Bør velsignast
På Manger er det no utarbeidd ein ny plan for utbygging på tomta vis a vis dagens senter.
Endret 10.07.12 10:25
Forretningsbygget er flytta på langs av tomta. Det har også fått ein avstand på 60 meter til kyrkja, som både biskopen og andre instansar har sett som vilkår for ikkje å protestera mot planane. Det nye hovudbygget på tomta er utvida med ein etasje for å få plass til 12 leilegheiter på toppen.
Me trur det er fornuftig å satsa på planen, som no ligg ute til høyring. For kort avstand til kyrkja var eit ankepunkt mot den førre planen. Det er på sett og vis eit tankekors når kyrkja sine organ dei fleste stader ønskjer ein nærleik til eit pulserande senter. Ut frå teikningane vel me å konkludera med at den nye løysinga bør vera akseptabel for alle partar. Kyrkja sine folk bør også sjå mulegheiter i ei tomt som kan opna både for kyrkjelydshus og fleire parkeringsplassar. Dei som måtte vera skeptiske til planen, eller vil vita meir, vert oppmoda om å gå på det opne bygdemøtet på rådhuset om vel ein månad. Det er ein måte å påverka ein plan som kan verta godkjend av kommunestyret.
Ein potensiell leigetakar i eit nytt bygg på Manger, er Rema 1000, som treng større lokale. Alternativet ville truleg vera eit nybygg lenger borte frå dagens senter, noko me held fast ved ikkje er den beste løysinga. Manger senter er alt i dag såpass spreidd at det neppe nokon gong vert samla under eit glastak som til dømes i Knarvik eller Mastrevik. Når ein aktør gjev grunnlag for eit nytt forretningsbygg, bør kommunen så raskt som råd prøva å medverka til det. Leilegheiter på toppen vil høgst truleg styrkja prosjektet sin sjanse til å verta realisert. Kanskje andre bygg i senterområdet kan gå litt i høgda for å få nye leilegheiter? Fleire innbyggjarar sentralt på Manger tyder også fleire kundar både til etablerte og nye butikkar på Manger. Og det trengst.
Tok årets første bad
MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.
Tog og is uansett ver og vind
Frå venstre Linnea, Daniel og Sara er klare både for tog og mange isar, sjølv om sola ikkje vil titta fram på nasjonaldagen.
Til NM med tidenes verste fødsel
Fedje Teaterlag er kvalifiserte til noregsmeisterskapen i revy på Høylandet.
- Elvemuslingen er ikkje daud!
MELAND: I fjor frykta Mjåtveitelvens forening at elvemuslingen var utdøydd frå elva. Denne veka kom gladnyheiten. Det er funne elvemuslingslarver på aure i elva.
Siste kortnytt
- Kjørte i eit tre [18.05.13 18:52]
- I fjellveggen i Eikefettunnelen [18.05.13 18:52]
- 17.mai på Kvalheim [16.05.13 10:52]
- NBK berga poenget [11.05.13 18:38]
- Ny rektor på Årås [11.05.13 18:29]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- – Endeleg ope att! [07.05.13 10:40]
- Feirar Wergeland [07.05.13 10:34]
- Ny aktør på vegvedlikehald [01.05.13 17:10]
- Pengar til Nordhordlandspakken [01.05.13 17:06]
- To bilar i smell ved Mastrevik torg [01.05.13 08:47]
- Brennpunkt frå Fedje om U864 [29.04.13 15:49]
- Knuffing på Lindås [30.04.13 14:11]
- Utan førarkort i Knarvik [30.04.13 14:37]
- Båt stolen på Radøy [29.04.13 14:02]
- Skiklubben står for ekstremløp [26.04.13 15:36]
- Hugs fristen for sjølvmeldinga [26.04.13 13:38]
- Sitkadugnad i Austrheim [26.04.13 13:34]
- Luftsport på nett [22.04.13 11:35]
- Banknedlegginga på Lindås vedtatt [22.04.13 12:30]
Mest lest
- Nordhordlending funnen død på danskebåten [23.04.13 01:30]
- Fire på sjukehus etter kollisjon på Radøy [19.04.13 10:46]
- Kontrollutvalet vil gå til politiet, kommunen ut med pressemelding [01.05.13 17:33]
- Trippelsmell i Isdalstø [13.05.13 15:50]
- Diskusjon om million-utbetalingar bak lukka dører i Austrheim [01.05.13 17:32]
- Snøtrøbbel i trafikken [03.05.13 13:49]
- Kai på plass i rekordfart [08.05.13 19:28]
- Einebustad brann ned til grunnen [18.04.13 13:25]
- Sakna seglbåt sett i Nordhordland [04.05.13 10:26]
- Tog og is uansett ver og vind [17.05.13 12:17]
- Tvil om habiliteten til rådmannen i dobbeltutbetaling [07.05.13 18:16]
- Konkurrerte i mekking [24.04.13 10:28]
- Støyande russefrukost [08.05.13 10:07]
- Brennpunkt om U864-utgreiinga [01.05.13 08:50]
- Sende Hakkebakkeskogen til nye høgder [21.04.13 18:54]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- Fekk eit gudsord med på turen [09.05.13 19:28]
- Bondeknølar og byfolk [04.05.13 22:29]
- Nysnøkaos på 1. mai [02.05.13 15:36]
- Kurt Nilsen til Kraftspela [11.05.13 18:26]
Mest tipset
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Fekk 97 sider dialektord til jul [10.01.11 13:15]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]





