Det kunne ikkje bli betre enn dette, sa Aud Helland med eit stort smil.
Trass i det fantastiske søndagsveret vart det selt heile åtti billettar. Det var Inger Johanne Ektvedt og Rune Alver som tok initiativet til konserten, som kommunen støtta og soknerådet velvillig husa.
GRIEGKJENNAR: Eilif B. Løtveit hadde som vanleg orda i si makt og utnemnde blant anna «Mangerkjerko» til Domkyrkje.
Ayla måtte avlivast
MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.
Lathi på Everest for andre gong
Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.
Tok årets første bad
MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.
Tog og is uansett ver og vind
Frå venstre Linnea, Daniel og Sara er klare både for tog og mange isar, sjølv om sola ikkje vil titta fram på nasjonaldagen.
Siste kortnytt
- Kjørte i eit tre [18.05.13 18:52]
- I fjellveggen i Eikefettunnelen [18.05.13 18:52]
- 17.mai på Kvalheim [16.05.13 10:52]
- NBK berga poenget [11.05.13 18:38]
- Ny rektor på Årås [11.05.13 18:29]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- – Endeleg ope att! [07.05.13 10:40]
- Feirar Wergeland [07.05.13 10:34]
- Ny aktør på vegvedlikehald [01.05.13 17:10]
- Pengar til Nordhordlandspakken [01.05.13 17:06]
- To bilar i smell ved Mastrevik torg [01.05.13 08:47]
- Brennpunkt frå Fedje om U864 [29.04.13 15:49]
- Knuffing på Lindås [30.04.13 14:11]
- Utan førarkort i Knarvik [30.04.13 14:37]
- Båt stolen på Radøy [29.04.13 14:02]
- Skiklubben står for ekstremløp [26.04.13 15:36]
- Hugs fristen for sjølvmeldinga [26.04.13 13:38]
- Sitkadugnad i Austrheim [26.04.13 13:34]
- Luftsport på nett [22.04.13 11:35]
- Banknedlegginga på Lindås vedtatt [22.04.13 12:30]
Mest lest
- Nordhordlending funnen død på danskebåten [23.04.13 01:30]
- Kontrollutvalet vil gå til politiet, kommunen ut med pressemelding [01.05.13 17:33]
- Trippelsmell i Isdalstø [13.05.13 15:50]
- Diskusjon om million-utbetalingar bak lukka dører i Austrheim [01.05.13 17:32]
- Snøtrøbbel i trafikken [03.05.13 13:49]
- Fire på sjukehus etter kollisjon på Radøy [19.04.13 10:46]
- Kai på plass i rekordfart [08.05.13 19:28]
- Tog og is uansett ver og vind [17.05.13 12:17]
- Sakna seglbåt sett i Nordhordland [04.05.13 10:26]
- Tvil om habiliteten til rådmannen i dobbeltutbetaling [07.05.13 18:16]
- Konkurrerte i mekking [24.04.13 10:28]
- Støyande russefrukost [08.05.13 10:07]
- Brennpunkt om U864-utgreiinga [01.05.13 08:50]
- Sende Hakkebakkeskogen til nye høgder [21.04.13 18:54]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- Fekk eit gudsord med på turen [09.05.13 19:28]
- Kurt Nilsen til Kraftspela [11.05.13 18:26]
- Nysnøkaos på 1. mai [02.05.13 15:36]
- Bondeknølar og byfolk [04.05.13 22:29]
- Mongstad evakuert [07.05.13 14:07]
Mest tipset
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Fekk 97 sider dialektord til jul [10.01.11 13:15]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]





