Strilen / Leiar / Arrangement å satsa på
Brukernavn 
Passord 
 

Arrangement å satsa på

Havsportveka i Austrheim starta opp i går. Etter oppstarten i 2009 er aktivitetane utvida og planen er at arrangementet skal verta ei årleg hending.

Publisert 11.08.10 18:04
Endret 11.08.10 18:04

Blant aktivitetane er dykking, havrafting, jollesegling, jetski, vasscooter, havkajakk og segling i tilllegg til fiskeaktivitetar.  Aktivitetane går på dagtid, og på kvelden er det konsertar og sosiale aktivitetar.

På den første havsportveka den vesle øykommunen fekk i gang, var ikkje forventningane så store i høve til tilstrøyming. Men arrangørane kunne gleda seg over kring 2300 besøkjande. Kring 80 frivillige ordna med planlegging og gjennomføring. I godt vêr gjekk arrangementet over all forventning og vart ein suksess. Det viste seg at øykommunen hadde funne ei nisje som etter alle solemerke er liv laga å satsa vidare på. Me tvilar på at nokon vil prøva å «stela» opplegget.

Veka har også fått sitt internasjonale namn - «Nordic Oceansport Week». Det synest me er heilt flott og eigna til å trekkja besøkjande frå andre land. Havsportveka har si eiga friske heimeside og er også på Facebook og Twitter. Dersom ein googlar det ferske arrangementet, finn ein naturleg nok omtale i lokale media, men også i fagblad som Dykking og andre stader. Det er klare døme på at marknadsføringa av veka er god og har truffe mange aktuelle grupper. August er nok også ein grei månad for arrangementet, med god temperatur. Om det er sol eller regn er aldri lett å gå ut frå på Vestlandet. Men deltakarane treng ikkje sol og blå himmel for å trivast og få lyst til å koma tilbake.

 Å dra i gang og halda i gang lokale arrangement er viktig for reiselivet i alle regionar. Me håpar Havsportveka kjem godt ut økonomisk slik at ein kan halda fram. I startfasen er det viktig at kommunen ser eit ansvar for å bidra. Med synest grunnlaget for eit landskjend arrangement er lagt. At arrangørane har ambisjonane i orden er lovande. For kvifor skal ikkje Havsportveka verta like stor og kjend som Ekstremsportveko på Voss?


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler