Varme hjul og vågale stunt
KNARVIK: – Dette er noko me kjem til å hugsa lenge, seier Aileen Remme (14) og Karoline Lygre (21).
Endret 08.08.12 17:58
På fredag såg dei på Hot Wheel Brothers-motorshowet som med mykje fart og spenning fann stad på Knarvik-kaien. Her fekk dei ei ekstra oppleving då brørne leita etter to jenter til å delta på eit stunt der bilen kjører på to hjul.
– Det var gøy! er jentene einige om.
Sjølv om dei blei slengt litt rundt omkring i baksetet på bilen, synest dei ikkje opplevinga var særleg skummel.
– Det var ikkje så skummelt, det var gøy, seier Lygre.
Jentene kan likevel fortelja at dei sjølvsagt merka kribling i magen.
Monstertruck og motorsykkel
Med monstertruck, motorsyklar, flammar, smell og dristige stunt gav Hot Wheel Brothers også ei oppleving til dei andre oppmøtte. Kameratane Elias Brakstad (6) og Marius Jay Dommernes (7) var blant dei som var ekstra gira.
– Me elskar crossmotorsyklar! Eg skal byrja på cross etter sommaren, seier Elias Brakstad, som har fått ekstra entusiasme frå motorshowet og nesten ikkje kan stå stille i pausen. Det er altfor mange motorsyklar å sjå på!
Det var ikkje berre cross-syklane som fekk Elias og Marius Jay si merksemd.
– Eg likar best å sjå monstertrucken og motorsyklane som kan hoppa langt, seier Marius Jay Dommernes.
Også Belinda Zalewsky, mor til Elias, er nøgd med showet.
– Eg syns dette er kjempegøy! seier ho til Strilen.
Glad for god respons
– Publikum i Noreg er meir entusiastiske enn i andre land me reiser i, kan Michael Lemoine fortelja.
Dermed hadde også Hot Wheel Brothers, som er i sin fjerde månad av Europa-turneen, det kjekt blant det hoiande publikummet i Knarvik.
– Me treng den gode responsen frå publikum for å gje litt ekstra fart på bana, seier Douglas Lemoine.
Sjølv om både Douglas og dei andre i Lemoine-familien treng støtta frå publikum, betyr ikkje det at dei er redde, trass i at dei har knekt både armar og bein tidlegare.
– Eg er ikkje redd når eg utfører stunt. Dette er det eg har vakse opp med sidan eg var seks år gammal, seier Douglas Lemoine til Strilen.
Tok årets første bad
MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.
Tog og is uansett ver og vind
Frå venstre Linnea, Daniel og Sara er klare både for tog og mange isar, sjølv om sola ikkje vil titta fram på nasjonaldagen.
Til NM med tidenes verste fødsel
Fedje Teaterlag er kvalifiserte til noregsmeisterskapen i revy på Høylandet.
- Elvemuslingen er ikkje daud!
MELAND: I fjor frykta Mjåtveitelvens forening at elvemuslingen var utdøydd frå elva. Denne veka kom gladnyheiten. Det er funne elvemuslingslarver på aure i elva.
Siste kortnytt
- Kjørte i eit tre [18.05.13 18:52]
- I fjellveggen i Eikefettunnelen [18.05.13 18:52]
- 17.mai på Kvalheim [16.05.13 10:52]
- NBK berga poenget [11.05.13 18:38]
- Ny rektor på Årås [11.05.13 18:29]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- – Endeleg ope att! [07.05.13 10:40]
- Feirar Wergeland [07.05.13 10:34]
- Ny aktør på vegvedlikehald [01.05.13 17:10]
- Pengar til Nordhordlandspakken [01.05.13 17:06]
- To bilar i smell ved Mastrevik torg [01.05.13 08:47]
- Brennpunkt frå Fedje om U864 [29.04.13 15:49]
- Knuffing på Lindås [30.04.13 14:11]
- Utan førarkort i Knarvik [30.04.13 14:37]
- Båt stolen på Radøy [29.04.13 14:02]
- Skiklubben står for ekstremløp [26.04.13 15:36]
- Hugs fristen for sjølvmeldinga [26.04.13 13:38]
- Sitkadugnad i Austrheim [26.04.13 13:34]
- Luftsport på nett [22.04.13 11:35]
- Banknedlegginga på Lindås vedtatt [22.04.13 12:30]
Mest lest
- Nordhordlending funnen død på danskebåten [23.04.13 01:30]
- Fire på sjukehus etter kollisjon på Radøy [19.04.13 10:46]
- Kontrollutvalet vil gå til politiet, kommunen ut med pressemelding [01.05.13 17:33]
- Trippelsmell i Isdalstø [13.05.13 15:50]
- Diskusjon om million-utbetalingar bak lukka dører i Austrheim [01.05.13 17:32]
- Snøtrøbbel i trafikken [03.05.13 13:49]
- Kai på plass i rekordfart [08.05.13 19:28]
- Einebustad brann ned til grunnen [18.04.13 13:25]
- Sakna seglbåt sett i Nordhordland [04.05.13 10:26]
- Tog og is uansett ver og vind [17.05.13 12:17]
- Tvil om habiliteten til rådmannen i dobbeltutbetaling [07.05.13 18:16]
- Konkurrerte i mekking [24.04.13 10:28]
- Støyande russefrukost [08.05.13 10:07]
- Brennpunkt om U864-utgreiinga [01.05.13 08:50]
- Sende Hakkebakkeskogen til nye høgder [21.04.13 18:54]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- Fekk eit gudsord med på turen [09.05.13 19:28]
- Nysnøkaos på 1. mai [02.05.13 15:36]
- Bondeknølar og byfolk [04.05.13 22:29]
- Kurt Nilsen til Kraftspela [11.05.13 18:26]
Mest tipset
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Fekk 97 sider dialektord til jul [10.01.11 13:15]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]





