Strilen / Kultur / Trylla seg til Trondheim
Brukernavn 
Passord 
 
Trylla seg  til Trondheim

Trylla seg til Trondheim

For Mats Skjerve og Thomas Fonnes er det ingenting som er kjekkare enn å saga opp folk og sånt, og i helga vaks fanklubben.

Publisert 24.06.10 11:05
Endret 24.06.10 11:04

I helga var det Festivalshow i Trondheim for alle som i vår gjekk vidare til landsfinalen i Ungdommens Kulturmønstring. Blant desse var Ida Rogde frå Lindås og dei to femten år gamle tryllekunstnarane Mats og Thomas frå Austrheim.

Alle er vinnarar
– Det er ingen som vinn i landsmønstringa, alle har vunne ved å koma dit, forklarer Mats.
For å koma dit, må ein først gå vidare frå ei lokalmønstring til ei fylkesmønstring, og så derifrå til landsmønstringa. Og det er litt av eit nålauga.

– Ja, det var kjempemange flinke folk der. Berre ein tryllekunstnar utanom oss rett nok, men mange flinke songarar, dansarar og andre. Ein av dei beste dansarane sa han var stor fan av oss, smiler Mats.

Trylla og lærte
Mats og Thomas hadde trylleshowet sitt søndag, resten av tida brukte dei til å sjå på andre og læra. På workshopen møtte dei fleire kjendisar og lærte blant anna korleis ein skal vera konferansier. Og det kan koma vel med i og med at Mats og Thomas pratar seg imellom og med publikum under showa sine i staden for å kjøra bakgrunnsmusikk. Presentasjonen har dei laga sjølv.

– Er de alvorlege eller morosame?
– Me prøver å vera morosame, ler han og legg til at tilbakemeldingane dei får faktisk er at dei er morosame og underhaldande.

I Trondheim vart alle triksa deira filma og vist på storskjerm, og det måtte Mats og Thomas ta omsyn til når dei valte tryllenummer.

– Me valte triks som passa både på ei scene og som kunne filmast nært, seier Mats.

Tek gjerne oppdrag
Dei to karane begynte å trylla for tre år sidan, og har hatt femten betalte oppdrag sidan den gong. Neste oppdrag er 10. oktober, og fleire vert mottatt med takk.

– Det neste vert vel Norske Talenter, no då?
– Trur ikkje det. Er ikkje så gode, trur eg, seier Mats og dreg på det.

– Men du har lyst?
– Jaaaa, eg har vel det, men det spørst om eg ikkje bør satsa litt på vidaregåande neste år og la tryllinga vera ein hobby, kjem han til.

Måtte prioritera
Den andre som kom seg gjennom nålauga til landsmønstringa var 18 år gamle Ida Ragde frå Myking. Ho måtte prioritera skule og jobb, og sende dermed teikninga si til Trondheim åleine.

– Av og til vert det berre for travelt, seier ho.

Under lokalmønstringa på Austrheim stilte ho ut tre teikningar, men det var det eine ho gjekk vidare med til fylkesmønstringa i Grieghallen og deretter til Trondheim. Motivet var sommarfuglar.

– Eg hadde ingen planar om å melda meg på mønstringa i heile tatt, men vart sterkt anbefalt å gjera det av ein kompis som tek mykje bilde, seier ho.  Og det angrar ho ikkje på.

– No har eg faktisk fått så mykje sjølvtillit at eg har søkt på visuell kommunikasjon på Westerdals School of Communication, ein av Nordens leiande kreative utdanningsmiljø. Den skulen er tøff å koma inn på, og eg hadde eg ikkje våga å søkja om eg ikkje hadde vore med på UKM, seier ho. No skal ho bu i Oslo i tre år, og få læra meir om det ho likar aller best. Og det gler ho seg stort til.

FLAGRAR: Utsnitt av teikninga til Ida Rogde. Den viser tre sommarfuglar. FLAGRAR: Utsnitt av teikninga til Ida Rogde. Den viser tre sommarfuglar.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler