Strilen / Leiar / Bygg likevel!
Brukernavn 
Passord 
 

Bygg likevel!

Del | |

I førre veka vart det klart at den planlagde kyrkja i Knarvik vert 13  millionar kroner dyrare enn ramma på 70 millionar frå politikarane.

Publisert 29.11.11 11:33
Endret 29.11.11 11:33

Lindås kyrkjeleg fellesråd skal stå for bygging og drift, medan kommunen garanterer for betaling av avdrag og renter på lånet som vert tatt opp. Fellesrådet innser at byggjestart vert forseinka, men håpar ein kan følgja planane. Om ein skal gjera det, eller starta på nytt med ei mindre og billegare kyrkje, må avklarast så snart som råd.

For vår del kom ikkje overskridinga direkte overraskande. Ein ser, som fellesrådet påpeikar, at det er høg aktivitet i byggjebransjen. Me hugsar at ein medlem av det førre formannskapet uttrykte frykt for at prisen ville dobla seg til kring 150 millionar kroner. No er det snakk om i alle fall 13 millionar, og det ut frå konkrete og ferske anbod som fellesrådet har på bordet og kan passa på vert følgde.

Lindås har også store ambisjonar når det gjeld investeringar i blant anna skular og demens-omsorg. Argumenta står dermed i kø for å gå bort frå dagens prosjekt og få utarbeidd andre planar som gjer at ei ny kyrkje kostar 70 millionar kroner – basta! Me er likevel i tvil om det er det rette. Vårt råd er å godta anboda og gå i gang – men forsikra seg om at ein har ei oppfølging av bygginga som gjer at sluttrekninga ikkje vert høgare enn 90 millionar kroner.

Ein viktig grunn til vårt råd, er at det alt er bokført utgifter til dagens prosjekt. Ein annan grunn er at utforminga som vart vald, er godt motteken blant innbyggjarane. Ein tredje grunn er at kommunen har bunde opp midlar i veg og vatn fram til tomta. Ein fjerde grunn er at Knarvik som regionsenter  har venta lenge på ei kyrkje – og får eit bygg som kan vera i bruk sju dagar i veka.

Dersom eit fleirtal i kommunestyret går med å på utvida opptaket av lån, må dei same politikarane vera krystallklare på kva dette går ut over. Dei bygder som høgst truleg må venta litt lenger på ein ny skule eller opprusting, må få vita dette. Det må dei gjennom ein økonomiplan der Lindås ikkje tek seg vatn over hovudet. Den planen bør og seia noko om heilt nødvendig vedlikehald av dei mange tilårskomne kyrkjene som kommunen har frå før.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler