Bruk luftrommet!
Delar av framtidas Knarvik skal avklarast i det som heiter «Knarvik sentrum områdeplan».
Endret 20.01.12 18:03
Den skal opp til ny første gongs behandling i Plan- og miljøutvalet komande onsdag. I september utsette dei «gamle» politikarane å leggja planen ut til offentleg høyring, og det same gjorde dei nyvalde politikarane i november.
Det nye utvalet vil sjå sentrumsplanen og tunnel Knarvik/Isdalstø i samanheng. Det synest me er fornuftig. Alt tyder på at denne tunnelen må koma, anten som del av ein ny bompengepakke eller ved ordinær løyving. Det har kome innspel om ny Skysstasjon der tunnelen kjem ut i Knarvik. Me synest også det er fornuftig. Lindås må setja inn ressursar på å få ein framtidsretta plan for dette området. Når dei fleste ser at utløpet av ein tunnel må koma her, krev det også riving av ein gammal og nedsliten barneskule som kommunen må erstatta.
Få og fylkeskommunen med på at den om lag like gamle «yrkesskulen» må rivast. Det vil opna eit stort areal i Knarvik der ein del går med til trafikkmaskin. Men det bør og vera plass for ny Skysstasjon, og høghus som kan innehalda næring og kontor for nye arbeidsplassar. Har Lindås ein klar plan, trur me private investorar vil sjå potensialet.
Ved dagens Skysstasjon ser fleire konsulentar i Bergen for seg at eksisterande bygg kan rivast. Det skal gje plass til det kulturhuset som Knarvik lenge har mangla. Sjølv om ei kombinert offentleg/privat satsing kan tenkjast, er me i tvil om kulturhus her er beste løysinga. Det kan vera realistisk ein gong i framtida, etter at Lindås er ferdig med å byggja skular for nokre hundre millionar.
Tomt for kulturhus må likevel på plass, i ein eller annan av fleire planar Knarvik er delt opp i. Om tomt vert avsett ved dagens Skysstasjon, er me redd det låser eit verdifullt område for lenge. Er kanskje Knarvikhøgda mellom den vidaregåande skulen og dagens barneskule stor nok til kulturhus og utviding av den vidaregåande skulen? Uansett må ein sentrumsplan opna for at større delar av luftrommet i Knarvik vert tatt i bruk, gjerne med bygg på opp til åtte-ni etasjar for kontor og bustader. Slike bygg treng ikkje påverka dagens bustadmiljø i Knarvik negativt, og kan gje plass for både nye innbyggjarar og arbeidsplassar som ein ny rapport for Bergensregionen ser grunnlag for.
På eitt eller anna tidspunkt må politikarane i Lindås ta steget og seia ja til at Knarvik skal verta ein småby
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]






