Alvorlege skuldingar
Avfallet etter Vest Tank-eksplosjonane er på ny i fokus.
Endret 03.03.10 17:04
NRK har «avslørt» at alt restavfallet ikkje skal ha vorte sendt til destruksjon i Tyskland, slik Alexela Sløvåg sa i ei pressemelding for kring tre veker sidan. Om Wergeland-Halsvik har brent delar av avfallet som skulle til Tyskland, slik NRK påstår, hadde Klima- og forureiningsdirektoratet (KLIF, tidlegare SFT) venta å verta orientert.
Hans Wergeland opplyser at det som er brent, er delvis deira avfall. Det er oljemudrestar som ikkje skulle til Tyskland, og som Wergeland-Halsvik har lov til å brenna, har Strilen fått opplyst.
Ein av NRK sine påstandar er at tilsette hjå Wergeland-Halsvik skal ha vorte sjuke under brenninga av avfallet, som skjedde for tre veker sidan. Det er reint oppspinn, seier både eigar Hans Wergeland og dagleg leiar Lars Hellandsjø. Sistnemnde valde å seia seg opp på dei tider, utan at han vil svara på om oppseiinga har noko med brenninga å gjera.
Om nokon har vorte sjuke ved brenning, er det alvorleg uansett kva avfall som er brent. Haukeland universitetssjukehus har ansvaret for helseundersøkinga etter eksplosjonane i Sløvåg. Etter vårt syn bør dei føreta ei undersøking, slik kommunelegen i Gulen har bede om vert vurdert. Uansett bør påstandar om sjukdom ved brenning anten stadfestast eller avkreftast så snart som råd.
«Det er ikkje rart at folk ikkje vil bu i Gulen», seier leiaren i Miljøvernforbundet, Kurt Oddekalv, som har meldt Wergeland-Halsvik til Økokrim. Under-forstått viser han til det han ser som forureinande bedrifter i Sløvåg. Til Oddekalv si orientering kan me opplysa at folketalet auka i Gulen i fjor.
Etter dei alvorlege eksplosjonane er det heilt på sin plass at media og miljørørsla set eit kritisk søkjelys på det som skjedde, helseskadar og ny aktivitet. Men om det kjem fram urette opplysningar, må media korrigera desse eller eventuelt stilla opp for Pressens Faglege Utval og forsvara seg.
KLIF og politiet bør raskast råd avklara om det har skjedd brot på reglar eller lover i Sløvåg. Etter påstandane som har kome fram, er det viktig å gå grundig til verks, også med fysiske kontrollar. Alexela og Wergeland-Halsvik må stå til ansvar om dei har gjort noko gale. I høve til å driva forsvarleg forretning går me ut frå at selskapa meir enn nokon annan legg seg i selen for å oppfylla alle reglar og påbod.
Om styresmaktene avdekkar at så er tilfelle, må aktørane i Sløvåg også ha rett på å verta stempla «friskmeld».
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






